Sara vaks opp på garden Ousta (Øststua) til høgre. Foto: Per Magne Grue (1965)
Sara Oust (fødd i Vingelen i Tolga 15. mars 1778, død same stad 25. oktober 1822) var ein av dei tidlege haugianske lekpredikantane i landet. Ho blir omtala som kanskje den mest kjende og avhaldne av pionerpredikantane. Sara skal etter tradisjonen ha blitt vakt ein gong Hauge sjølv var innom i bygda, men opplysningane om dette er usikre. I alle høve byrja Sara snart å halde oppbyggingsmøte og ha samtalar og bøn rundt omkring i heimane i bygda. Etterkvart drog ho som predikant også til andre bygdelag, til Tynset, Oppdal, Gauldalen og andre stader. I Oppdal lærde ho å kjenne ei anna ung kvinne som også var vakt, Randi Hevle frå Drivdalen. Dei to reiste ein del rundt saman og forkynte. Mellom anna er det fortalt om at dei var i Ålen, der dei hadde heldig innverknad i ein heim der folket hadde skeia ut i religiøst svermeri og fanatisme og endatil alvorleg psykisk sjukdom. Les mer …
Skifjord bedehus Foto: Sigrun Espe/Sogn og Fjordane fylkeskommune (2016)
Skifjord bedehus vart bygd i 1914 og står på garden Bjørnestad (gnr 9, bnr. 4) i Hyllestad kommune.
Det vart halde skule i bedehuset for fyrste gong i 1942. Før dette vart det halde skule i ei stove på nabogarden, og før dette i ei stove på ein gard lenger ned mot fjorden. Både hovudsalen og den vesle salen på bedehuset vart brukt til undervisning. Dei fyrste åra var det ingen pultar på bedehuset, men i dei seinare åra brukte dei både pultar og langbord.
Den nye skulen i Skifjorden vart opna i 1955. Etter dette vart bedehuset brukt til skule berre dei åra det ikkje var nok plass på nyeskulen. Les mer …
Laurits Nilsen, fyrste krinsformann.
Lista og Mandals fellesforening starta som eigen krins i 1902 under namnet Lister og Mandals krets. Krinsen var liten samanlikna med dei andre krinsane som vart etablerte kring i Noreg på denne tida. Men Det norske lutherske Kinamisjonsforbund, som krinsen var ein del av, hadde eit omfattande arbeid i denne vesle krinsen. I 1925 vart krinsen slått saman med Kristiansand krets under namnet Agder krets. Røtene til Kinamisjonsforbundet sitt arbeid i denne delen av Vest-Agder fanst først og fremst i Mandal, i krinsen omkring Laurits Nilsen. I 1885 gjekk det ei stille vekking over Mandal. Fleire ungdomar kom med i denne vekkinga. Dei nyfrelste heldt saman i eit lag som sannsynlegvis på vårparten 1890 fekk namnet Misjonsarbeideren. Handeland karakteriserer livet i kamaratlaget slik: «Dei song, bad og las i misjonsblad og i Bibelen.. Men først og sist samtala dei om alt som interesserte dei og var framme i ordskiftet der dei ferdast. Og så gav dei til misjonen.» Henrik Seyffarth var leiaren i dette kristne kameratlaget. Han søkte i 1887 om å bli tatt opp som elev ved Misjonsskulen i Stavanger, men det vart han ikkje. Han ville reise til Kina som misjonær. Les mer …
|