Denne artikkelen gir eit oversyn over primærnæringane som har eksistert i Telemark. Artikkelen er meint å skulle hjelpe privatarkivinstitusjonar i innsamlingsarbeidet av privatarkiv i fylket og vart starta av Telemarksarkivet. Sjå også eigne artiklar om sekundærnæringane, tertiærnæringane og organisasjonslivet i fylket.
Næring
Kjenneteikn for perioden 1900-1945
Kjenneteikn for perioden 1946-1972
Kjenneteikn for perioden 1973-dd.
Artiklar om tema
Bevarte privatarkiv
Jordbruk
Løna i industrien lokka.[1] Samstundes gav industrien ein større marknad for matprodusentar. Dette gjaldt særleg rundt befolkningssentera i industribeltet og langs Sørlandsbanen (1927).
I mellomkrigstida kom primærnæringane i store vanskar grunna høg gjeldsprosent, og Bygdefolkets Krisehjelp fekk ei ekstra sterk stilling i fylket. Motorisert mekanisering kom for alvor fyrst etter krigen.[2]
Attåtnæringar vart vanlegare; meir kanin, bier, fjørfe, grønsaker og frukt. Pelsdyrnæringa i 1930-åra. I 1939 fanst det 1250 pelsdyrgardar i fylket.[3] Mange fekk lønsarbeid i skog og på veg.[4]
Alternative næringar som t.d. fruktdyrking auka etter Stortingets «jamstillingsvedtak» frå 1975.[7]
Attåtnæringar, m.a. gjennom bygging og vedlikehald av vegar.[8]
Småbruk: I 1975 hadde mindre enn 1/10 av dei 4 650 jordbrukseigedomane[9] meir enn 100 dekar. Gjennomsnittet var 50 dekar. Fram mot vår tidsalder vart småbruka gradvis lagt ned.
2/5 av Telemark var skogdekt.[10] Ved 2/5 av den produktive skogen måtte ein nytte vinsj eller taugbane.[11]
Arendalsvassdraget og Telemarkskanalen vart viktige samband for skogeigarane og skogsarbeidarane og gav mange arbeidsplassar i skogsbygdene. Skiensvassdraget var ei tid på tredjeplass i landet målt etter trelast og treforedling.[12] Saman med den skogbaserte industrien på Notodden og Grenland utgjorde desse «skogsystemet» som lenge hadde ei dominerande stilling i næringslivet.[13]
Den økonomiske krisa vart også merkbar i skogbruket då prisen på eitt lass grantømmer fall frå 60 kr hausten 1920, til 14 kr i mai 1922.[14]
Motorsaga tok over for øks og tigersvans, medan fargemerking tok over for tradisjonell merking.[15]
Telemark har 665 km kystline, men i luftline utgjer dette berre 40 km.[17] Næringa var difor svært sentrert før oppdrettsnæringa.
Mangsysleri var vanleg, men det var likevel mange som oppgav fiske som eine- eller hovudyrke i folketellingane i kystbyane og kystbygdene; i 1900: 420 personar, i 1910: 600 personar. Fiskeyrket var i framgang frå slutten av 1800-talet til siste helvta av 1940-åra.[18]