Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les mer ...

 
Smakebitar frå artiklar
Ryningen i andre halvparten av 1930-åra. Bilete frå Gerd Fosse Hovden.
Ryningen er den næraste garden på dette biletet av Skarg. I bakgrunnen ser ein Holen. Elveløpet vart lagd om i 1965, så biletet er teke etter det, men truleg fyre 1970. Skargjesåni grov ein heil del etter omleggjinga. Bilete frå Setesdalsmuseet.

Ryningen er det austlegaste bruket i Tveiti i Bykle kommune. Av tunet syner nå berre att ei løe og nokre murar. Ryningen er truleg det yngste av bruka på garden, men også dette har nok vore fråkløyvd hovudbølet alt i høgmellomalderen. Etter Svartedauden sto det helst øyde til uti 1600-åra.

I bolken om den udela garden har me fortalt at Gunstein Ormsson sat i Ryningen frå ca 1647. I 1665 var han framleis her, og vert då sagt å ha vore 55 år. Me set opp fødselsåret hans etter denne oppgåva, sjølvsagt med alle dei vanlege atterhalda.

  • Gunstein Ormsson Tveiten, f ca 1611, utflytt til Skafså fyre 1673
g m Birgit Knutsdtr. Haugehåtveit, n 1673. Born, iallfall:
  • Åsmund, g ca 1689 m Ingebjørg Olavsdtr. Byklum, n 1711, sjå nedanfor
  • Gunhild (e.), g m Åvold, sjå nedanfor
  • ?Gunhild (y.), d ca 1743, g m Knut Gunnarsson Nesland, sjå Neire Mosdøl, bnr 2 og 3
  • Gunnulv, f ca 1658, n 1666 - 1711, ug(?), sjå nedanfor
  • Mikkel, f ca 1662, n 1666, seinare lagnad ukj.
  • Svein, f ca 1668, g m Bille? (= Birgit?), d 1731, sjå nedanfor, jfr. Attistog Gjerden, bnr 1
Birgit Knutsdotter var frå Haugehåtveit i Mo, Telemark. Foreldra hennes heitte Knut Knutsson og Mari Jonsdotter, fødd Bjåland.   Les mer …

I Bjørnarå Der heime ein gong i åra 1900-1910. Foto: August Abrahamson. Bydama med hatt midt på biletet er truleg Ragna Abrahamson, kona til fotografen. Frå Setesdalsmuseet.

Når dette bruket kunne verta kalla Der heime, medan det gamle hovudbølet på Bjørnarå vart av uti Der aust, virkar det litt rart. For å få denne nemningsbruken til å stemme lyt ein tenkje seg at namnsetjaren har sett Bjørnarå liksom frå Kyrkjebygdi i Bykle, for berre då vert Der heime det heimare av bruka.

Som me har vore inne på framanfor, var fyrste oppsitjaren her Olav Tarjeisson (y.), Lisle-Olav. Liksom for syskena hans vantar me ein god del opplysningar, men me kjenner til eit par søner, og kan då setje opp ei uheil familieliste som fylgjer:

  • Olav Tarjeisson Bjørnarå (y.), f ca 1624, d fyre 1689
g m ukj. Born iallfall:
  • Steinar, f ca 1650, n 1664-66, lagnad ukj.
  • Gunnar, f ca 1658, g m Birgit Arnesdtr. Lunden   Les mer …

Neire (bnr 4) og Evre Juvet (Fådapen, bnr 20) i 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Juvet ligg på brotet ned mot Otra i Bykle, nedanfor Bykle Samyrkelag. Det vart utskilt frå Utistog og skyldsett som ei eiga eining i 1848, men me vil nok tru at det hadde vorte teke i bruk som husmannsplass nokre år tidlegare, helst kring 1836.

Bakgrunnen for utskiljinga var at brørne Tarjei og Knut Åvoldssøner i Utistog Byklum hadde overteke heimebruket i fellesskap på skiftet etter foreldra i 1809, og at Tarjei, som var den eldste, sidan hadde kaupt ut Knut. I og for seg kunne det lege nær å å tenkje seg at Knut fekk Juvet som erveoppgjer, men ettersom han i 1848 gav broren 235 speciar i innfestingspengar, vil me tru at han må ha teke imot odelsløysing på eit tidlegare tidpunkt.

