Skjelanger fyrstasjon på Holsnøy, Meland i noverande Alver kommune, vart oppretta i 1853 som leiefyr i samband med Hellisøy fyrstasjon. Fyrbygningen var lafta og målte 10 x 8 meter. I tillegg blei det satt opp eit uthus med fjøs og plass til ved. Om lag 175 meter nord for fyret var det ein bra hamn og der blei det satt opp eit naust. Fyrstasjonen var bemanna med ein fyrvaktar og ein assistent. Fyrvaktaren budde på fyrstasjonen, medan ein av dei lokale bøndene eller husmennene hadde jobben som assistent. Fyrstasjonen var i drift som bemanna fyr fram til 1963, då han vart erstatta av ei acetylen fyrlykt ( Dalén). Les mer …
Carl Johan Skauge (født 21. november 1914 i Bergen, død 27. desember 2017) er tidligere tegnesjef. Han virket hele livet i Bergen, men var i de siste årene bosatt på Frekhaug i Meland kommune.
Skauge lærte snekring av faren byggmester Ananias Skauge (1878–1963), og gikk i steinhogger- og skredderlære. Men han hadde mest lyst til å tegne, noe som førte han til Kunst- og håndverksskolen i hjembyen Bergen og etter hvert til tegneskoler i London og København.
Han var med på å starte Bergens Annonse Byrå (BAB), som han var knyttet til hele yrkeslivet som tegnesjef/Art Director. I 1935 (?) skapte han figurene «Perle og Bruse» for Hansa Bryggeri. Han brukte to kjuagutter som bodde i nærheten av bryggeriet på Kalfaret som modeller. Carl Johan Skauge og tekstforfatteren Annik Saxegaard sto bak alle Perle og Bruse-annonsene til Hansa før krigen. Les mer …
Arnhild Marie Fyllingsnes (fødd 14. april 1912 på Ådnekvam i Masfjorden, daud 21. oktober 2017 på Knarvik). Ho føddes og vaks opp på Ådnekvam som det femte av åtte barn, og etter at ho gifta seg under krigen budde ho på Fyllingsnes fram til 2012. Det året flytta Arnhild frå huset mannen hadde bygd og til Knarvik sjukeheim i Lindås. Mannen hadde nett blitt pensjonist då han døydde i 1977, snautt 67 år gamal. Dei fekk to barn, fleire barnebarn og på 100-årsdagen blei det trettande oldebarnet, Magnus, fødd.
Skulegangen fekk ho på Andvik, og vegen dit gjekk gjennom veglaus utmark. I 2016 fortalde ho til Randi Bjørlo frå avisa Nordhordland om skulevegen at:
- «Ofte måtte vi vri kleda før vi gjekk inn i skulestova. Der sat vi våte til klokka var fire. Då var det godt å ha ei mor som kom i døra og tok oss i handa då vi kom heim» Les mer …
|