Ole Sivertsen og kona Anne. Biletet må vere teke i 1884 eller litt tidlegare. Fotograf ukjend. Ole Sivertsen Hyrve (fødd i Skjåk 16. mai 1814, død same stad 26. desember 1884) var gardbrukar og politikar i Skjåk og ei kortare periode i Grytten i Romsdalen. Han var ein svært sentral person i Skjåks historie på 1800-talet. Han var leiande innan den liberale fløya i bygda i 1870- og -80-åra, og rakk så vidt å bli leiar i det første venstrelaget i Skjåk det siste året han levde.Ole Sivertsen var fødd og oppvaksen på garden Hyrve i Nordberg sokn i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Anne Olsdotter og Syver Sylfestsen. Båe foreldra var kjende haugianarar i bygda. Han hadde fem sysken. Eldst var broren Sylvester Sivertson.
I motsetnad til broren Sylvester fekk Ole lite og ingenting av skolegang ut over allmugeskolen. Som nittenåring i 1833 var han nokre månader hjå broren i Christiania for å få litt undervisning. Undervisning vart det mindre av, men dess meir politiske og ideologiske impulsar frå det miljøet av bondetingemenn og liberal intelligentsia som Sylvester Sivertson stod midt oppe i. Les mer …
Kart over delar av fallskjermangrepet Lora - Lesja, utført av Lars Hofseth i 1947.
Hendingar i Lesja 9. april - 2. mai 1940 er eit oversyn over hendingar i bygda i perioden frå andre verdskrigen braut ut til dei norske styrkane i Sør-Noreg kapitulerte. Desse knapt tre vekene var relativt dramatiske i Lesja. Nokre dagar etter krigsutbrotet vart mange hundre soldatar frå Møre transportert gjennom bygda med tog og kom i kamp med tyske elitesoldatar som vart sleppt i fallskjerm to stader i bygda. Etter kvart begynte tyske fly å sleppe bomber langs riksvegen og jernbanen, meir og meir intensivt. Engelske troppestyrkar vart sendt igjennom bygda sørover mot fronten på Hedemarken og i Gudbrandsdalen. På Lesjaskogsvatnet vart ein heil flyplass rydda for engelske jagarfly, men nesten alle flya vart øydelagde. Kongen, kronprinsen og regjeringa flykta gjennom bygda mot Romsdalen og etter kvart gjorde òg tusenvis av norske og engelske soldatar det same under stadige flybombing fram til det heile stilna av kring 1. mai og dei tyske soldatane hadde full kontroll. Les mer …
Våningahuset på Ner-Hole, framsida. Foto: Arnfinn Kjelland
Ner-Hole Museum ligg i grenda Romsdalshorn i Rauma kommune. Det vart etablert ved at Grytten Heimbygdslag kjøpte tunet og noko jord av garden Ner-Hole gardsnr 18 bruksnr 2. Museumseigedomen fekk gardsnr 18 bruksnr 8.
Det som er særprega med museet er våningshuset, som er bygd i to etasjar av stein sett i leire. Det er truleg bygd ein gong mellom 1804 og 1815, ifølgje ein sterk lokal tradisjon av Ole Amundsson frå Flatmark f. 1778, d. 1816 på Kabben i Brøstdalen. Ytterveggane er heile 75 cm tjukke og kalka utvendig. Innvendig er huset delt med to steinveggar slik at det har tre seksjonar. Over murane er det tømra to omfar, og gavlane er òg i tømmer. Taket er eit sperretak med mønsås, men utan sideåsar. Les mer …
Rauma er en kommune i Møre og Romsdal. Den ligger lengst sørøst i Romsdal og grenser til kommunene Lesja og Skjåk i Innlandet. I eget fylke til kommunene Fjord, Vestnes og Molde. Åndalsnes er det største tettstedet og kommunesenter, det ligger sentralt plassert omtrent midt i kommunen. Kommunen har flere større bygdesamfunn. På nordsiden av Romsdalsfjorden ligger Isfjorden, Rødven, Eidsbygda, Åfarnes og Mittet. På sørsiden av Romsdalsfjorden ligger Veblungsnes, Innfjorden, Måndalen og Vågstranda. I Romsdalen ligger Marstein og Verma. Kommunen er kjent for sitt typiske fjord og fjellandskap med dype fjorder og høye fjelltopper. Turistnæringen er viktig for kommunen. Åndalsnes er cruisehavn, noe stedet har vært siden 1883. Cruisepassasjerer, sammen med laksefiske i Raumaelv og tindbestigning i de høye fjellene var det som tidligere trakk turister til stedet. Opp gjennom årene har det vært flere overnattingssteder og kjøring av turister har vært en viktig næring i regionen. Les mer …
|