Forside:Masfjorden kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Alver • Askøy • Austevoll • Austrheim • Bergen • Bjørnafjorden • Bømlo • Eidfjord • Etne • Fedje • Fitjar • Kvam • Kvinnherad • Masfjorden •Modalen • Osterøy • Samnanger • Stord • Sveio • Tysnes • Ullensvang • Ulvik • Vaksdal • Voss • Øygarden

Om Masfjorden kommune
1266 Masfjorden komm.png
Masfjorden kommune ligg i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Hordaland), og grensar til Gulen i nordvest, Høyanger i nordaust, Modalen i aust og Alver i sør. Administrasjonssenteret er Masfjordnes. Det er ingen tettstader i kommunen. Masfjorden vart oppretta som kommune i 1879, då han vart skilt ut frå Lindås.

Husdyrbruk, fiskeoppdrett og havbruk er viktigaste næringsveger i kommunen. Det er store vasskraftressursar i Masfjorden, med ein maskinkapasitet på 287 MW i Matrevassdraget.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Jarle Knut Geelmuyden i SS-uniform.
Foto: Ukjent fotograf / Lokalhistorisk senter Horten
Jarle Knut Geelmuyden, f. Johannessen og oftest omtalt som Knut Geelmuyden (født 14. august 1897 i Bergen, død 31. mars 1959) var prest i Masfjorden, Førde og Horten. Han ble under andre verdenskrig feltprest i Den norske legion etter å ha vært aktiv i Nasjonal Samling siden 1934. I 1946 ble han dømt til sju års tvangsarbeid og fradømmelse av embetet. Geelmuyden var svært bitter over dommen, og mente den var for streng i forhold til andre dommer. Etter å ha fått dommen fikk han et års permisjon før soning. Denne tida brukte han på å sette i stand huset slik at familien hadde et skikkelig sted å bo. I løpet av denne perioden søkte kona om benådning for ham, noe som gjorde ham rasende. En benådning var nemlig avhengig av innrømmelse av skyld.   Les mer …

Arnhild Marie Fyllingsnes (fødd 14. april 1912Ådnekvam i Masfjorden, daud 21. oktober 2017 på Knarvik). Ho føddes og vaks opp på Ådnekvam som det femte av åtte barn, og etter at ho gifta seg under krigen budde ho på Fyllingsnes fram til 2012. Det året flytta Arnhild frå huset mannen hadde bygd og til Knarvik sjukeheim i Lindås. Mannen hadde nett blitt pensjonist då han døydde i 1977, snautt 67 år gamal. Dei fekk to barn, fleire barnebarn og på 100-årsdagen blei det trettande oldebarnet, Magnus, fødd.

Skulegangen fekk ho på Andvik, og vegen dit gjekk gjennom veglaus utmark. I 2016 fortalde ho til Randi Bjørlo frå avisa Nordhordland om skulevegen at:

«Ofte måtte vi vri kleda før vi gjekk inn i skulestova. Der sat vi våte til klokka var fire. Då var det godt å ha ei mor som kom i døra og tok oss i handa då vi kom heim»   Les mer …

Bernhard Aadnekvam, bak til høgre, saman med elevar ved Sunde skole.
Foto: Ukjent (utlånt av Sigmund Larsen)

Bernhard Aadnekvam (fødd 17. april 1898 i Masfjorden, død 20. september 1986) var lærar og kyrkjesongar i Rissa. I 1964 fekk han Kongens fortenestmedalje.

Han var son av bonde Ola J. Aadnekvam og Kari f. Duesund. Bernhard Aadnekvam tok eksamen ved Volda lærarskule i 1923.

Som nyutdanna arbeidde han i åra 1923-27 som lærar ved framhaldsskulen i Rissa. I 1927 vart han konstituert i lærarstilling ved Sunde skole, Sonniskolen, og fekk fast tilsetting i 1928.   Les mer …

 
Sjå òg


 
Kategoriar for Masfjorden kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar