Nigard (Bykle gnr 5/1)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nigard
Hoslemo 37.jpg
Nigard Hoslemo 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe
Rydda: høgmellomalderen, seinast 1350
Stad: Hoslemo
Sokn: Bykle
Fylke: Agder
Kommune: Bykle
Gnr.: 5
Bnr: 1
Type: Gardsbruk
Adresse: Hoslemovegen 3
Nigard Hoslemo sett frå bygdevegen 7.2.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Som namnet Nigard tyder på er dette det nedarste bruket på Hoslemo i Bykle kommune, og ligg i botnen av lia.

I 1838-matrikkelen har Uppigard løpenummer 9 og Nigard lnr 11. Kvifor matrikkelkommisjonen på 1880-talet valde å tildele Nigard sitt eige gardsnummer, i staden for å gjeva eigedomen eit bruksnummer under gnr 4, har me ikkje greidd å finne ut. Men såleis vart det gjort, og garden er framleis gnr 5.

Me har kome til at dette var den fyrste eininga som vart kløyvd ut frå det opphavlege hovudbølet, og me trur vidare at denne garddelinga iallfall må liggje så langt attende som slutten av 1500-talet, og helst endå ein god del lenger att i tida. Bakgrunnen for denne tanken er det brevet me var inne på i innleiingsbolken, der Vetle Knutsson i Hoslemo skreiv under på at han hadde pantsett halve Hoslemo «og fjerdeparten av den andre halvparten» til Torleiv [Åsmundsson] Rygnestad for 32 riksdalar (jfr. den gamle gards- og ættesoga 168).

Denne passasjen har me tolka som teikn på at Hoslemo på denne tid var dela i to halvpartar, som vart rekna for separate eigedomar, slik at dei laut pantsetjast kvar for seg. Om dette ikkje hadde vore såleis, vil me tru at Vetle i staden ville ha skrive at han pantsette 5/8 av eigedomen. Men om det er rett at Nigard var ei separat eining på 1500-talet, er det sannsynleg at den fyrste delinga låg endå mykje lenger attende, ein eller annan gong fyre 1350. Grunnen til dette er at det er vanskeleg å tenkje seg at det var bruk for garddelingar dei fyrste par hundreåra etter Svartedauden.

Når det gjeld landskylda på bruket, står me i den situasjonen at den eldste oppgåva me har funne er så ny som frå 1827, og denne viser at Nigard då var skyldsett til 2 ort og 8 skilling, dvs. 56 skilling. Den samtidige skylda på Uppigard var 1 dalar 1 ort og 20 skilling, dvs. 196 skilling. Brøken 56/56+196 kan kortast ned til 2/9, så Nigard vart altså på denne tid rekna til å utgjera 2/9 av heile Hoslemo. Men skyldsatsane frå 1820-åra og frametter til 1886 bygde i hovudsak på omrekningar av gamal skinnskyld, veit me, og frå bolken om Uppigard kjem me i hug at det bruket sto i 5 kalveskinn i 1666 og 1723. Då er det ein nokså grei rekneoperasjon å finne ut at Nigard på den tid skulle ha stått i 1 3/7 skinn.

Vidare kjem me ihug at me i innleiingsbolken var inne på at Åvold Gjerden i 1624 hadde ein part i Hoslemo på 1 1/2 skinn, og at me trur at dette var Nigard. Differansen mellom skylda på parten åt Åvold i 1624, og den skylda me ovanfor har rekna ut at Nigard burde ha i 1723, er ikkje stor, berre 1/14 kalveskinn eller 0,9 pst. av totalen. Såpass med feilmargin må me kunna unne matrikkelkommisjonen frå 1820-åra, og utrekninga her skulle då vera eigna til å støtte opp om tanken om at Åvold åtte Nigard, og at skylda her på hans tid var 1 1/2 skinn.

Dei tala me her har funne fram til, er heller ikkje heilt av vegen med tanke på tilhøva i dag. Med utgangspunkt i arealoppgåvene frå utskiftinga i 1942 kan me rekne ut at Nigard nå utgjer 25,1 prosent av totalarealet i gnr 4 og 5 til saman. Nå er det greitt at landskyldoppgåvene skal avspegle ei heilskapsvurdering av ressursane på bruket og ikkje berre arealstorleiken, men om ein reknar at Nigard skal vera 2/9 av Hoslemo, slik dei gjorde frå 1820-talet og frametter til 1886, svarar det til 22, 2 prosent, og om ein brukar 15/65 eller 5/13, som me meiner dei bør ha gjort på 1600- og 1700-talet, kan det reknast om til 23.1 prosent. Tala frå den nye matrikkelen frå 1886 gjev heller ikkje så mykje annleis resultat. I fylgje denne skulle Nigard ha ei skyld på 77 øre, medan heile Hoslemo fekk 3 mark 76 øre. Etter dette vert Nigard ståande med 20,5 prosent av den samla skylda. Meir skal ikkje seiast om landskyldtilhøva, og me kan då gå over til oppsitjarane.

I innleiingsbolken er det fortalt at Tarjei og Knut Hoslemo selde ein part i Byklum i 1596, og me var ovanfor også inne på at Vetle Knutsson Hoslemo pantsette ein del av Hoslemo i 1599. Så nær kvarandre i tid som desse opplysningane ligg, skulle det vera forsvarleg å rekne med at dei tre karane har vore i Hoslemo samstundes, og at dei ikkje alle budde på same bruket. Men kven av dei som sat i Nigard, er på vona.

I 1624 åtte Åvold Gjerden som nemnt Nigard, men han budde i Gjerden, og altså ikkje her. Sidan er kjeldene våre tome når det gjeld Nigard 1600-talet til endes. Bruket låg under Gjerden, i andre halvparten av hundreåret under Attistog, og i den mon det budde nokon her var dei husmenn, eller kanskje tenestefolk. Iallfall betala dei ikkje skatt.

Kanskje sto her også tomt i periodar? Manntala frå 1664-66 nemner ikkje nokon som budde her, og dei har andre stader fått med seg både gardmenn og husmenn, veit me. I prestens manntal frå 1666 finn me rett nok ei innførsle for «Gjerden med Hoslemo», men dei oppsitjarane som vert nemnde er berre enka Signe i Attistog og Knut Åvoldsson i Nordstog/Derinne.

Enka Signe i Attistog hadde vore gift med Jon Torleivsson Rygnestad, og hadde ein son som heitte Torleiv. Denne Torleiv att var gift med Svålaug Jonsdotter, som også livde som enke i Attistog i mange år. Ho svara skatten av det bruket i åra 1689-1711, men så kvarv ho derifrå. Nå var Svålaug så sjeldant eit namn, at når me i neste omgang finn ei enke som heitte såleis, som vart gravlagd frå Hoslemo i 1714, ligg det nær å tenkje seg at det må ha vore same kvinna, og denne tanken byggjer ikkje berre på det nemnde namnesamanfallet.

For i 1702 var det ein Folke Torleivsson Hoslemo som åtte Attistog, og denne eigedomen sin pantsette han det året til Knut Åvoldsson i Nordstog. Folke åtte altså Attistog medan Svålaug budde der, og dette meiner me tyder på at han var son hennes. Når me så sidan ser at Svålaug vert gravlagd frå Hoslemo, vil me tru at ho har flutt heim til sonen då ho reiste frå Gjerden. At Folke budde i Nigard og ikkje i Uppigard, skulle vera greitt nok, for i Uppigard var det på denne tid Svein Knutsson som var oppsitjar.

Men då er altså Folke Torleivsson den fyrste mannen me kan vera heilt sikre på sat i Nigard Hoslemo. I den gamle gards- og ættesoga (165) les me rett nok at «det er ikkje utruleg at Svolaug Hoslemo [...] var dotter til Aslak Tarjeisson, som fekk Hoslemo av Svolaug Herbrandsdotter, Jåro». Men dette gjev helst for lange generasjonar, for «Svolaug Hoslemo» skal ha vore 74 år då ho døydde i 1714, og då var ho vel fødd kring 1640. Aslak Tarjeisson er nemnd i det same brevet frå 1587 som omtalar Svolaug Herbjørnsdotter (ikkje Herbrandsdotter, slik den gamle bygdeboka vil ha det), men det er tydeleg at brevet ikkje fortel om heilt nye hendingar, så Aslak kan knapt ha vore fødd etter 1560. Då er det vel ikkje heilt umogeleg at han kan ha vorte far i 1640, men sannsynleg er det ikkje. Dertil kjem at det er usikkert om Aslak budde i Hoslemo, og om Svålaug Herbjørnsdotter budde i Gjerden er også på vona. Aslak kan vel oppfattast som ein mogeleg oppsitjar i Nigard, eller Uppigard, men om han var skyld dei to Svålaug-ene, eller korleis det eventuelt hekk i hop med denne skyldskapen, kan ingen vita.

Men Folke Torleivsson torer me trygt plassere her på bruket ei stund, iallfall frå 1702 og vidare frametter iallfall til 1711. Me har ikkje funne han mellom dei gravlagde i Bykle, og ein må vel då halde det for mykje mogeleg at han var død fyre kyrkjeboka byrjar i januar 1714. Men i 1714 gifte Ingjerd Torleivsdotter Hoslemo seg, og det ser ut til at det var ho og mennene hennes som var oppsitjarar på bruket frå dette tidspunktet og frametter til den siste av mennene døydde i 1737.

  • Ingjerd Torleivsdotter (Gjerden) Hoslemo, f ca 1679, 1759.
g 1. 1714 m Tarjei Såvesson Vatnedalen, f ca 1691, d fyre 1721, ikkje born.
g 2. 1721 m Peder Bårdsson Berge, d 1737, ikkje born.

Me gjet på at Ingjerd var syster åt Folke og dotter åt Svålaug og Torleiv Jonsson i Attistog Gjerden. Fyrste mannen hennes var son åt Såve Torbjørnsson Vatnedalen. Han var tenestekar i Nigard i 1712, og gifte seg altså her 2 år seinare. Men ekteskapet vart barnlaust, og Tarjei vart ikkje gamal. I 1721 gifte enka seg oppatt med ein kreturhandlar frå Suldal, han var son åt Bård Pedersson på bnr 2 i Berge i den bygda (jfr. Gamle Suldal, 368, 382). Heller ikkje i det andre ekteskapet åt Ingjerd vart det born, ser me, for då Peder døydde i 1737, laut enka dele arven med far hans.

Bruttoverdet av buet var 63 riksdalar, og nettoen 53. Av gjeldspostane noterer me oss at Tarjei Augundsson Gjerden hadde til gode 3 dalar «for sit arbeide i vinter», og at Olav Bårdsson, bror åt Peder, skulle ha 1 1/2 dalar.

Ingjerd og Peder åtte ikkje bruket, men sat som ein slags plassfolk. Men dei hadde «rydningsrett», står det, og denne retten vart verdsett til 20 riksdalar. Rydningsretten var opphavleg plassmannens eigedomsrett til resultatet av sitt eige arbeid med å rydje plassen, men i dette tilfellet veit me at bruket hadde vore opprudd og busett i langt over 100 år fyrr me høyrer gjete nokon rydningsrett. Forklaringa må vel då vera at rydningsretten har gått over til ein slags avgrensa eigedomsrett, som har fylgt med bruket frå den eine oppsitjaren til den neste, utan at eigarane av morbruket har greidd, eller brydd seg med, å løyse han inn. Såleis har då Nigard Hoslemo kunna verta formelt liggjande som plass under Gjerden, og dermed unngått innføring i skattelistene. I røynda fungerte garden likevel langt bortimot som eit sjølveigarbruk. Såleis tykkjest stoda å ha vore frå tidleg i 1600-åra og formelt til utpå 1820- talet, i røynda berre til 1783 då Tallak Olavsson skaffa seg full eigedomsrett.

I 1740 fekk kaupmannen Ole Mørck i Kristiansand tinglyst at han hadde teke utlegg i 1/4 av Nigard hjå Svein Gunsteinsson Gjerden for ei gjeld på 25 riksdalar. Som me har gjort greie for i bolken om Attistog, var Svein mest truleg leigar og ikkje eigar av det bruket, men han må då likevel ha ått iallfall ein del av bruket her, korleis nå dette hekk i hop.

I den gamle gards- og ættesoga ser det ut til at Nigard vert oppfatta som 1/4 av Hoslemo, og at det var det Ingjerd åtte. Iallfall heiter det i Nigardsbolken der (s. 164) at «truleg kjøpte Ole Svendsen Uppigard denne fjerdeparten etter Inger Tellefsdtr. då ho døydde i 1758.» Dette er nokså misvisande, men Olav Sveinsson åtte ein part på 1/4 av Nigard, som han hadde kaupt hjå Svein Gunsteinsson alt i 1738. Dette kom fram under skiftet etter Olav frå 1769, der Åsmund Bjørgulvsson Gjerden meldte at han hadde odel til denne parten, og at han nok til si tid skulle gjera retten sin gjeldande.

Sameleis gjorde han krav på å ha odelsrett til eit jordstykke i Nigard som vart kalla Systerlunden. Det sistnemnde stykket hadde Olav Sveinsson i Uppigard kaupt av Olav Torleivsson Byklum for 10 riksdalar. Dermed kan me vita sikkert at oppsitjarane i Attistog har hatt eigedom i Nigard, og at dei har avhenda partar av denne eigedomen sin. At dei selde brøkar av bruket i staden for nærare oppgjevne delar av landskylda, slik ein normalt ville gjort, kjem av Nigards spesielle status som uskyldsett «gaardeplads» under Gjerden.

Me har ikkje funne noko skifte etter Ingjerd Torleivsdotter, men det er snautt om ho hadde att nokon eigedomsrett i bruket då ho døydde i 1758. Dette kan me seia avdi skiftet etter Svenke Knutsson Tveit i Breive Der inne frå 1751, syner at han hadde kaupt 1/2 av Nigard Hoslemo av Ingjerd for 50 rd, og sidan overdrege denne parten som «brugelig pant» til Olav Sveinsson Hoslemo for 113 rd. Om dette var ein rein eigedomspart eller berre rydningsretten til halve bruket, er me usikre på, men på bakgrunn av dei ovannemnde opplysningane i skiftet etter mannen åt Ingjerd frå 1737, er nok det siste det trulegaste. Difor vil me tenkje at Ingjerd, då ho døydde, har sete som foddogsenke hjå den neste oppsitjaren me veit om, men fyre dette hadde ho tydelegvis budd eit bil einkvarstad i Breive, for då ho selde til Svenke Knutsson, vart ho notert med etternamn frå den garden.

Den neste oppsitjaren her var frå Midbø Breive, og son åt Alv Knutsson på det bruket. Elles veit me ikkje stort meir om han enn at han vart dimmitert frå det militære etter 9 års teneste i 1734, og at han då var 30 år gamal. Men familien hans er det grunnlag for å rulle opp:

  • Knut Alvsson Breive, f ca 1704, d fyre 1788.
g 1736 m Birgit Augundsdtr. Gjerden, f ca 1709, d 1788. Born:
  • Alv, f 1737, seinare lagnad ukj.
  • Augund, f 1739, tenestekar i Breive 1762, seinare lagnad ukj.
  • Ingebjørg, f 1741, d 1765 (?)
  • Jorunn, f 1744, d Tromøy 1784 (?), ug, sjå nedanfor
  • Knut, f 1747, seinare lagnad ukj.
  • Åvold, f 1753, seinare lagnad ukj.

Birgit Augundsdotter var frå Gjerden Der inne, og dotter åt Augund Tarjeisson og kona, Jorunn Bjørgulvsdotter. I den gamle gards- og ættesoga (164) les me at Knut Alvsson «kom truleg inn på garden på retten åt kona». Men Augund Tarjeisson hadde korkje odel eller eigedom i Hoslemo, og då hadde heller ikkje dottera nokon rett. Den gamle boka har i og for seg rett når ho seier at Birgit Augundsdotter hadde ei syster «Marthe», jamvel om me meiner det må vera rettare å kalle henne Margit, men denne Margit var ikkje, som det vert påstått «nokså sikkert gift til Hoslemo», ho var heller ikkje fødd ca 1690, og ho døydde ikkje i 1720, slik den gamle boka seier. «Marthe» eller Margit Augundsdotter, var fødd i 1719, og døydde som ugift tenestejente i Tveiti i 1783.

Som det går fram i familielista ovanfor, har me måtta skrive «seinare lagnad ukj.» for fleire av borna, men døtrene har me kanskje likevel funne att. Den eldste av dei er me rett nok noko usikre på, men det døydde ei tenestejente som heitte Ingebjørg Knutsdotter einkvarstad i Byklum i 1765, og det kan ha vore «vår» Ingebjørg. Rett nok vert den jenta som vart gravlagd frå Byklum oppgjeve å ha vore 20 år, så om ho var dotter åt Knut Alvsson, er alderen 4 år feil. Men me veit ikkje om andre med namnet Ingebjørg Knutsdotter som me kan få til å høve, og aldersoppgåvene ved dødsfall i denne tida er tidt unøyaktige.

Dinest kjem me til Jorunn Knutsdotter. Hausten 1768 vart det reist tiltale mot henne for «fødsel i dølgsmål». Ho var «omtrent 20 år», står det i tingboka (i røynda var ho 24), ho hadde tent sidan ho var 8, og dei 2 siste åra hadde ho vore hjå Åsmund Bjørgulvsson Gjerden i Attistog. Barnefaren var Gjermund Torbjørnson Byklum, som hadde lova å gifte seg med henne, og som framleis tyktest vera innstilt på det. Etter det ho sjølv forklara, og fekk lensmannen til å feste lit til, hadde ho abortert, og lagt det døde barnet på eit høytrev, der det sidan vart funne. Dette var noko fyre jol 1767. Frå då av og til rettssaka byrja sat ho i lensmannsarresten.

Saka drog ut, men 9.7.1769 vart det felt dødsdom over henne på bygdetinget, endå lensmann Knut Kveste, som merkeleg nok fungerte som forsvarar, hadde kunna peike på mange formildande omstende. Dødsdomen vart anka, men me har ikkje funne att referata frå høgre rettar, og kjenner då ikkje til korleis det gjekk der. Det sannsynlege utfallet er likevel at ho har fått straffa redusert til nokre års tukthus, for såleis gjekk det normalt med barnedrapssaker i denne tida. Dertil kjem at Reidar Vollen i Kristiansand har funne ei Jorunn Knutsdotter frå Bykle, som døydde ugift i Tromøy i 1784. Det er kanskje ikkje hundre prosent sikkert at den sistnemnde er same jenta, men det meste talar for det.

Foreldra hennes var ikkje i Bykle då ekstraskattelista vart skrive i 1762, og har då helst reist frå bygda fyre det året. Det same gjeld brørne Alv, Knut og Åvold. Augund Knutsson var på den tid tenestekar hjå Alv Bjørgulvsson Breive, men har nok teke ut seinare, ettersom me ikkje kan finne at han har døytt i Bykle eller Valle.

Birgit Augundsdotter, mora, døydde som enke hjå systera i Haugebirke i Valle i 1788 (jfr. Valle IV, 429). Ho hadde nok flutt dit etter at mannen døydde, reknar me med, iallfall døydde ikkje Knut Alvsson i Valle, så kvar han vart av er framleis på vona.

Det er også på vona kor lenge Knut og Birgit budde i Nigard, og me veit heller ikkje sikkert kven som var her etter dei. Så vidt me kan skjøne har her stått tomt ei tid, for etter ekstraskattelista frå 1762 å døme var her ingen det året.

Dei neste me kjenner til var busette her er Tallak Olavsson frå Uppigard og familien hans. Med desse kjem den ætta inn på garden som har sete her fram til i dag. Tallak gifte seg i 1779, men då hadde han ått ein part av Nigard sidan skiftet etter faren i 1769. På det nemnde skiftet ervde Tallak og Knut, bror hans, kvar sin 1/8 av bruket, men Tallak løyste ut broren med det same, og dermed hadde han 1/4. Dei resterande 3/4 kaupte han for 240 riksdalar av Åsmund Bjørgulvsson Gjerden og Hallvard Ånundsson Tveiten i 1783.

  • Tallak Olavsson Hoslemo, f 1756, d 1814.
g 1779 m Hæge Jonsdtr. Vatnedalen, f 1758, d 1798. Born:
  • Sigrid, f 1783, d 1846, ug
  • Jorunn, f 1787, g 1809 m Olav Drengsson Byklum, sjå Innistog, gnr 14, bnr 1
  • Jon, f 1790, d 1790
  • Olav, f 1792, g 1819 m Birgit Auversdtr. Vatnedalen, sjå nedanfor

Hæge Jonsdotter var dotter åt Jon Åvoldsson Nesland i Vatnedalen Der sø og kona Tone Bjørgulvsdotter, fødd Breive. Hæge var syster åt Torbjørg, som var gift med Knut Olavsson i Uppigard, så borna åt dei to ektepara var altså dobbeltsyskenborn.

Som det går fram ovanfor, døydde Hæge i 1798. Då skiftet etter henne vart slutta året etter, vart det stadfest at Nigard framleis i namnet var «Plads eller Gaardeplads under Gaarden Gjerden» endå enkemannen hadde fullgod og tinglyst heimel til heile eigedomen, slik at det einaste som i praksis skilde dette bruket frå andre og liknande, var den manglande matrikuleringa og den derav fylgjande skattefridomen.

På skiftet vart den faste eigedomen verdsett til 394 riksdalar. Dertil kom ei lang liste med lausøyre, som me tek med oss ei redigert avskrift av (der tala i parentes er taksten i dalar, ort og skilling):

Bunadssylv
  • 2 lauvsyljer (9-0-0)
  • 1 bolesylje (4-0-0)
  • 1 agnus dei (5-0-0)
  • 1 spennepar (1-0-0).
Kretur
  • 1 borkut merr (13-0-0)
  • 6 kyr (60-0-0)
  • 1 kvige (4-0-0)
  • 6 geiter (7-2-0)
  • 2 bukkar (1-2-0)
  • 7 sauer (7-0-0)
  • 2 lam (1-2-0).
Jernsaker
  • 1 8-nottungsgryte (3-0-0)
  • 2 3-nottungsgryter (2-2-0)
  • 1 takke (1-0-0)
  • 2 boløksar (1-0-0)
  • 1 spett (1-0-0-)
  • 1 jernlekkje (0-2-0)
  • 1 hakareide (0-1-16)
  • 2 navrar (0-1-6)
  • 4 stuttorvsljåar (0-1-0)
  • 2 langorvsljåar (0-1-0)
  • 1 smiehamar (0-1-0).
Tresaker
  • 6 kister (5-2-0)
  • 5 smørambrar (2-0-8)
  • 2 mjølkeholkar (0-1-0)
  • 20 mjølketrog (1-1-16)
  • 1 ølbolle (0-1-0)
  • 1 klingebomme (0-1-16)
  • 1 stavkinne (0-1-0)
  • 2 rokkar (2-0-0).
Sengeklede
  • 14 tjeld (17-2-0)
  • 6 fydder (6-0-0).
Gangklede
  • 1 raud stakk (2-2-0)
  • 1 svart trøye (1-1-0)
Ymist
  • 3 reip (0-1-12)
  • 1 hestesile (0-1-12)
  • Halvparten i ei bekkekvern (3-0-0)

Dette vart rekna i hop til 190 riksdalar, så med fastegodset var bruttoen i buet på 584 dalar. Gjeld var der ikkje, bortsett frå 28 rd frå ei mellomrekning med kaupmann Mørch i Kristiansand. Men denne rekninga er så interessant at me tek med ei fullstendig Avskrift av henne:

1794, 2. 6., leveret 2 Tdr Korn, 12 alen Lerret = 10-0-0
og penge = 1-3-0
1795, 10. 2., leveret 1/2 Tønde 6 mk Salt, 1/2 Td Erter = 6-0-0
4 Ruller Toback (3 rd), 5 potter Aquavit a 6 ort 6 skill = 4-2-6
og Penge 1-2-0
1795, 24. 2., 24 alen Lerret(5-1-0), 3 1/2 Td Korn (15-3-0) = 21-0-0
3/8 Td Erter(9 mk) 2 Rull Toback (6 mk), Penge 5 rd = 8-3-0
1795, 11. 6., 1 1/2 Td Korn (6 rd), 7 1/2 al Lerret (7mk 12 s) = 3-3-0
og Penge 3 Rd = 3-0-0
1797, 17. 6., 1 1/2 Td Korn (4-3-12) 1/2 Td Salt (7mk) 3/8 Td Rug (1-1-15) = 8-0-3
2 R Toback (7 mk) 15 al Lerret(13 mk 18 s), Penge 3rd = 8-0-18
Summa 77-0-15
Herimod:
1794, 2. juni ved regning til gode 1-2-0
1797, 6. juni leveret last 23-11-0
1798, sept 22 do 23-2-14
1798. Ult Dec. pr ballance skyldig 28-3-14 77-0-15

Dette er den einaste spesifiserte kaupmannsrekninga me har funne i noko skifte frå Bykle frå 1700-åra, så berre for den skuld er ho mykje forvitneleg.

Dei varene Tallak henta i byen er av dei slag ein kunne vente. Det er små kvanta av salt, korn, ertar, tobakk og brennevin, og dertil ein god del lerret. Lerretet er det såvidt mykje av, at ein kunne koma på den tanken at Hæge kanskje sauma skjorter for sal, men det er sjølvsagt berre gjeting. Noko som derimot tykkjest nokså visst etter denne kjelda, er at Tallak stort sett har greidd å levere såpass med varer at utgiftene og inntektene var nokonlunde i balanse. Rett nok vart det til saman 28 dalar for lite i laupet av dei 4 åra mellomrekneskapen dekkjer, men som ein ser starta Tallak i 1794 med litt pengar til gode, og i det heile tykkjest han å ha greidd seg bra. Dette vert elles også stadfest av innhaldet i skiftet i det heile.

Men han dekte ikkje utgiftene til byvarer med kjøt, skinn og smør, slik me skulle ha venta. Han leverte «last», ser me, og det kan då aldri tyde noko anna enn trelast, mao. sagtømmer. Dette er spennande, avdi det er den einaste sikre og beinveges opplysninga me har sett om at det må ha vorte flota tømmer i Otra ovanfor Sarvsfossen. Dette har det vore stor skepsis andsynes, og i Bykle kultursoge (1993, s. 91) vert det beint fram avvist at det kunne gå an: «Vassvegen kunne ikkje brukast, for Sarvsfossen hindra floting. Tømmeret slo seg sund». Men me kan vera temmeleg trygge på at kaupmann Mørck ikkje ville ha kreditert Tallak for trelast, dersom han inga last hadde fått.

Ein må også spørje seg kva trelasthandlarane i Kristiansand skulle med skogeigedomane sine i Bykle ovanfor Sarv (dvs. i Breive, Hovden, Glidbjørg, Hoslemo, Vatnedalen og Berdalen), om det ikkje hadde vore mogeleg å få tømmeret fram. I så fall skulle dei snøgt ha kvitta seg med skogane att. At det måtte verta heller stort svinn under tømmerflotinga, er sikkert nok, men det må då likevel ha vore ein kostnad som var til å bera.

Då Tallak døydde i 1814, overtok sonen gardsbruket:

  • Olav Tallaksson Hoslemo, f 1792, d 1870
g 1819 m Birgit Auversdtr. Vatnedalen, f 1795, d 1881. Born:
  • Tallak, f 1820, g 1845 m Ingebjørg Knutsdtr. Breive, sjå nedanfor
  • Auver, f 1821, d 1823
  • Hæge, f 1824, g 1845 m Knut Hallvardssson Nesland, sjå Sygard Nesland, gnr 10 bnr 3
  • Auver, f 1827, g 1852 m Gunhild Olavsdtr. Byklum, sjå Systog Stavenes, gnr 16, bnr 6
  • Jon, f 1830, g 1859 m Torbjørg Auversdtr. Gjerden, sjå Øystre Haugen, gnr 14, bnr 21
  • Gunnar, f 1832, g 1865 m Ingebjørg Folkesdtr. Trydal, sjå Heggjeslettune under Innistog, jfr Åsdokk, Trydal
  • Turid, f 1835, g 1859 m Olav Ånundsson Røysland, ikkje born, busett Kjelleberg under Løyland, jfr. Valle VI,
  • Knut, f 1839, lærar, d 1865, ug.

Birgit Auversdotter var frå Der Sø i Vatnedalen, og var dotter åt Auver Jonsson Tveiten og kona, Turid Sigbjørnsdotter, fødd Vatnedalen.

Knut, den yngste av sønene, var nr 1 på kyrkjegolvet ved konfirmasjonen i 1856. Han vart sidan lærar, slik flinke ungdomar på denne tid gjerne vart, men diverre fekk han tæring og døydde 25 år gamal.

Olav og Birgit sat med gardsbruket til 1856, då dei tok foddog og overdrog det til eldste sonen. Han kjem me straks attende til, men fyrst lyt forteljast at foreldra nokre år seinare flutte til Systog Stavenes, som Olav kaupte hjå lensmann Ole Sundsdal i Valle i 1861, prisen var 380 speciar. Kor lenge dei sat i Stavenes kjenner me ikkje til, men dei er iallfall registrerte som busette der i folketeljinga frå 1865. Innan Olav døydde i 1870 må dei ha flutt attende hit, for han vart gravlagd frå Hoslemo.

Bruket i Stavenes gjekk då til sonesonen, Olav Auversson, medan eldstesonen, slik me var inne på, hadde fått skøyte på eigedomen her i 1856.

Tallak O. Hoslemo (1820-1908) fotografert med to barneborn. Biletet er teke av fotograf Mollsted frå Kristiania ein gong kring 1900. Til bygdeboka kom det frå Åshild Hoslemo via Setesdalsmuseet.
Tone T. Hoslemo, g Flateland. Foto av Peder B. Frøysnes, hit frå Setesdalsmuseet.
  • Tallak Olavsson Hoslemo, f 1820, d 1908
g 1845 m Ingebjørg Knutsdtr. Breive, f 1820, d 1891. Born:
  • Olav, f 1846, g 1875 m Sigrid Gjermundsdtr. Byklum, sjå nedanfor
  • Knut, f 1848, d Søgne 1907, lærar og gbr., g 1. 1870 m Johanne Tomine Tellefsdtr. Tangvald, Søgne, f 1851, d 1884, g 2. 1888 m Birgit Olsdtr. Skeidvollen, f Valle 1863, d 1906, busett Tangvald, Søgne, gnr 72, bnr 7, born:
  • Ida, f 1871, g m Severin Olsen Lastad, busett Sangvig, Søgne
  • Teodor, f 1873, g m Gusta Gunvaldsdtr. Tangvald
  • Tønnes, f 1875, til Amerika 1891
  • Kristine, f 1878, til Amerika 1896
  • Anine, f 1880, g m Teodor Olsen Vaagsvold
  • Johanna Tomine, f 1889; Olav f 1891, til Amerika 1907
  • Gyro, f 1897, lagnad ukj.
  • Klara Bergljot, f 1902, d 1903
  • Auver, f 1850, d 1850
  • Åshild, f 1851, d 1940, ug
  • Birgit, f 1853, skreddar, d 1938, ug
  • Sigrid, f 1855, g 1905 m em Knut Knutsson Vatnedalen, sjå Vatnedalen Der hite, gnr 6, bnr 4
  • Ingebjørg, f 1857, g 1889 m Olav Knutsson Vatnedalen, sjå Nordigard, gnr 4, bnr 3
  • Tone, f 1859, d 1860
  • Tone, f 1861, g 1902 m Gunnar Drengsson Flateland, jfr. Valle VI, 272, sjå også nedanfor
  • Gunhild, f 1864, d 1865

Ingebjørg Knutsdotter var frå Midbø Breive, og dotter åt Knut Knutsson på det bruket og kona Åshild Bjørgulvsdotter, fødd Gunvaldjord.

I 1865 hadde Tallak og Ingebjørg hest, 11 storfe, 36 sauer og 17 geiter. Dei sådde 2 1/2 tunner bygg, og sette ut 4 1/2 tunner jordeple.

I folketeljinga frå 1875 vart oppskrive at buskapen på garden var 1 hest og 1 fole, 1 stut, 7 kyr, 5 kalvar og ungnaut, 44 sauer og lam og 16 geiter og kje. Sånaden dette året var 2 tunner bygg og 6 tunner jordeple. Dei som budde her dette året var 10 personar. For det fyrste var det Tallak og Ingebjørg, for det andre var det eldstesonen Olav og Sigrid, kona hans. Vidare var det Åshild, Birgit, Ingebjørg og Tone Tallaksdøtrar, og Birgit Auversdotter, mor deira, som var foddogskjering. Endeleg var det fatiglemen Gunnar Auversson, fødd 1862. Han var frå Systog Stavenes, og brorson åt Tallak. Knut, den nest eldste av sønene, vart nr 1 på kyrkjegolvet ved konfirmasjonen i 1863. Han vart difor kosta utdanning på, og sidan vart han lærar i Søgne. Han gifte seg til eit bruk i Tangvald i den bygda, gnr 72, bnr 7, og der finn me han med kone nr 2 og 3 born i 1900-folketeljinga (jfr. Valle IV, 440 f ). Opplysningane våre om han og borna hans er elles henta i bygdeboka for Søgne (Bråstad, K. : Søgne II, 1989, 436).

Åshild og Birgit Tallaksdøtrer kom båe til å bu hjå systersonen Tallak Olavsson i Nordigard. Birgit døydde der i 1938, Åshild 2 år seinare.

Tone Tallaksdotter hadde i 1895 fått sonen Knut med tenestekaren Åsmund Åvoldsson Byklum. Barnet døydde av kikhosten året etter. Tone vart sidan gift nedi Valle, og er omrødd i Vallesoga under Moen i Flateland (sjå Valle VI, s. 272).

Ingebjørg og Tallak sat med gardsbruket til 1880, då dei tok foddog og overlet eigedomen til den eldste av sønene:

Nigard Hoslemo ca 1890. Rekonstruksjonsteikning av Arne Berg 1962.
  • Olav Tallaksson Hoslemo, f 1846, d 1926
g 1875 m Sigrid Gjermundsdtr. Byklum, f 1850, d 1922. Born:
  • Margit, f 1876, g 1904 m Knut Olavsson Byklum(e.), busett i Amerika, sjå Innistog, gnr 14, bnr 1
  • Tallak, f 1878, g 1923 m Anne Pålsdtr. Brokka, sjå nedanfor
  • Gjermund, f 1880, lærar og gbr., g 1905 m Kristi Åsmundsdtr. Ryningen, sjå Austistog Byklum, gnr 14, bnr 7
  • Ingebjørg, f 1883, g 1921 m Knut Arnesson Byklum, sjå Berg, gnr 15, bnr 12
  • Gunhild, f 1886, g 1915 m Olav Torleivsson Stavenes, sjå Utistog Stavenes, gnr 16, bnr 4-5
  • Knut, f 1889, d 1890
  • Knut, f 1891, d 1938, ug, sjå nedanfor
  • Hæge, f 1895, d 1978, ug. sjå Fossheim, gnr 5, bnr 4

Sigrid Gjermundsdotter var frå Uppistog Byklum, og dotter åt Gjermund Gunsteinsson Byklum og kona Margit Olavsdotter.

Knut, yngste sonen, var sjuk, og hamna på Eg asyl i Kristiansand. Derifrå rømde han 20.10.1938. Noko over eit år seinare, 20.11.1939, vart liket hans funne på heia ved Mosby.

Sigrid og Olav sat med bruket i 25 år. I 1916 tok dei foddog, og overdrog eigedomen til den eldste av sønene:

Frå Nyestøyl i Hoslemoheia ca 1941. Nr. 1 og 2 frå venstre er gjester frå Vennesla. Guten (nr. 3) er Dreng T.Hoslemo (1936-1999,) nr. 4 er mora, Anne P. Hoslemo, fødd Brokka (1893-1985), nr 5 er ei frå Vennesla att, nr. 6 er Pål Hoslemo (f 1929), og nr 7, jenta framfor Pål, er Ingebjørg T. Hoslemo (1935-1988), gift Sordal. Bilete frå Åshild Hoslemo via Setesdalsmuseet.
  • Tallak Olavsson Hoslemo, f 1878, d 1945
g 1923 m Anne Pålsdtr. Brokka, f 1893, d 1985. Born:
  • Sigrid, f 1924, forretningsdrivande, g 1949 m Knut Torjusson Rygnestad, Valle, busett Vågsbygd, sjå Fossheim, gnr 5, bnr 4
  • Gunhild, f 1926, husmor, g m Tom Georg Bakkevoll, Søgne, busett Søgne, born:
  • Olav, f 1928, g m Åshild Tallaksdtr. Hoslemo, sjå nedanfor
  • Pål, f 1929, forretningsdrivande, g 1973 m Rakel Olette Larsen, Sandefjord, f 1931, busett Songdalen, sidan Kristiansand, born:
  • Ingebjørg, f 1935, landpostbod, d 1988, g m Olav Sordal, f 1929, d 1980, busett Bygland, ikkje born
  • Dreng, f 1936, d 1999, skreddar, dreiv forretning med utleige av festklede, g 1960 m Torbjørg Torleivsdtr. Kvestad, f 1938, busett Krisitiansand, born:
  • Leif Arild, g m Anne Brit
  • Tom Vidar, g m Mona
  • Jan Erik, jfr. Valle III, 228

Anne Pålsdotter kom frå Brokka i Oveinang, og var dotter åt Pål Pålsson (Byklum) Brokka og andre kona, Gunhild Drengsdotter, fødd Lunden.

Etter at Tallak var død i 1945, sat Anne i uskifte til 1953, då ho skøytte garden over på den eldste av sønene.

  • Olav Tallaksson Hoslemo, f 1928, d 1975
g 1955 m Åshild Tallaksdtr. Hoslemo, f 1930. Born:
  • Tallak, f 1956, g m Kristin Drevdal, sjå nedanfor
  • Anne, f 1958, lærar, g m Øystein Meling, busett Stavanger, born:
  • Hildegunn, f 1976
  • Arne, f 1983
  • Olav, f 1985
  • Åshild, f 1989
  • Sigrid, f 1990
  • Trygve, f 1963, yrkessjåfør, g m Ragnhild Åvesland, sjå Skogly, gnr 5, bnr 32

Olav fekk som nemnt skøyte på garden i 1953, men i praksis hadde han overteke ei god tid fyre dette, skjønar me, for i 1948 flutte han både innhus og uthus og bygde dei om. I 1963 vart det ny ombyggjing og påbyggjing på stoga. Olav dyrka opp 60 mål innmark i oppsitjartida si.

I 1954 var her hest, 4 kyr, 2 kalvar, 2 griser, 10 sauer og 15 geiter. Denne buskapen endra seg nok noko med tida, men iallfall var her dyr heile tida. Etter at Olav i 1955 gifte seg med Åshild Tallaksdotter frå Nordigard, gjekk han i kompaniskap med verbroren, Hallvard O. Bjørnarå, og dreiv anleggsmaskinfirma. Han var aktiv i det yrket så lenge han livde, og dreiv garden ved sidan av. På toppen av dette rakk han også å stå i ei deltidsstilling som sosialsjef i Bykle kommune.

Eldstesonen overtok eigedomen i 1988:

Tallak O. Hoslemo og Geir D. Bakken på skulegrinda ved Berdalsbru 1963.
Foto: Gerd Fosse Hovden
Huset til Kristin og Tallak Hoslemo frå 1986.
Foto: Aanund Olsnes (2006).
  • Tallak Olavson Hoslemo, f 1956
g m Kristin Drevdal, f 1957. Born:
  • Olav, f 1986
  • Kliff Erik, f 1989

Kristin Drevdal Hoslemo er frå Sogndal i Sogn, og dotter åt Martha Johanna og Klifford Oliver Drevdal. Ho arbeider som styrar i Bykle barnehage. Tallak er rådmann i Bykle kommune. Han og Kristin sette seg opp nytt våningshus på garden, og flutte inn i dette våren 1986. Dei har også renovert uthusbygningen, og driv ved sidan av hovudyrka sine garden med 60 vinterfora sauer.

Det har gått ut ein del tomter frå eigedomen. Dette er for det fyrste nokre bustadtomter ved Berdalsbru, og for det andre ei rekkje hyttetomter. Me nemner bustadtomtene: Bergtun, bnr 2, gjekk til Olav Arneson Nesland i 1952. Fossheim, bnr 4, vart selt til Sigrid Tallaksdotter og Knut Torjusson Rygnestad, mannen hennes, i 1954. Skogheim, bnr 7, vart bortfesta til Håkon O. Breive i 1967. Endeleg vart bnr 32 Skogly skøytt over til Trygve O. Hoslemo i 1988. Desse tomtene og dei som bur der er omtala i eigne artiklar. Hyttetomtene skal me ikkje seia vidare om, men i alt er det utskilt 40 festetomter. Dertil kjem ei handfull sjølveigartomter til skyldfolk.

Innmarka på garden er på 62 mål, medan totalarealet i 1942 vart oppmælt til 7048.

Eksterne lenkjer

Primærkjelder


0941 Bykle komm.png Nigard (Bykle gnr 5/1) er basert på ein artikkel i Heimar og folk i Bykle av Aanund Olsnes, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale utgåva av gards- og ættesoga for Bykle kommune er eit samarbeid mellom kommunen og Norsk lokalhistorisk institutt. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til byklesoga(krøllalfa)bykle.kommune.no.

Sjå også: ForsideFøreordInnleiiingLitteratur og kjelder

Førre bolk: Hagestøyl • Neste bolk: Bergtun

Koordinater: 59.43303° N 7.39773° Ø