Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les meir ...

 
Smakebitar frå artiklar
Glidbjørg 1965, Systog til høgre. Stoga frå 1943 brann i 1978. Olav S. Glidbjørg døydde som fylgje av denne brannen.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Systog Glidbjørg i Bykle kommune kom til i 1920, då Olav Sigbjørnsson kaupte ein parsell av Glidbjørg hjå broren Hallvard, og sette i gang med bureising i sørenden av Glidbjørgeigedomen. Dette bureisingsbruket, som fekk bnr 13 og ei skyld på 5 øre, vart kalla Systog, medan bnr 11 sidan vart heitande Nordstog. Systog vart i 1953 oppgjeve til å ha 31 mål dyrka jord og 50 mål produktiv skog.

Olav braut opp alle dei godt og vel 30 måla med jorde med handmakt, forutan å byggje mykje hus. Dei fyrste husa han hadde bygt på bruket vart etter kvart for små, så i 1940 sette han opp ny uthusbygning, og i 1943 fylgde den nye bustadbygningen, ei setesdalsstoge i 1 1/2 høgde med ei grunnflate på 13 x 6 m. Etter Norges Bebyggelse var buskapen på bruket i 1953 på 1 hest, 5 kyr, 5 kalvar, 5 sauer og 23 geiter.

På bakgrunn av innsatsen sin på bruket vart Olav i 1951 tildela Ny Jords diplom for bureisarar.   Les mer …

Myri 1965.
Foto: Fjellanger- Widerøe

Myri ligg i terrenget mellom Gjerdentunet og Kanada, beint sørom Lii-plassen, på motsett side av Jarevegen i høve til denne. Bruket vart ikkje matrikulert for seg sjølv fyrr i 1987, derav det høge bruksnummeret, men etter det me skjønar var det likevel sjølveigarbruk frå 1915, eller kanskje endå eitt år eller to lenger attende. Tidlegare var det plass under Attistog, og her budde folk frå 1858 eller 1859.

I den gamle gards- og ættesoga (130) les me at Olav Sveinsson Maurlii «truleg kom til Myri [...] og budde her», men me har ikkje sett noko i samtidskjeldene som kan stadfeste dette. Me veit at Olav Sveinsson budde i Maurlii i 1828 og sidan var busete einkvarstad i Byklum, der han heldt til iallfall i åra 1833, 1847, 1851 og 1853. Likevel er det kanskje mogeleg at han sat i Myri eit tak i andre helvta av 1850-åra, men me trur ikkje det.

Derimot er me heilt sikre på at son åt Olav Sveinsson budde her, og at han var her lenge, og me meiner også at det var han som rudde plassen, og sette opp dei fyrste husa her.   Les mer …

Nistog 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Nistog er eit småbruk i Bykle. Ved utskiftinga av innmarka i Byklum i 1905 fekk Uppistog ein jordteig mellom den nye riksvegen og Otra. Teigen låg mellom innmarka åt Innistog på austsida og eit stykke på vestsida som hadde vorte lagt åt Utistog.

I 1907 kaupte Olav Knutsson Nesland denne parsellen hjå Olav Gjermundsson i Uppistog til eit småbruk for seg. Prisen var 1200 kr, og bruket vart kalla Nistog. Men ved matrikuleringa i 1909, då eigedomen fekk bnr 10 og ei landskyld på 43 øre, vart det snodig avkappa namnet «Nist» innskrive i protokollen. Dette var ei rein feilføring, som kom av at han som skreiv det originale skyldsetjingsdokumentet hadde slumpa til å lyfte pennen mellom «Nist» og «og» i Nistog, men namneforma «Nist» er framleis i bruk i alle offentlege eigedomsregister. I daglegtalen i Bykle vart bruket likevel omtala som Vodden, avdi Olav K. Nesland var frå Vodden Nesland. Han skreiv seg Nesland, men vart vanlegvis omtala som Olav Voddæ.

Foreldra hans var Knut Olavsson Nesland og kona, Tore Olavsdotter, fødd Løyland. Då han kaupte Nistog, var han nyss attkomen frå Amerika, der han hadde vore sidan 1880.   Les mer …

Viki 1965.
Foto: Fjellanger Widerøe

Viki var eit bureisingsbruk i Nordbygdi i Bykle kommune. I kapittelet om Systog har me fortalt at Bjørgulv Folkesson åtte heile Viki frå 1938. Men det vart ikkje tinglyst, alt det som skjedde av jordbyte og eigedomshandel på dette bruket heller, så på papiret var broren framleis eigar av halve bruket. I samband med utskiftinga av gamalt hopehav mellom Neslands-gardane i 1988 vart dette rydda opp i, slik at kvart bruk nå har sin eigedom fullt ut, då bortsett frå heiesameiget med Tveiten. Viki sto oppført som bnr 10 til 2003. Då vart det bruksnummeret sletta, slik at Viki og Systog saman nå har bnr 4.

