Forside:Rein og reindrift

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Rein»)
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Rein og reindrift
Ung rein i Arjeplogs kommun.
Foto: Olve Utne

Rein eller reinsdyr (Rangifer tarandus) er eit hjortedyr som først og fremst hører til i dei arktiske og subarktiske klimasonane. I Skandinavia og nærområda finst det tre underartar av rein — fjellrein (Rangifer tarandus tarandus), svalbardrein (Rangifer tarandus platyrhynchus) og skogsrein (Rangifer tarandus fennicus).   Les mer ...

 
Smakebitar
Den øvste gropa i i fangstanlegget.
Foto: Arnfinn Kjelland (2018)

Ved Gravranden på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.

Gravranden er ein avlang markant haug («rande» i lokaldialekten) orientert tilnærma vest-aust. Det syner ein tydeleg sti etter reinstrekket mellom haugen og ei lita tjønn, som avgrensa området og freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.

Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979). Han meinte det er usikkert om namnet på haugen har med fangstgropene her å gjere.   Les mer …

Reinar i Norður-Þingeyjarsýsla på Island.
Foto: Chris Goldberg
På siste delen av 1700-talet vart det gjort forsøk på å sette i gang reindrift på Island, og i åra 1771–1787 så vel som kring 1850 vart det utsett rein fleire plassar der, inkludert sørvest, nord og aust på Island. Reinane vart innført frå Noreg, og blant dei som stilte dyr til rådigheit veit vi i alle fall om fjellfinnen Peder Jansen, som selde seks reinar til kongen og forærte enda tretti til for det formålet. Peder Jansen vart prisa av amtmann Ole Hannibal Sommerfelt på vintertinget i Alta i 1789, og skriftet Et Par Ord (1790) byggjer på denne talen.   Les mer …

Reinheimen er ei nyare nemning på eit fjellområde som i grove trekk er avgrensa av Ottadalen i sør, Lesjadalføret i nord og Tafjordfjella i vest. Namnet Reinheimen vart først nytta av fjelloppsynsmann Olaf Heitkøtter i ei bok frå 1970-talet. Tidlegare hadde ikkje området noko felles namn. Det er mange minne etter den gamle villreinfangsten i området; dyregraver (fangsgroper) og massefangstanlegg.   Les mer …

Skjenneberg i kjent positur.
Sven Karlsøn Skjenneberg (født 14. desember 1923 i Ogndal, død 4. januar 2009) var veterinær og reinforsker.   Les mer …

Det fremste av dei to reinsdyra på Sagelv helleristningsfelt sett frå motsett side av elva.
Foto: Olve Utne
Sagelv helleristningsfelt er eit helleristningsfelt ved Sagelva i Hamarøy kommune i Nord-Salten. Feltet inneheld to konturframstilte reinsdyr innslipt i naturlig størrelse. Begge desse er rista inn nedom kanten på det bratte svaberget fleire meter over elva. Det finst fleire ulike syn på dateringa av feltet — frå så tidlig som ca 7000 fvt. til så seint som 3000–2500 fvt. Dateringa av Sagelv helleristningsfelt er omdiskutert. Den tidligaste dateringsmodellen tek utgangspunkt i at steinalderfolket ikkje hadde dei taua ein treng for å henge nedover berget og riste inn reinsdyra, og at ristningane derfor må stamme frå den tida at havet stod heilt opp hit og ein kunne riste inn direkte frå båt.   Les mer …

Døme på villreinfangstanlegg Gravdalen i Vågå. I framgrunnen ser vi to mura fangstgroper med ledegjerde. I søkket ned mot åa i bakgrunnen ei grop til og kjøtlager.
Foto: Arnfinn Kjelland (2014)

Den gamle villreinfangsten kan nyttast som fellesnemning på ei utgamal verksemd i sørnorske høgfjellsområde. Sjå om liknande verksemd u Finnmark.

Ein kan til ein viss grad skilje systematisk mellom fangst i høve til jakt, ved at førstnemnde er ein metode som føreset ei form for faste anlegg, «infrastruktur», medan jakt viser til at nokon (jegeren) jagar noko (byttet) over eit areal. Slik jakt er mest aktuell i terreng der jegeren enten kan kome på kloss hald av byttet, dvs. der det er rimeleg tett vegetasjon, eller når jegerane kunne disponere effektive nok jaktvåpen. Men som vi skal sjå kan også fangst kombinerast med jaging.   Les mer …
 
Kategoriar for Rein og reindrift
ingen underkategorier


 
Andre artiklar