Forside:Språkåret 2013

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 15. mai 2023 kl. 11:21 av Marianne Wiig (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Språkåret 2013

Språkåret 2013 er eit jubileumsprosjekt med utgangspunkt i at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan opninga av Det Norske Teatret. Prosjektet var initiert av og er organisatorisk forankra i Nynorsk kultursentrum, med statstøtte frå Kulturdepartementet. Målet er å feire språklege skilnader og mangfald, og å fokusere ikkje berre nynorsken, men også bokmålet, samiske språk, historiske minoritetsspråk og nye innvandrarspråk. Språkåret vart offisielt opna av kulturminister Hadia Tajik den 2. januar 2013 ved eit arrangement i kulturhuset Kilden i Kristiansand. Tidspunkt og stad var bestemt av at Det Norske Teatret hadde si fyrste framsyning i Kristiansand torsdag den 2. januar 1913.   Les mer ...

 
Smakebitar
Illativ er eit lokalt kasus som blir bruka i samiske språk. Illativ, som vi òg kunne kalle dit-kasus, blir bruka om tilstadsrørsle, og i tillegg om nokon ein gjev noko til eller om ein tilstand noko blir endra til. På sørsamisk er den typiske endinga -se i dei fleste orda og -an i ie-stammar, men dei nordligaste sørsamiske dialektane har òg illativsendinga -je. I pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk er den typiske endinga -áj (pite- og lulesamisk ortografi) / -ái (nordsamisk ortografi).   Les mer …

Sää´mođđâz (‘samenytt’) var eit skoltesamisk kvartalsskrift som kom ut i Finland frå 1978 til 1986. Språklig sett begynte bladet som tospråklig finsk/skoltesamisk, men etter kvart tok den skoltesamiske delen heilt over. Bladet var maskinskrive, fotokopiert og distribuert på dugnad. Sää´mođđâz laut gå inn i 1986 etter at det vart umulig å finne pengar til kopiering og distribusjon.   Les mer …

Salmebok på det gamle samiske standardspråket som hovudsaklig er basert på umesamisk.
Foto: Olve Utne
Umesamisk er eit samisk språk som tradisjonelt blir snakka av umesamane. I Noreg har det blitt snakka umesamisk kring Rana og Hemnes kommunar, og i Sverige er umesamisk det tradisjonelle språket blant skogssamane frå sørlige Arjeplog og det meste av Arvidsjaur og Malå kommunar såvel som i Lycksele lappmark sør- og vestover til Umeälven. I eldre tider ser det ut til å ha blitt snakka umesamisk i Åsele lappmark òg — heilt mot grensa mot Jämtland. Språklig sett danar umesamisk ein overgang mellom pitesamisk og sørsamisk. Oftast blir umesamisk rekna til sørsamisk i vidaste forstand, men språket har òg mykje til felles med pitesamisk. Det gamle samiske standardskriftspråket frå 1700-talet og tidlig 1800-tal har i hovudsak utgangspunkt i umesamisk. Det umesamiske språket er kritisk truga i dag, men det blir arbeidd aktivt med revitalisering frå barnehagenivå og oppover. Den moderne umesamiske rettskrivinga vart godkjent av Sametinget i Sverige den 26. februar 2014 og vart med det godkjent som skriftspråk.   Les mer …

Jostedal kyrkje i 1926. I 1907 vart Blix-salmane røysta inn, og i 1923 vart nynorsk liturgi teken i bruk.
Språkskiftet til nynorsk i Jostedalen vart gjennomført med lite strid jamført med mange andre bygder. Jostedalen i Sogn og Fjordane var eigen kommune fram til 1963 og har seinare vore ein del av Luster kommune. Overgangen frå bokmål til nynorsk i folkeskulen i Jostedalen skjedde mellom 1901 og 1916. Denne artikkelen tek føre seg skriftspråkskiftet innanfor skule, kyrkje og kommunal administrasjon med vekt på tida frå kring 1900 til 1920-åra. Det fyrste sporet etter eit engasjement for målsaka i Jostedalen er frå sommaren 1887. Læraren, folkeminnesamlaren og målmannen Olav Sande var då i Jostedalen og samla stoff til Segner fraa Sogn II, og han har fortald at han då hadde med seg landsmålsbøker som han selde. Det er likevel all grunn til å tru at det fanst jostedøler som hadde fått kjennskap til landsmålet og målsaka i god tid før dette, om ikkje anna gjennom blad og aviser. Dei jostedølene som hadde gått på Sogndal folkehøgskule (skipa 1871), hadde òg møtt målsaka der.   Les mer …

Salmebok på umesamisk, det eldste samiske litteraturspråket.
Samiske språk er den språkgruppa innanfor uralske språk som blir snakka av samar. Dei samiske språka viser nærmast slektskap med østersjøfinske språk, som blant anna inkluderer finsk/kvænsk, men slektskapet er ikkje nærmare enn at vi ikkje greier å skilje eit hypotetisk proto-samisk/finsk ut frå det generelle uralske rekonstruerte protospråket. Dei samiske språka kan inndelast i tre hovudgrupper: austsamiske språk, sentralsamiske språk og sørsamiske språk. I Noreg har sørsamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar og offisiell status på kommunalt og fylkeskommunalt nivå innanfor Det samiske forvaltningsområdet. Pitesamisk og skoltesamisk er lokalt utdøydd som morsmål, men revitalisering i nokon grad er aktuelt. Umesamisk er heilt utdøydd i Norge. I Sverige har sørsamisk, umesamisk, pitesamisk, lulesamisk og nordsamisk morsmålstalarar. Förvaltningsområdet för samiska språket, som dekkjer 19 kommunar per 2014, sikrar samiske tilbod i førskulen og eldreomsorgen, og i tillegg har ein rett til å bruke sitt samiske språk i møte med forvaltninga. Det finst likevel ikkje tilbod om grunnskuleutdanning med samisk som opplæringsspråk i Sverige.   Les mer …

Halász Ignácz.
Foto:  ukjent, seinast 1901

Halász Ignácz eller Ignaz Fischer (f. 26. mai 1855 i Tés i Ungarn, d. 9. april 1901 i Budapest) var ein ungarsk-jødisk filolog som i Skandinavia særlig er kjent for arbeidet sitt med å dokumentere samiske språk.

Ignaz Fischer vart fødd i Tés laurdag den 26. mai 1855. Han gikk på gymnas i Veszprim og Stuhlweissenburg og studerte så ved Universitetet i Budapest. Frå 1877 til 1892 underviste han ved overgymnaset i Stuhlweissenburg, og i 1893 vart han utnemnt til professor i ungarsk filologi ved Universitetet i Klausenburg. Mellom 1880 og 1890 sendte Det ungarske vitskapsakademiet han til Noreg og Sverige for å gjera filologisk feltarbeid blant samane.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Språkåret 2013
ingen underkategorier


 
Andre artiklar