Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune. (2017)
Kolerakyrkjegarden på Dukaneset i Tysnes kommune er den eine av tre gravplassar som vart oppretta etter koleraepidemien i 1849. Dei andre gravplassane er på Jensvoll i Uggdal og Hamarhaug ved Lukksundet, som i dag høyrer til Kvinnherad kommune. I begge høve vart gravplassane, og då særleg gravplassen på Dukaneset, lagt så langt vekk frå folk og vanleg ferdsel som råd, fordi ein var redd for smittefåra og at det ein såg på som pest kunne spreia seg vidare og utvikla seg til ein omfattande epidemi. Gravplassen vart til liks med dei andre kyrkjegardane gjort ferdig og vigsla på vårparten 1849. Året etter vart gravplassen inngjerda med ein steinmur, og i 1874 vart det laga ein smijarnsport. Martinius Tysnes nemner i sin artikkel i Sunnhordland Årbok at slik inngjerding var meir i bruk på Vestlandet enn andre stader. Kolerakyrkjegarden på Dukaneset er i dag overgrodd av gras og buskar og lite vedlikehalde. Det finst ingen synlege spor etter dei ti gravene der. Les mer …
Familien Førsund (med fyrstefødde Solveig) i lærarbustaden i Holmork i Skjåk 1910 eller 1911. Det var på denne tida Førsund komponerte Å Vestland, Vestland. Foto: Ukjent
Sigurd Olsen Vamråk Førsund (fødd 20. september 1884 på Kyrkjebø i nåverande Høyanger kommune, død i Indre Arna i nåverande Bergen kommune 26. november 1970) var lærar, komponist, organist og lokalhistorikar. Han var også engasjert i lokalpolitikk ( Venstre) og i norskdomsarbeid. På landsbasis er han kjend som mannen bak melodien til «Å Vestland, Vestland» med tekst av Tore Ørjasæter, og innspela av Sissel Kyrkjebø på debutalbumet hennar i 1986. Han voks opp på eit bruk på garden Føsund (Fesund, Førsund) som den fjerde i ein syskenflokk på ni. Foreldra var gardbrukarparet Ola Bergeson Vamråk (1854-1946) og Eli Bergedotter fødd Søreide (1853-1943). Familien hadde fleire bein å stå på enn det snaue gardsbruket. I følgje folketeljinga 1900 var Ola Vamråk jekteeigar, og eldstesonen Hans (fødd 1877) er omtala som jekteseglar for eiga rekning. Les mer …
Jens Tvedt (fødd 1857 i Kvinnherad, død 1935) er ein av dei store heimstaddiktarene i norsk litteratur. Få har skildra bygde- og bondeliv på Vestlandet på same vis som han. «Han var en folkelivsskildrer av rang, ekte i sin kjensle og trøysom i sin fortellermåte. Ingen vil angre på å lese ham», skreiv Knut Hamsun om han. I tillegg var Jens Tvedt ein pioner innan det offentlege bibliotekvesenet, som sjefsbibliotekar ved Stavanger bibliotek i ei årrekkje. Jens Tvedt vart fødd i Omvikedalen i Kvinnherad, som son av fanejunker Johannes Tvedt (1817-1918) frå Tveito og Kristi Jensdotter Lund frå Øye på Snilstveitøy. Begge foreldra skal ha vore gode forteljarar, men samstundes rådde pietismen i heimen, som elles i heimbygda. På den andre sida abonnerte faren på fleire aviser og tidsskrift, som den første i bygda, og kjøpte dessutan bøker, og ettersom han ikkje dreiv gard slapp Jens Tvedt unna det daglege slitet i oppvoksteren. Les mer …
Ryvarden fyrstasjon i Sveio kommune ligg på eit nes som stikk godt ut i fjorden, med utsikt til Bømlafjorden nordover og Sletta sørover. Ein smal grusveg svingar seg 2 km utover frå den gamle handelstaden Mølstrevåg og byr på skiftande natur, frå særprega kulturlandskap, gamle steinmurar, eit rikt planteliv til forblåste lyngrabbar. På denne vegen er det normalt kjøreforbod, men det kan gis dispensasjon for kjøring heilt ut.
Etter at Ryvarden fyrstasjon vart automatisert og fråflytta i 1984, har dei gamle bygningane på fyret i Sveio lengst sør i Hordaland fått nytt liv som kultursenteret Galleri Ryvarden, eller som det også vert kalla - Ryvarden kulturfyr. Les mer …
Hjulgogna i den gamle stampa på Hovdanes i Tysnes. I fleire hundre år vart det importert vadmål frå Shetland. Vadmålet vart kalla hjeltavadmål.
Skottehandelen er eit omgrep som gjerne vert brukt om handelen mellom Skottland og øyriket i vest - ikkje minst Shetland - og Sunnhordland. Dei skotske skipa kom til Sunnhordland etter tømmer og anna trelast, og produkt laga av trevyrke. På norsk side vart det importert ei lang rekkje varer, frå korn og tøyvarer til tobakk og brennevin. Handelen pågjekk i fleire hundre år, frå ca. 1450-1750, men heldt også fram etter dette til utpå 1800-talet. Handelen var mest intens i perioden 1550-1650. Sjølve kjernen i handelen på skotsk side var eksport av korn, brød, tøyer, fisk, brennevin og tobakk, i bytte mot særleg tømmer og andre produkt av tre, som seksæringer. Handelen var dominert av nokre få aktørar, som Mowat-familien på Tysnes som tente svært gode pengar på vareutvekslinga. Les mer …
|