Forside:Nordfjord

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland • Sogn og Fjordane (Distrikt: Sogn • Sunnfjord • Nordfjord)
KOMMUNE: Gloppen • Kinn • Stad • Stryn
TIDLIGERE KOMMUNE: Hornindal

Om Nordfjord
Drakter frå Nordfjord og Søndelven. Tegna av Joachim Frich (1845)

Nordfjord er den nordlegaste delen av Vestland fylke (før 1. januar 2020 i Sogn og Fjordane). Historisk høyrde det meste av dagens distrikt Nordfjord fogderi, som var eit av dei tre fogderia i Sogn og Fjordane. Distriktet femner om kommunane Bremanger, Gloppen, Stryn og Stad, i tillegg til Vågsøy i Kinn kommune og Hornindal i Volda kommune. Utanom Hornindal grenser alle mot Nordfjorden.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Bauta reist til minne over Knut Gjengedal.
Foto: Annette Langedal Holme/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)
Knut Andreas Gjengedal (født 17. oktober 1900, død 14. februar 1973) var ein lærar og forfattar frå Hyen i Gloppen kommune. Han budde i heimbygda si, Gjengedal, storparten av livet sitt. Han gifta seg i 1935 med nabojenta Eli M. Gjengedal.   Les mer …

Erling Aagedal
Foto: Norske skolefolk, 1952
Erling Aagedal (fødd 17. oktober 1904 på Bjelland i noverande Marnardal kommune, død?) var lærar.

Han var son av bonde Ole Aagedal og Tomine f. Øygarden. Erling Aagedal tok eksamen ved Kristiansand lærarskule i 1925 og eksamen artium ved Firda gymnas i 1929.

Deretter hadde han fleire lærarvikariat i folkeskulen; frå 1931 var Aagedal vikar for andrelæraren ved Fredheim ungdomsskule i Brønnøy.

  Les mer …

Kolbein Skaare. Fotograf ukjent (Kr. Stakston?).
Kolbein Skaare (fødd i Stryn 10. mars 1873, død i Skjåk 1932) var lærar, klokkar og lokalpolitikar i Skjåk. Han var ordførar der 1914-16 og 1920-22. Han representerte Venstre, eller nærare bestemt Arbeiderdemokratene/Radikale Folkeparti. Kolbein Skaare gjekk lærarskulen på Stord. Han hadde også vore ved Viggo Ullmanns folkehøgskule i Seljord, moglegvis på sommarkurs for lærarar som vart haldne der. Fyrste lærarstillinga etter endt utdanning hadde Skaare på Voss. Deretter var han eit par år i Torpa, før han i 1898 kom til Skjåk, der han var tilsett som lærar og klokkar i Nordberg anneks.   Les mer …

Ungdomsbilete av Jacob Aaland. Fotograf ukjent.
Jacob Aaland (fødd i Innvik i Stryn kommune 27. april 1865, død på Sandane i Gloppen 18. oktober 1950) var lærar og lokalhistorikar. Med sine bygdebøker frå Nordfjord under samletittelen Nordfjord frå gamle dagar til no er han ein av dei som har hatt størst innverknad på utviklinga av innhald og form i denne sjangeren. Jakob Aaland verka som folkeskulelærar i 48 år. Fyrste stillinga etter lærareksamen var i Sigdal 1884-1886, så i Brevik 1887-1890, Kragerø 1891-1892 og frå 1892 til 1932 i Bergen ved Fortunen og seinare Lungegården skule. I åra 1914-1919 hadde Aaland statsstipend for å drive med bygdebokarbeidet, og var ute av skulearbeidet. I denne perioden heldt han til på Nordfjordeid, og var da redaktør i Fjordenes Blad. Jacob Aaland var Venstre-mann, og sat ei tid som representant i Bergen bystyre. Han hadde fleire tillitsverv i Bergen, mellom anna var han formann for Bergen lærersamfund.   Les mer …

Henrik Mohn Dahl
Henrik Mohn Dahl (fødd 8. januar 1844 i Bergen, død 19. juni 1909) var teolog, folkehøgskulestyrar i Sogndal og politikar. Framfor nokon var det Dahl som gjorde Sogndal folkehøgskule til eit kulturelt og politisk sentrum i Sogn dei siste tiåra på 1800-talet. Som Sverdrup sokna Dahl til den lågkyrkjelege vestlandsfløya i Venstre som skipa Moderate Venstre i 1888. Han vart vararepresentant til Stortinget i 1882 og møtte våren 1885. I 1888 vart han vald til representant og møtte 1889-91. I Sogndal var han ordførar 1886-1893. I 1893 skilde han lag med Moderate Venstre, men då var han òg ute av politikken. Den 17. mai 1914 reiste Sogn høgskulelag ein minnestein over Henrik og Mette Dahl på folkehøgskulen.   Les mer …

Flofjellsvegen ved Nedstevatnet i Sunnylvsbygda
Flofjellsvegen er ein gamal ferdsleveg over fjellet mellom Sunnylvsbygda i Stranda kommune og grenda Flo i Stryn kommune. Allereie Hans Strøm omtalar vegen i skildringa si av Sunnmøre frå 1764-66. Dei øvste gardane på Sunnylvssida, Brekke og Vollset, høyrde faktisk til Oppstryn sokn fram til 1848. Dei laut da krysse Flofjellet for å kome til kyrkje og utføre offentlege ærend. Overgangen passerer tre vatn. Rekna frå Sunnylvssida er det Nedstevatnet, Stegholvatnet der kommune- og fylkesgrensa delar vatnet i to og Ångelsvatnet. Det er elles Stegholsvatnet som har vore problematisk for ferdsla; der er det høge hamrar rett i vatnet på båe sider. Det måtte ofte brukast båt for å kome forbi her.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Nordfjord
 
Andre artiklar