Abel Cathrine Amundson. Bilete frå boka The first chapter of Norwegian immigration av sonen Rasmus B. Anderson.
Abel Cathrine Amundson (født 8. oktober 1809 i Sandeid i Vindafjord, død 31. oktober 1885 i Northwood, Iowa) var gardkone og utvandrar. Ho og ektemannen var mellom dei fyrste utvandrarane til USA frå Norge, berre eit drygt tiår etter pionerane på sluppen «Restauration». Dei budde i fleire av dei norske nybyggjarkoloniane i Midtvesten i 1830- og 1840-åra. Ektemannen Bjørn og sonen Bruun døydde båe i ein koleraepidemi i august 1850. Etter at ektemannen døydde, fekk Abel Cathrine alle barna med unntak av eldstesonen døypt av en dansk metodistprest, men seinare vart ho medlem av den lutherske kyrkja i Dane County. Ho gifta seg på nytt i 1854 med Bright Amundson frå Stavanger, og dei levde saman fram til han døydde i 1861. Les mer …
Her vert «Nilfisk» sjøsett. (1974)
MB «Nilfisk» M-4-G, bygd i 1974 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Møre og Romsdal, for Kjell E., Atle O. og Karsten K. Molnes, 6040 Vigra. Kjenningssignal: JXAA. I fiskeriregistret for 1980 står båten med desse måla i meter, L/br/dj – 16,8/5,0/2,1. Tonn: 31 br.t. og 10 n.t. i tabellen til fiskeriregisteret er 16,8 m 53,5 fot . Motor Deutz , år 67 på 212 Hk.
«Nilfisk» var den største båten bygd på laminerte spant. Lengda på denne båten var større enn lengda på risseplanet som var i andre etasje på verkstadbygget. Difor måtte linjetegninga gjerast i størrelse 75% og overføring til spanterisset opprekna til 100%. Grunnen til det er at spantemodellane sjølvsagt må vera i full størrelse, dei skulle og brukast til å stille inn spantepressa.
Huda var av fure, natene var utfresa og med innlimd list. Dekket var nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe, lukekarm og overbygg i aluminium. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er, tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1940-50 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik. Les mer …
Kystlaget Romsa som vart stifta i 1999, har tatt namn etter ei fråflytta øygruppe i tidlegare Ølen kommune (no Vindafjord kommune). På første del av 1900-talet var der eit aktivt samfunn på øyane med bortimot 80 fastbuande på det meste. Rundt 1960 var det slutt, og sistemann flytta til fastlandet. No er øyane offentleg friluftsområde, men minnene står att og overalt finn ein spor etter fiskarbondekulturen der åkerlappen saman med sjøbruket gav utkome i det daglege. Laget er medlem i Forbundet KYSTEN. Les mer …
Ferkingstad gamle kyrkjegard. Foto: Jan-Tore Egge (2018)
Ferkingstad gamle kyrkjegard ligg på garden Ferkingstad på Karmøy, nokre hundre meter opp frå Ferkingstadhamn. Kyrkja på Ferkingstad er ikkje omtalt i noko bevart dokument frå mellomalderen, men når det finst nemnt prest og kyrkje her i 1563, kan vi trygt gå ut frå at kyrkja skriv seg frå før 1350 (folketapet som følgje av svartedauden og seinare pestepidemiar medførte at kyrkjebygginga stoppa så godt som heilt opp etter 1350). Kyrkjegardsmuren på Ferkingstad var opphavleg om lag rund med ein diameter på kring 45 meter. Han er 1-1,5 meter høg og ca. 1 meter brei. Utvidingar har gitt muren rette vinklar i vest. Det er ingenting i terrenget som tilseier at kyrkjegarden burde vera sirkelforma. Å bruka rund form må derfor ha vore eit val ein tok uavhengig av landskapet. Les mer …
|