Bjørgulv F. Nesland i Viki var nest eldste son av Folke T. Stavenes på Nesland Der heime og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, f Nesland. I 1927 reiste han til farbroren Hallvard i Sør-Dakota.

Men «der var heller ikkje gode tider», fortalde han sidan, «så det tok meg lang tid, berre å tene oppatt reisa. Eg tente berre hjå farmarar, for eg hadde ikkje lært noko handverk, og det var mykje hardt arbeid. Eg var der i 6 1/2 år, men eg hadde ikkje meir enn 2000 kr att.»
.   Les mer …

Skarberg i vinterklede, fotografert av Folke Nesland mot slutten av 1970-åra.

Skarberg ligg i ei kro på Bosvasstrondi i Bykle kommune, ein drjug km austanfor Skolås. Etter det me kan skjøne var det heilt frå starten sjølveigarbruk, og vart verande det, bortsett frå at det var husmannsplass nokre få år på 1880-talet.

Stoga var lita. Attmed gangen var tilbygd ei bu. På skjeldtilet oppå stoga var det sengerom utan vindaugo. Elles var her ei endå mindre løe med tilbygd fjos utan mykkjellar under. Husa låg på ein liten flate innunder fjellet. Utom denne er der ein stupbratt hamar ned mot vatnet. Fjosåkeren, der dei dyrka korn og jordeple, gjekk heilt fram på stupet. Det fortelst at dei laut tjore småungane, for å hindre at dei skulle gå seg utfor.

Den fyrste til å rydje og byggje her heitte Torleiv Olsson Røysland. I Vallesoga vert det sagt at Olav Torleivsson, far hans, som budde på Heimigard Røysland, bnr 7, kanskje var son åt Torleiv Alvsson Breive og kona, Gyro Åsmundsdtr., f. Berdalen. Det vert understrika at dette er usikkert, men etter det me kan skjøne talar ingenting imot at det er rett. Kona av Olav Torleivsson var Torbjørg Tarjeisdotter Røysland. Heimigard var heimebruket hennes. (Valle VI, 522 f).

Torleiv var nok ein del på vandring før han sette bu ved Bosvatnet. I 1819 og 1820 vart han far til to born, ei jente og ein gut, på Byre i Ryfylke, som høyrde til Fister sokn i Hjelmeland. Dei to mødrene var søstrer.

  • Sissel Roaldsdtr Byre f 1798, d 1869
  • Siri f 9/12 1819, d 2/4 1898. 9/3 1842 gift med Bård Bårdsen frå Skjold i Rogaland, busett på Buøy i Stavanger. Etterslekt.
  • Marta Roaldsdtr Byre f 1794, d 1830
  • Peder f 29/1 1820, d 30/12 1880. 30/5 1858 gift med Laurensa Larsdtr Ydstebø på Kvitsøy, stor etterslekt.
Torleiv Olsson vart i 1822 gift med ei Bratteland-jente, Ingebjørg Mikkelsdotter, og difor vart det til at han kom til å rydje seg eit bruk under heimegarden hennes. I den gamle gards- og ættesoga (81) står at ho «fekk bruket av faren», og det trur me er rett. Men ingenting vart tinglyst, og seinare oppsitjarar på Bratteland påsto at det Ingebjørg og Torleiv hadde fått berre var ein bruksrett, som var avgrensa til livetida deira.   Les mer …

Hovden i 1950-åra. Bilete frå samlinga etter Knut T. Hovden. Setesdalsmuseet.

Hovden er gardsnummer 2 i Bykle kommune i Setesdal. Kjem ein køyrande frå Edland og over mot Bykle, er det å koma til Hovden mest som å koma til ein by midt i ville heia. Iallfall er dette bygdesenteret med alle sine hus, hytter, overnattingsanlegg, forretningar og serveringsstader det næraste ein kjem ein tettstad i Bykle.

Gardsbruka på Hovden ligg innunder Hovdenuten, vestanfor bygdesenteret. Det som nå vert kalla Hovden sentrum vaks fram i tida etter krigen, til å byrje med under namnet Hovdebru, fyrst seint, sidan snøggare. Men dette er sjølvsagt resultatet av ei lang utvikling, og her skal me freiste å kartleggje nokre av hovuddraga i denne utviklinga. Rimelegvis tok ho til med ein gard, og den eldste verestaden her er det bruket som nå heiter Der nede.

Fram til ein gong på 1780-talet var det berre eitt bruk på Hovden, men då vart garden dela midt i to, det vart Der Sø og Der nor, som låg jorde i jorde. Kring 50 års tid seinare, omlag 1840, vart Der sø kløyvd i to, og det eine av dei nye bruka fekk tunet sitt oppi bakkane ovanfor Der nor. Det nye bruket vart kalla Der uppe, og etter dette skifte Der nor namn til Der nede. Sidan, på 1870-talet, vart Der Uppe plass under Der nede og Der sø, og skifte då namn til Hovdeplassen. På denne tid vart husa i Der uppe flutte frå det gamle tunet og til der Plassen har tunet sitt idag.   Les mer …
 
Se også
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest