Forside:Nordhordland

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Austrheim • Fedje • Masfjorden • Modalen • Osterøy • Vaksdal

Om Nordhordland
Nordhordland er eit distrikt i den nordlege delen av det tidlegare fylket Hordaland. Det omfattar sju kommunar: Alver, Austrheim, Fedje, Masfjorden, Modalen, Osterøy og Vaksdal. Desse hadde til saman 45 838 innbyggjarar pr. 1. juli 2008, og eit areal på 2753 km². Tidlegare vart òg delar av Gulen kommune og bydelane Arna og Åsane medrekna til Nordhordland. Øygarden vart òg rekna med, men etter at den slo seg saman med Fjell og Sund til nye Øygarden kommune, reknast den gjerne ikkje med lenger. Den største tettstaden i distriktet er Knarvik, som er kommunesenter i Alver.

Saman med Midthordland inngår Nordhordland i regionen Bergen og omland.

  Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Ole Strømme var lærar og kyrkjesongar. Han var den første ordføraren i Austevoll, og hadde dette vervet i 15 år. For dette og anna arbeid vart han tildelt Kongens fortenestmedalje
Foto: Austevoll Menighetsblad 1940.

Ole Strømme (fødd i Fjell 12. juni 1856, død i Austevoll 14. april 1940) var lærar og klokkar i Møkster soknekommune og ordførar i Austevoll kommune.

Strømme voks opp på garden Straume i dåverande Fjell kommune i Hordaland. Før han vinteren 1875 las privat med soknepresten i kommunen, Jacob von der Lippe (1797-1878), var han fiskar og gardsarbeidar. Same året vart han teken opp på Stord Seminarium der han tok lærarprøva i 1877. Han var i kort tid huslærar hos ein mølleeigar i Fjell før han i 1878 vart tilsett i to skulekrinsar i Austevoll der han vekselvis underviste to veker ved to skular. Han han lærar i 45 år.   Les mer …

Fjell kystlags logo
Fjell kystlag er lokallag av Forbundet KYSTEN og held til i tidlegare Fjell kommune ved Bergen. Kystlaget har teke vare på og restaurert tradisjonsrike bruksbåtar og naustmiljø. Laget vart starta 23. mars 1983 av ein flokk idealistar som såg verdien av den gamle kystkulturen, som den gongen var i raskt forfall. I dag disponerar dei om lag 110 medlemene eit representativt utval av gamle båtar og tre bygningar med lokalhistorisk sus.   Les mer …

Postkort med Haus og Mjeldalen sett frå vest.
Foto: Fjellanger Widerøe VisKom AS, privat eige
Mjeldalen ligg på vestsida av innlandsøya Osterøy i Hordaland, ned mot tettstaden Haus, eller Hausvik, og Sørfjorden. Ein kjem til Mjeldalen ved å følgje E16 til Osterøyvegen over Osterøybrua til Kvisti, omlag 7 minutt med bil frå Arna, eller 15 minutt frå Vågsbotn. Forbi rasteplassen går vegen om Tirsåstunnelen til skilting mot Haus. Her, på toppen av Mjeldalen, ligg Ambogen (vegen er svinga som ein alboge), med oversyn over heile dalen. Dalen er ein typisk U-dal, som geologiske krefter har grave ut for lenge sidan. Elva renn gennom dalen og ut i Mjeldavatnet nederst i dalen, og vidare ut i Sørfjorden. Isen har forma dalen, og her er tre ulike morene-terrassar. Namnet Mjelde kjem av mjele, fin morenesand. Busetnaden går attende til dei eldste tider. Funn av ein flintsigd frå steinalderen tyder på at det har vore dyrka korn i dalen for omlag 4000 år sidan. Tidleg må garden Mjelde ha vorte delt i tre terrassar; Mjelde øvre, - midtre og -nedre, og dei var samla rundt kvart sitt tun (Øvstemjedla, Midtmjedla og Nedstemjedla). Mjeldalen er definert som LNF-område, og det har lenge vore byggestopp her.   Les mer …

Faksimile fra Aftenposten 19. mars 1975: omtale av Torstein Dales bortgang.
Torstein Dale (født 8. mai 1907 i Dale i Bruvik, død 18. mars 1975) var lege og sanitetsoffiser. Han hadde en lang militær karriere, som ble avsluttet som generalmajor og sjef for Forsvarets sanitet. Han var fra 1966 til sin død president for Norges Røde Kors. Ved folketellingen for 1910 er Torstein Dale oppført sammen med foreldrene i Nydalen i Odda, som da lå i Ullensvang herred (utskilt som egen kommune i 1913). Faren er oppført som arbeider ved karbidfabrikken i Odda.   Les mer …

MB «Timann» a
MB «Holsvik-loddebåten»
MB «Wichmann» H 128 AM, frå 1946 MB «Timann» M 46 VA eller «Holmegrisen» M 46 VA var i flg. Register over merkepliktige norske fiskefarkostar 1948 s. 455/745 bygd i 1921 og er før 1948 overført til Volda. Eigar i Austrheim var Andreas Olsen, Fonnes. Den er i Austrheim oppgitt med desse måla: L/B/D: 28,0/9,0/4,5. Motoren er ein 5 HK Wichmann. Same opplysingar i same register s. 390 i 1936. Ved leiting bakover i fiskeriregisteret blir den førebels borte. Kanskje nokon som kjenner att historia kan skrive vidare på dei føregåande åra tilbake til 1921. Det var mange endringar som aldri vart innført i fiskeriregisteret, så her kan det bli eit fullstendig båtstykke med tida.   Les mer …

Herdlevær mot nordvest.
Foto: Vigleik Mathisen

Herdlevær (gnr. 46) er ei øy og bygd i Øygarden kommune i Hordaland. Bygda ligg ut mot havet, men ein skjerm av øyar og holmar verner mot storhavet, og Herdlevær er ei god hamn.

Øya har ei lang busettingshistorie, noko ei grønnsteinsøks frå steinalderen vitner om. Frå historisk tid finnes det fleire skriftfestingar av øya. I soga om Egil Skallagrimsson, er Herdlevær staden Egil tek landkjenning og nyttar som base for ferda over fjorden til Askøy. I soga om Håkon Håkonsson, får vi vite at sommaren 1263 låg leidangsflåten ved øya før den stemna på krigstokt vestover mot Skottland. I same soga kjem det og fram at ferder vestover mot Orknøyane tok utgangspunkt i Herdlevær. Øya låg med andre ord sentralt til for ferder mot Island, Vesterhavsøyane og Dei britiske øyane.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Nordhordland
 
Andre artiklar