Ettersom han fekk ervefeste «for sig og kone samt deres arvinger i nedstigende linje», og ettersom plassen samstundes vart skyldsett til 30 skilling, må ein vel nærast oppfatte denne verestaden som eit sjølveigande småbruk frå 1848, jamvel om han formelt skulle heite plass, og jamvel om oppsitjarane skulle gjeva ei årleg leige på 2 speciar til eigarane av Utistog.

Knut Åvoldsson var altså fyrste oppsitjaren her, og me reknar med at han hadde bygd her og bruka staden som husmannsplass omlag frå han gifte seg i 1836. Iallfall er han oppført som husmann i kyrkjeboka tom. juni 1848, medan han sidan vert kalla gardmann. Ved sidan av jordbruket sitt var Knut lærar, og såleis ein for si tid lærd mann.   Les mer …

Nordheim 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Nordheim ligg på austsida av riksvegen ved Berdalsbru i Bykle kommune, på venstresida av vegen opp mot Berdalen. Bruket vart utskilt frå Hagen med eit areal på 5 mål og ei landskyld på 1 øre i 1953, men då hadde Bjørgulv Ørnefjødd og kona hans, som bygde og budde på denne staden, alt vore her i fleire år.

Bjørgulv var son åt Tone Bjørgulvsdotter Ørnefjødd. Faren var enkemannen Andreas Eliassen. Denne Andreas var ein av samane som var innom i Bykle ei stund på 1890-talet. Då Bjørgulv vart fødd, vart Andreas notert med adresse Jeiskeli, så me reknar med at han har vore reingjetar for Anders Renander, som hadde det bruket på den tid. I Bykle kultursoge (1993, 50-51), er det fortalt ikkje så lite om slekta åt Andreas.

  Les mer …

I dag er Hagen så tilgrodd med skog, at det er vrangt å få eit brukeleg bilete av tunet. I staden set me difor inn eit utsyn frå Hagen mot Vatnedalsdammen. Taka i Hagen er såvidt synlege i underkant av biletet.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)

Hagen, som er det neste i rudningsrekkja i Berdalen etter Der uppe og Der nede, er den nedarste eininga. Når ein har køyrt opp bakkane frå Berdalsbru er altså tunet her det fyrste ein kjem til. Opphavleg var bruket husmannsplass under Der uppe, men det vart tidleg sjølveigarbruk.

Bruksnamnet er det gamalnorske hagi, m, i tydinga «Jordstykke som er udlagt til Havnegang eller Græsgang for Feet» (Fritzner, J.: Ordbog over det gamle norske Sprog, I, 1886, 689a). Olav Haslemo (h.oppgv. norsk 1968, 171) peikar på at ordet ikkje er vanleg i denne tydinga i målføret, og dette meiner me er eigna til å styrke ein tanke om at namnet ikkje er særleg gamalt, og berre vart hangande ved bruket etter at ein røldøl som skreiv seg med etternamnet Hagen flutte hit i 1837. Me kjem attende til den mannen, men fyrst lyt me sjå på ei rekkje med eldre oppsitjarar.

Dei fyrste me kan vita budde her er Søren Aslaksson Mosdøl og Gunhild, andre kona hans, og desse meiner me kom hit kring 1750. Søren hadde vore foddogsmann i Mosdøl, bnr 3, då han vart enkemann i 1744. Men då han noko seinare gifte seg omatt med Gunhild, vart det til at dei flutte hit, og vart husmannsfolk. Nokre år etter dette att, kring 1760, flutte dottera Gunvor og Svenke Alvsson, mannen hennes, i hop med Søren og Gunhild.   Les mer …

Hovuddelen av gamlestoga i Kvæven vart oppført fyre krigen, men sidan har ho fått tilbygg både nordetter og søretter.
Foto: Aanund Olsnes
(2005)
Kvæven er det vestlegaste eller inste bruket i Bjåen i Bykle kommune. Det er også det nyaste i rekkja.

I panteregisteret og matrikkelen vert det kalla Bjåland, men dei som bur i Bjåen nyttar namnet Kvæven. Det siste er eit gamalt terrengnamn, medan Bjålandsnamnet var eit påfunn i samband med den formelle etableringa av eininga.

Bruket er ikkje fælt gamalt. Det var Olav Såvesson Bjåen som sette i gang med bureising på denne delen av farsgarden Nor i stoga Bjåen i 1930, og fekk skyldsett det som eige matrikkelbruk 3 år seinare.   Les mer …
 
Se også
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest