St. Olafs kyrkje, óg kalla Engelskkyrkja, er ei anglikansk kyrkje i Balestrand. Ho vart reist i 1897, og er ei etterlikning av ei stavkyrkje, men ho er reist med laft, ikke stavar.
Bakgrunnen for at det ligg ei engelsk kyrkje i Balestrand er stadens popularitet hjå engelske turistar på 1800-talet. Ei av dei var Margaret Sophia Green Kvikne, som var prestedotter og klatrepioner. Ho gifta seg i 1890 med Knut Kvikne, som var vert på Kviknes Hotel i Balestrand. Ho døydde der av tuberkulose i 1894, og på dødsleiet hadde ho røpa for mannen at ho hadde ein draum om å få ei engelsk kyrkje på staden. Knut æra dette ynskjet, og skilde ut ei tomt. To amerikanske kvinner ga store pengegåvar, og berre tre år etter Margaret Kviknes død kunne kyrkja innviast. Les mer …
Jakob Liv Rosted Sverdrup ( Jakob Sverdrup) (fødd 27. mars 1845 i Kristiania, død 11. juni 1899 i Østre Aker) var teolog, folkehøgskulestyrar og ein av dei mest sentrale og omstridde norske politikarane sist på 1800-talet. I januar 1871 opna han Sogndals folkehøiskole. Han hadde vore på studiereise til danske folkehøgskular i 1869, men stilte seg kritisk til dei grundgvigianske ideane. Medan dei andre folkehøgskulane på same tida var grundtvigianske, hadde Sverdrups folkehøgskule eit pietistisk og antigrundtvigiansk grunnlag. Han var styrar ved folkehøgskulen til 1878, men overlet frå 1875 frå seg meir og meir av drifta til Henrik Mohn Dahl som han hadde fått inn som lærar i 1874. Les mer …
Tjugum kyrkje. Foto: Per Olav Bøyum Tjugum kyrkje i 1960 Foto: Nasjonalbiblioteket
Tjugum kyrkje ligg på nordsida av Esefjorden i Balestrand, Sogndal kommune. Då ho vart reist i 1863, hadde Tjugum både bank og gjestehus, og aktiviteten var større på nordsida av fjorden enn i Holmen.
Tjugum er startområdet for Mini Challenge, festivalen si vesle fjordkryssing. Artikkelen om Tjugum kyrkje er ein del av kulturminneløypa Kulturminne langs Sognefjorden. Les mer …
Elevane og lærarane ved lærarskulen på det tredje kullet 1866-67.
Balestrand lærerskole ( Balestrands lærerskole) i Sogn og Fjordane var i drift frå 1863 til 1880. I alt tok 236 elevar eksamen ved skulen, som til liks med Sogndal folkehøgskule sameina pietisme og målsak.Det var truleg den verksame soknepresten Harald Ulrik Sverdrup som sytte for at skulen i Nordre Bergenhus amt vart lagt til Balestrand. Han skreiv i mars 1862 til skuledirektøren i Bergen og la fram ein plan for ein lærarskule med 24 elevar. Lærarskulane skulle stå under oppsyn av presten, prosten og stiftsdireksjonen. Balestrand kommune skulle halde hus for skulen. Les mer …
Eirik Olson Bruhjell (fødd 2. desember 1853 i Balestrand, død 12. september 1941 i Fjære) var prest, målmann og ein av dei fyrste bondestudentane i Sogn. Bruhjell kom frå husmannsplassen Bruhjellshagen under garden Bruhjell i Balestrand i Sogn og Fjordane. Foreldra var husmann og bygningsarbeidar Ola Hermundson Langeteig (1804-1873) og Sigrid Antonusdotter Dale (1804-1895). Eirik var den yngste av fem born, og to av syskena utvandra til Amerika.
Etter å ha gått allmugeskulen i Balestrand vart Eirik i 13-årsalderen teken inn i prestegarden til sokneprest Harald Ulrik Sverdrup. Der var han tenestegut og fekk privatundervisning av prestedottera Elisa til 15-årsalderen. Frå august 1870 til desember 1871 gjekk han Balestrand lærerskole som H.U. Sverdrup hadde skipa nokre år før. Les mer …
|