Gamla huset på Narvestad frå ca. 1930.
Narvestad er ein matrikkelgard i Fjotland sokn i Kvinesdal kommune. Garden har i dag gardsnummer 170. Han hadde tidlegare gnr. 1 i Fjotland kommune, i 1838 matrikkelnummer 172 og gamalt matrikkelnummer 316. Narvestad er den sørlegaste av gardane i Vesterdalen i Fjotland sokn. Hovudbølet låg frå gamalt av på vestsida av Kvina, medan nybruk blei reist på elvesletta på austsida av elva midt på 1800-talet.
Slettene på kvar side av elva ligg imot bratte skråningar med Nonansheia i aust og Hoskuldshomheia i vest. Nonansheia markerer grensa til Helle, som ligg omkring garden i nord og aust, medan garden har skogområde heilt inn mot grensa til Gyland sokn i Flekkefjord i vest. I sør grensar garden til Røyseland og Ryggesås, noko som også var den gamle kommunegrensa mellom Fjotland og Kvinesdal kommunar. I nord grensar òg Narvestad til Spikkeland.
Kvednebekkjen renn ut i Kvina ved Narvestad. Følgjer ein denne motstraums nordvest via Ragnhildhola, kjem ein til Narvestadstølen og vidare til Spikkeland. Les mer …
Billingstad etter akvarell av Otto Valstad. Fra boka Asker, utgitt 1917.
Billingstadstua er et av Askers eldste hus og ble flyttet til Asker Museum på Hvalstad fra Billingstad gård i 1920. Foto Svend Aage Madsen, 2020.
Billingstad er en matrikkelgård i Asker (gnr. 38), på grensen mot Bærum. Gården har gitt navn til strøket Billingstad.
Antatt opprinnelig navn er Billanstaðir. Betydningen av første ledd er usikker. Del av en steinøks og en vakker draktspenne av bronse er funnet på gården.
Billingstad var en av Askers største kalkprodusenter. Leilendingen Anders leverte 63 tonn til Akershus festning i 1601–02. Gården var blant de 15 beste i bygda i 1647. Eiere var Nesøygodset med 86 % andel og sogneprestembetet i Asker med 14 %. Brukeren het Tore. Bonden Peder Arnesøn kjøpte gården i 1686, og hans etterslekt var jordbrukere der i nesten 300 år. I to perioder var billingstadbonden lensmann i Asker, Nils Hanssøn ca. 1710–20 og Jon Eriksøn 1757–78. Under Jon Eriksøns sønnesønn Per Pettersen kom gården i forfall, og i 1852 ble eiendommen delt i fire bruk (nr. 1–4), ett til hver av sønnene. Les mer …
Vistnestunet ligg på garden Vistnes i Randaberg kommune. Det var Artur Vistnes som i 1967 gav husa på bruk nr. 7 til Randaberg Bygdemuseum. Vistnestunet er no museum og besøksgard med dyr, og er organisert som ein avdeling av Jærmuseet.
Bruk nr. 7 blei skilt ut i 1871. Våningshus og løe vart bygt i åra 1874-76, eldhuset noko seinare. Våningshuset, eller "heimahuset" som er den lokale nemninga, og løa ligg parallelt med gavlane mot nordvest og søraust. Eldhuset fyller ut opninga mellom desse husa mot sør. Tunet er dermed godt skjerma mot vinden som tek hardt i det flate jærlandskapet. Les mer …
Folsæ i 1923, då det vart landbruksskule her. Undervisnings- og internatbygningen Dovrehalli er under bygging. Foto: Ukjend
Foldsæ i Hauggrend i Fyresdal kommune (gnr. 93) er ein gard med ei mangslungen soge. Fyrst rydda i sameigeskogen i grenda, så ved kjøp utvida til ein relativt stor gard. Deretter ein periode som fattiggard, vidare som landbruksskule, økosenter, steinerskule, omgjort til aksjeselskap og til slutt i privat eige att. Namnet på garden har vore skrive på mange ulike måtar, til dømes Folsæt og Folsæ, men i 2011 vert namnet på garden skrive Foldsæ. Det er lite vi kjenner til garden frå eldre tider. I skattelistene av år 1585 er det nemnd at garden låg øyde, der er heller ikkje førd opp brukar i skattelista av 1593. I ein matrikkelprotokoll frå 1665 står det mellom anna: «Folsiøe skylder 2 Tønder Mel., er god Skouff.»
I 1595 kom Oslobispen Jens Nilssøn på visitasferd framom Foldsæ. Han skriv ikkje om sjølve garden, men fortel om namnet Foldsæ i ulike samanhengar, namn på veg, bru, elv og vatn. Les mer …
|