Vågå kyrkje. Foto: Kai Hansen (2011)
Vågåkyrkja er ei korskyrkje som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var Werner Olsen. Kyrkja erstatta ei gamal stavkyrkje med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta tårnhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. Ho er soknekyrkje for Vågå sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Vågå prestegjeld.
Ved bygginga vart det nytta trevirke frå den gamle kyrkja i den nye. Vi finn utskorne veggplankar frå gamlekyrkja oppsett ved hvoudinngangen til nykyrkja. Dørringen kan vera frå mellomalderen. Sørportalen er litt avskoren i øvre kanten, truleg for at han skulle passe inn i veggsystemet i nykyrkja. Utskjeringane i delane frå gamlekyrkja blir tidfesta til 1100-talet. Les mer …
Tingvoll kyrkje Foto: Arve Holmeide
Tingvoll kyrkje (lokal uttale /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔ/ (nominativ/akkusativ) / /"tiŋvɔʎ:ˌçerçɔɲ:/ (dativ)) på Tingvoll på Nordmøre er ei steinkyrkje som vart bygd kring 1180 i romansk stil. Ho er ei av dei gamle steinkyrkjene som vart bygd i Noreg gjennom tidene som enno står og framleis er i bruk. Kyrkja og det store vinkelrette våningshuset i nærheita ligg på eit sentralt plassert på nordsida av Tingvollvågen.
I eldre tider var Tingvoll truleg tingstad for Nordmøre, og det er difor ikkje unaturleg at kyrkja vart bygd her. Veggene i kyrkja er opptil 1,8 meter tjukke og har gangar inni, både på nordsida og sørsida. Dei går i trappetrinn bratt opp til murkrona oppunder sperrverket og så like bratt ned att. Det er eit mysterium kvifor dei vart bygde. Les mer …
Jostedal kyrkje i 1926. Originalen finst hos Norsk Folkemuseum. Jostedal kyrkje står ved Jostedøla i Jostedalen i Luster kommune i Sogn og Fjordane. Det er ei langkyrkje i tre som stod ferdig i 1660. Kyrkja er soknekyrkje i Jostedal sokn i Indre Sogn prosti, og var tidlegare hovudkyrkje i Jostedal prestegjeld. 1660-kyrkja er den andre kjende kyrkja på staden. Den fyrste var truleg ei stavkyrkje som vart bygd i mellomalderen, kanskje på 1200-talet. Mellomalderkykja er kjend frå to dokument daterte til 1318/19 og 1322/23 som fortel at Jostedalen hadde kyrkje og prest. Ein gong etter Svartedauden vart Jostedalen lagt øyde, og bygda vart truleg ikkje teken opp att før i andre halvdel av 1500-talet. Les mer …
|