Forside:Sogn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland • Sogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Aurland • Gulen • Hyllestad •Høyanger • Luster • Lærdal • Sogndal • Solund • Vik • Årdal

Om Sogn
Sogn er vist i gult, Sunnfjord i raudt og Nordfjord i blått.

Sogn er eit landskap i Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane fylke) som dekkjer områdi kring Sognefjorden, som er den lengste fjorden i Noreg. I vikingtidi utgjorde området småkongedømet Sogn og seinare i vikingtidi og i høgmellomalderen fylket Sygnafylki (etter Gulatingslovi). Seinare utgjorde landskapet Sogn futedøme, som frå 1630 var delt i to (indre og ytre). Dei andre to landskapi og tidlegare futedømi i Sogn og Fjordane er Sunnfjord og Nordfjord, som saman opphavleg utgjorde Firðafylki ( no Fjordane).   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Kviknes Hotel i nyare tid.
Foto: Commons-brukar Hesse1309

Kviknes Hotel ligg i Balestrand i Sogn og Fjordane. Hotellet skriv seg frå 1752, då bergensborgaren N.C. Gierløw fekk handels- og gjestgjevarløyve på Balholmen. Gierløw og etterkommarane hans åtte handelsstaden fram til 1811. Deretter følgde femti års tid med eigarar som nærast kom og gjekk. Over hundre år etter grunnlegginga, i 1877, overtok Ole Andersson Kvikne, og med han fekk hotellet dagens namn.Nicolai Christian Gierløw fekk i 1752 løyve til å drive som handelsmann og gjestgjevar på Balholmen. Somme år tidlegare, i 1743, hadde han inngått ekteskap med Karen Holm. Ho var enkje etter handelsmannen Niels Eriksen Falch i Feios.

Då Nicolai Gierløw rundt 1770 vart lensmann, overlét han handelen til stesonen Giert Nielsen Falch. Falch var gift med Zithone Samuelsdotter. Då Falch vart gammal, overlét han handelen til svigersonen Jon Bjørnsson frå garden Gjerde, som var gift med Marie Giertsdatter Falch. Frå overtakinga i 1803, dreiv Jon fram til 1811. Då selde han handelsstaden til bergensborgaren J.N. Thee, og dermed var det over etter 59 år og tre generasjonar i same slekta.   Les mer …

Fresvik kyrkje, fotografert av Anders Beer Wilse (1941).
Fresvik kyrkje er ei langkyrkje i tre som står i bygda Fresvik i Vik kommune. Kyrkja, som har 200 sitjeplassar, vart vigsla 29. juni 1881 av prost Jacob Edvard Smith. Arkitekt Johannes Henrik Nissen laga teikningane. Fresvik kyrkje er soknekyrkje for Fresvik sokn, som frå 1999 høyrer til Vik prestegjeld. I forhistoria til dagens kyrkje i Fresvik var biskop Peder Hersleb Graah Birkeland ein sentral pådrivar. Det var han som i 1860-åra sette fram krav om at det måtte byggjast ny kyrkje i bygda, og grunngjevinga var at den gamle var altfor lita. Problemet var at dei fire kyrkjeeigarane var lite imøtekommande. Å vere kyrkjeeigar var inga god forretning, og dei på si side kravde difor at soknet måtte overta ansvaret både for gamlekyrkja og for å få reist ei ny.   Les mer …

Anders Hjellum (døypt Andreas, fødd 13. februar 1870 i Aurland, død 21. november 1950 i Kvinesdal) var gardbrukarson frå Hjellum i Undredal i Aurland. Han tok lærareksamen på Stord seminar i 1891 og var deretter lærar i Vinje i Telemark til 1893. Etter dette var han lærar og kyrkjesongar i Kvinnherad 1893-1895 og Gaular 1896-1897. Han gifte seg i Aurland 26. juni 1895 med Kari Olsdotter Underdal (fødd 1867). I 1898 vart Anders Hjellum tilsett som lærar og klokkar i Jostedalen, og han vart den fyrste klokkaren som budde på Øvregarden, som Jostedal kommune året før hadde kjøpt som klokkargard. Øvregarden var før dette ein fråflytt husmannsplass under Jostedal prestegard. Han var òg postopnar alle åra han budde i Jostedalen.   Les mer …

Gulen kirke (Gulen kyrkje) er en langkirke fra 1863 som ligger i Eivindvik i Gulen kommune, Sogn og Fjordane fylke. Den nåværende kirken er tegnet av Georg Andreas Bull. Det skal ha vært to tidligere kirker på stedet.   Les mer …

Kristen Bakken som ordførar 1946-47.
Kristen Bakken (fødd 11. juli 1920, død 10. februar 2014) var kjøpmann i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Foreldra hans var kjøpmann Thor Bakken og Anna Dorthea (Thea) f. Yttri. Farfaren var ordførar Anders Christenson Ormbergstøl. Kristen Bakken tok i 1941 over som telefonstyrar og styrar av handelsverksemda til faren, og frå 1. januar 1943 var han òg postopnar på Gjerde. Frå 1. januar 1954 tok han over som eigar av handelsverksemda under namnet Thor Bakkens Etterfylgjar. Han dreiv butikken livet ut under namnet Joker Jostedal, som no er den einaste attverande daglegvarebutikken i Jostedalen.   Les mer …

Anders Andersson Haugen (døypt 11. juni 1809 i Jostedalen, død 29. mai 1882 i Ørskog) var frå garden Haugen i Krundalen i Jostedalen. Han var son til Anders Andersson Haugen og Mari Johnsdotter. Anders gifte seg 12. juni 1835 med Mari Tøgersdotter (1810-1888) frå Kruna. Ho var dotter av gardbrukar og lensmann Tøger Larsson Kruna. Syskena til Anders og Mari, Lars Tøgerson Kronen og Johanna Andersdotter, vart òg gifte med kvarandre. Anders fekk skøyte på hovudbruket på Haugen 19. oktober 1836, men han og Mari dreiv ikkje garden lenger enn til 1853. Anders selde då garden til Halvor Sjurson Haugen, og Anders og Mari flytte til Ørskog på Sunnmøre og året etter vidare til Grytten.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Sogn
 
Andre artiklar