St. Olafs kyrkje, óg kalla Engelskkyrkja, er ei anglikansk kyrkje i Balestrand. Ho vart reist i 1897, og er ei etterlikning av ei stavkyrkje, men ho er reist med laft, ikke stavar.
Bakgrunnen for at det ligg ei engelsk kyrkje i Balestrand er stadens popularitet hjå engelske turistar på 1800-talet. Ei av dei var Margaret Sophia Green Kvikne, som var prestedotter og klatrepioner. Ho gifta seg i 1890 med Knut Kvikne, som var vert på Kviknes Hotel i Balestrand. Ho døydde der av tuberkulose i 1894, og på dødsleiet hadde ho røpa for mannen at ho hadde ein draum om å få ei engelsk kyrkje på staden. Knut æra dette ynskjet, og skilde ut ei tomt. To amerikanske kvinner ga store pengegåvar, og berre tre år etter Margaret Kviknes død kunne kyrkja innviast. Les mer …
Jakob Liv Rosted Sverdrup ( Jakob Sverdrup) (fødd 27. mars 1845 i Kristiania, død 11. juni 1899 i Østre Aker) var teolog, folkehøgskulestyrar og ein av dei mest sentrale og omstridde norske politikarane sist på 1800-talet. I januar 1871 opna han Sogndals folkehøiskole. Han hadde vore på studiereise til danske folkehøgskular i 1869, men stilte seg kritisk til dei grundgvigianske ideane. Medan dei andre folkehøgskulane på same tida var grundtvigianske, hadde Sverdrups folkehøgskule eit pietistisk og antigrundtvigiansk grunnlag. Han var styrar ved folkehøgskulen til 1878, men overlet frå 1875 frå seg meir og meir av drifta til Henrik Mohn Dahl som han hadde fått inn som lærar i 1874. Les mer …
Balestrand frå høgda over tettstaden. Foto: Olivier Bruchez (2002)
Balestrand er ein tettstad i Sogndal kommune. Staden var administrasjonssenter i Balestrand kommune før samanslåinga med Sogndal i 2020. Lokalt vert staden ofte kalla Holmen. Han ligg på nordsida av Sognefjorden, vest for innløpet av Fjærlandsfjorden. Pr. 2016 har Balestrand 809 innbyggjarar.
Allereie i siste halvleiken av 1800-talet vart Balestrand ein viktig turiststad. Det er fleire overnattingtilbod der. Det mest kjende er Kviknes Hotel, som opna i 1752 og fekk sitt nåveranda namn i 1877. Den såkalla Fargarstova, som vart flytt hit kring 1877-1878, er ein av dei bevarte bygningane frå denne tida. Det var i Balestrand at keiser Vilhelm II av Tyskland fekk bodskapen om utbrotet av fyrste verdskrigen i 1914. Norsk reiselivsmuseum ligg i Balestrand.
Dei to gravhaugane Balehaugane ligg nær tettstaden. Dei er datert til kring 800 e.Kr., og er knytta til sagnkongen Bele. På den eine står ein statue av Bele, som vart reist av Vilhelm II i 1913. Kommunenavnet kjem frå gardsnamnet Bale, som i sin tur etter tradisjonen kjem frå sagnkongens namn. Les mer …
Henrik Mohn Dahl (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar. Framfor nokon var det Dahl som gjorde Sogndal folkehøgskule til eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn dei siste tiåra på 1800-talet. Som Sverdrup sokna Dahl til den lågkyrkjelege vestlandsfløya i Venstre som skipa Moderate Venstre i 1888. Han vart vararepresentant til Stortinget i 1882 og møtte våren 1885. I 1888 vart han vald til representant og møtte 1889-91. I Sogndal var han ordførar 1886-1893. I 1893 skilde han lag med Moderate Venstre, men då var han òg ute av politikken. Den 17. mai 1914 reiste Sogn høgskulelag ein minnestein over Henrik og Mette Dahl på folkehøgskulen. Les mer …
|