Forside:Geitbåter

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

KYSTKULTUR
Båtbygging • Klinkbygging • Fyr • Tradisjonsbåtregisteret

østnorske båter • sørvestlandsbåter • midtvestlandsbåter • sunnmørsbåter • geitbåter • trønderbåter • nordlandsbåter
norrøne fartøy • seglfartøy • dampfartøy • motorfartøy

Om Geitbåter
Melfæringen «Glomstadgeita» under segl.
Foto: Olve Utne
(18. juni 2011)

Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmøre og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les mer ...

 
Smakebitar
Gressetbåten.
Foto: Olve Utne
(2011)
Gressetbåten, òg kalla Gressetgeita, er ein honnfyring frå Gresset i Aure kommuneNordmøre. Han er ein geitbåt av aurgjeldstypen og skil seg ut frå andre bevarte aurgjeldgeiter dels ved at han manglar nyare trekk lånt frå åfjordsbåten som vaterbord, skottdrigle og så vidare, og dels ved ein alderdommelig konstruksjon som inkluderer at alle borda er hogne og at framstamnen har ei karakteristisk, alderdommelig form. Da Gressetbåten vart oppdaga av fagfolk, trudde ein at dette var ein båt frå 1700-talet, men ein dendrologisk analyse har datert treverket i båten til 1853.   Les mer …

Gressetgeita er ein fyring av aurgjeldstypen.
Foto: Olve Utne
Ein fyring (med kort y), òg kalla firing, er ein båt med fire par årar. Namnet blir særlig bruka om geitbåtar og åfjordsbåtar. I samband med årfjordsbåter blir namnet (stor)fyreng òg bruka om båter med fem par årar i nyare tid. Fyringen var den minste havbåten og i likheit med femringen vart han tradisjonelt gjerne bruka som linebåt. Han kunne òg fungere som føringsbåt ved behov. Innover på 1900-talet vart åfjordsfyringane ofte bruka til fiskeoppkjøp og salting på Hitra og Frøya. Åfjordsfyringar kunne òg ha løfting, eller avtakbar «hytte». Dei mindre fyringane hadde løftingen midtskips, og så var det rom til sjøbørnar frammi og atti. Storfyringane hadde gjerne løftingen atti.   Les mer …

Nybygd aurgjeldsfyring.
Foto: Olve Utne
(2017)
Aurgjeldsgeit eller aurgjeldgeit, òg kalla aurgjeldsbåt og rett og slett aurgjelding, er den nordligaste av dei tre geografiske hovudtypane av geitbåtane. Dei skil seg ut frå dei to andre hovudtypane ved at dei er noko smalare; dei har lengre kjøl og brattare stamnar; og dei er rigga enten med symmetrisk råsegl eller med lårsegl («geitbåtsegl»), i motsetning til søfjordingen og romsdalsgeita, som normalt allveg er rigga med lårsegl. Med unntak av dei mest alderdommelige båtane har dei gjerne fleire trekk frå dei nyare åfjordsbåtane enn andre geitbåtar har, inkludert vaterbord, rorkult (i staden for styrvol) og festbetar. I nyare tid er aurgjeldsgeita typisk for det gamle Aure prestegjeld, inkludert Rodal og Engdal og Stemshaug, så vel som Vinjefjorden innover mot Vinjeøra i Heim kommune, men i eldre tider (føre kring 1800) ser dette ut til å ha vore den tradisjonelle båttypen i store delar av Trøndelag òg.   Les mer …

«Fjordamerra» på utstilling i Geitbåtmuseet.
Foto: Olve Utne
«Fjordamerra» er ein kyrkjebåt frå Årvågsfjorden i AureNordmøre som vart bygd i 1842. Båten, ein tverrskotta geitbåt av aurgjeldstypen med sju par årar, stod i mange år ute under eit provisorisk tak på Trøndelag folkemuseum - Sverresborg, men har seinare vorte flytta til GeitbåtmuseetEngjan i Valsøyfjord i Halsa kommune på Nordmøre. Nybygde kopiar av «Fjordamerra» inkluderer «Fjordamerra» (1996), som vart bygd av Gunnar Eldjarn og Arne Terje Sæther på oppdrag for Aure historielag, og «Halsabrura», som vart bygd av og for Geitbåtmuseet i 1997.   Les mer …

Melfæringen «Glomstadgeita» under segl.
Foto: Olve Utne
(18. juni 2011)
Omgrepet geitbåt viser vanlegvis til den tradisjonelle opne og oftast spissgatta ro- og seglbåttypen frå Nordmøre og Romsdalen — og i eldre tid Fosen og området kring Trondheimsfjorden òg. Geitbåten hører typologisk sett med til dei rundstemnde vestlandsbåtane heller enn til dei i nyare tid mykje meir rettstemnde åfjordsbåtane og nordlandsbåtane. Geitbåten skil seg ut frå dei andre tradisjonelle opne båttypane frå Vestlandet og nordover ved den korte og relativt djupe kjølen, den halvplanande skrogforma og den svært langstrakte overgangen frå kjøl til stamn — eigenskapar som gjer denne båten til ein djerv havseglar og god bidevindsseglar.   Les mer …

Geitbåtfæring med asymmetrisk råsegl.
Foto: Olve Utne
Eit lårsegl eller asymmetrisk råsegl er eit firskore sneisegl med lutande framlik, bratt atterlik og skråstilt . Visuelt sett minner asymmetriske råsegl om ei samansauma utgåve av gaffelsegl og fokk. I Noreg blir asymmetriske segl tradisjonelt bruka på nordvestlandsbåtar, og da særleg på nordfjordsbåtar, snidbetningar og geitbåtar. På Nordmøre blir dette seglet ofte kalla geitbåtsegl. Seglet er elles utbreidd på Island, i Skottland og England, i Frankrike, der det blant anna er typisk for luggeren, og i Spania, der det er typisk for barcoluengo. Seglet blir dels sett som ei vidareutvikling av råseglet, dels som ei avkappa utgave av latinarseglet.   Les mer …
 
Kategoriar for Geitbåter
ingen underkategorier


 
Andre artiklar