Det rekonstruerte bronsealderhuset i fortidslandsbyen på Forsandmoen. Huset har leirklinte, doble flettverksvegger og stråtak. Leirkliningen er ei blanding av blåleire, sand, finhakka malm og kumøk. Huset er bygd av rundtømmer som er hogd i Forsand og nabokommunane, og utan bruk av spiker.
Forsandlandsbyen var ei busetjing på Forsandmoen i Forsand kommune i bronsealder og eldre jernalder. Dette er den første førhistoriske landsbyen som er undersøkt i Noreg. Studiar av stadnamna i området indikerer at namnet Landa blei nytta om busetjinga her. Fleire hus er rekonstruerte, og publikum kan besøka fortidslandsbyen Landa for å få inntrykk av korleis folk budde og skaffa seg det dei trong. Arkeologisk museum i Stavanger undersøkte i 1980 ei gravrøys på Forsandmoen. Det kom då for dagen busetjingsspor, noko som blei innleiinga til eit prosjekt som pågjekk fram til 1990 under leiing av arkeologen Trond Løken. For første gong blei flateavdekking nytta i stor skala ved arkeologiske granskingar her til lands. Metoden går ut på å fjerna dyrkingslaget med maskin for å kunna finna spor etter busetjing i undergrunnen. Les mer …
Gabriel T. Espedal (født 16. februar 1887 i Forsand, død 18. januar 1967) var fotograf.
Sønn av gårdbruker Torstein Nielsen Espedal og Rakel. Gift 1910 med Pauline Roth, datter av Bertel Nilsen Roth og Berte. En sønn, to døtre. Utlært i USA, hadde egen forretning der ca. 14 år. Utførte fotografisk arbeid for den amerikanske regjering under verdenskrigen. Les mer …
Einar Aarrestad Foto: Norske skolefolk (1952) Einar Aarrestad (fødd 26. juni 1902 i Hetland kommune ved Stavanger, død 31. mai 1989) var lærar, klokkar og aktiv fråhaldsmann.
Han var son av lærar P.A. Aarrestad og Elisa Bertine f. Dyskeland. Einar Aarrestad tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1926.
Aarrestad var vikar i krinsane Talje og Hidle på Sjernarøy i to år, dinest var han eitt år ved Vigrestad folke- og framhaldsskule og eitt år ved Frue framhaldsskule. I åra 1932-40 var han tilsett ved Tine framhaldsskule, og var frå kring 1940 til 1947 ved Roaldsøy folkeskule i Hetland. Etterpå arbeidde han som lærar og skulestyrer ved Hommersåk folkeskule i Riska, i noverande Sandnes kommune. Les mer …
Jon Sørensen og familien. Foto: 1910-åra (Akershusmuseet/Digitalt Museum)
Jon Sørensen (fødd i Sandnes 23. august 1868, død i Ullensaker 1936) var lærar, fylkesskule- og folkehøgskulemann. Han var det ein kan kalle ein skuleentreprenør, ein av dei nokså mange i samtida som grunnla og leia privatskular på idealistisk grunnlag. Mange av dei gjorde seg også sterkt gjeldande innan det offentlege skulesystemet, og det gjeld i høg grad Jon Sørensen. Det meste av yrkeskarrieren sin hadde han på Romerike, og mest kjend er han som eigar og styrar av Eidsvoll folkehøgskole 1908-1918. Dette vart i samtid og ettertid vurdert som eit særs vellykka tiltak. Men eit samanfall av familiekrise og dyrtid under fyrste verdskrigen, gjorde at Sørensen gav opp prosjektet og la ned skulen. Han gjekk deretter igjen over i det offentlege skuleverket. Les mer …
|