Anna Margriet Cattou (sannsynligvis født 12. mai 1671, død etter 1728) var ei kvinne fra Bergen, utvandrer til Nederland, og medlem av den evangelisk-lutherske menigheta i Amsterdam. Det ser ut til at hun kan ha blitt døpt i Nykirken i Bergen den 12. mai 1671. Da hun ved første lysning den 28. juli 1696 i Amsterdam blir oppført å være 26 år gammel, virker dette sannsynlig. Faren hennes ser ut til å være Didrich Catou, og han er sannsynligvis identisk med en «Dirich Cattow» fra Lüneburg i Nedersaksen som løste borgerskap i Bergen den 13. februar 1666. Les mer …
Åker gard i Vang, Hamar kommune. Peder von Todderud åtte garden frå 1751 til 1764, da han overlet den til sonen. Som rangadeleg person kunne von Todderud nyte dei rettane som hefta ved Åker som rett adeleg setegard. Foto: Cato Edvardsen (2006)
Peder Gulbrandsen von Todderud (fødd 17. juli 1691 i Stange, død 30. mai 1772 i Vang i Hedmark, nåverande Hamar kommune) var ein offiser som mellom anna utmerka seg under Store nordiske krig. Han var fødd i bondestand, men oppnådde generalmajors grad og fekk dermed adelskap. Han kjøpte den adelege setegarden Åker i Vang, og budde der dei siste tjue åra av sitt liv. Han vart kjend for sitt målmedvitne og framtidsretta jordbruk i ein tidleg fase av Opplysningstida.Foreldra var Guldbrand Alfsson (f. ca. 1645) og Bergitte Johannesdotter. Dei var gardbrukarar på Todderud i Stange.
Peder Todderud gifta seg i 1720 i Moss med Maren Olsdotter (1696-1771). Ho var dotter til Ole Jochumsen, formuande borgar i Moss. Les mer …
<onlyinclude> Dale kyrkje i Luster. Dette var kyrkjeleg og administrativt sentrum i det vesle lenet.
Dale len i Luster i Sogn og Fjordane eksisterte frå 1565 til 1614. Lenet vart oppretta av kongen 4. oktober 1565 då Anders Nilsson i Kroken fekk råderett over Dale skipreide mot å vere lensherren på Bergenhus «hørig». Han skulle årleg betale «Afgift, Tjeneste, Tynge og Besværing». Anders Nilsson var gift med Anna Kruckow, dotter til den mektige riksråden og adelsmannen Johan Kruckow.
Til Dale skipreide høyrde sokna Fortun, Dale og Nes. Lensbrevet vart fornya den 10. september 1568, no på Dale prestegjeld som også inkluderte Gaupne sokn som høyrde til Marifjøra skipreide. Anders Nilsson fekk dessutan ettergjeve to års avgift.<onlyinclude>[1] Likevel måtte han gå frå lenet i 1570 grunna økonomiske problem.
Otte Galskjøtt fekk så lensbrev 27. mai 1570, og han skulle få tiende, leidang og "anden Kronens Rettighed fri uden Afgift ad gratiam".[2] Han hadde berre lenet i fem år før Anders Green fekk lensbrev 8. oktober 1575. Han fekk òg lenet avgiftsfritt med "Bønder, Tjenere, Tiende, Leding og al anden vor og Kronens Rente og Rettighed, aldeles Intet undertaget."[3] Green var på dette tidspunktet kansellisekretær og var 1604-14 «Norges Riges Kantsler».[4]
Green døydde i april 1614, og Dale len vart no lagt inn att under Bergenhus hovudlen. Nils Vind hadde fått lensbrev på Bergenhus i 1606.[5] Den 6. desember 1614 fekk han så lensbrev også på «Dals prestegjeld». Han skulle skrive godset inn i jordeboka «og for des visse og uvisse Rente og Indkomst aarligen lader os gjøre gode Rede og Regnskab» frå 1. mai 1615.[6]
Den fyrste lensrekneskapen etter innlemminga i Bergenhus 1615-16 Frå og med 1615 har ein såleis rekneskapar og jordebøker også for Dale len. I den fyrste rekneskapen heiter det at lenet var «lagt vnder Bergenhus lehnn» [7]
Dale len (Luster) heldt fram med å ha eigen fut etter innlemminga i Bergenhus len, og det vart såleis levert eigne futerekneskapar for Dale fram til 1630-åra som gjekk inn i lensrekneskapen for Bergenhus. Anders Lauritssen var fut ved innlemminga i Bergenhus og hadde truleg vore det ei god stund. Futane over Dale len fekk gradvis utvida embetsområdet, og det danna utgangspunktet for utskiljinga av Indre Sogn som eige futedøme i 1635. (Sjå Futar i Sogn for ei liste over futane i Dale len 1615-1635.)
Notar
Kjelder og litteratur
Grevehjelm og krone, slik det var føreskrive i forordninga om Grevernis Privilegier. Merk dei elleve «trallene» (bøylene)i visiret. Lensadel er ei nemning for adelege personar som har godseigedomar i (helst arveleg) forlening og ymse særrettar i vederlag for truskap og tenester overfor lensherren (kongen). Det germanske ordet len har etymologisk same rot som det norske lån, og tilsvara det latinske feudum (lensgods).
Meir spesifikt var lensadel nytta som nemning på den nye, høgadelege standen av grevar og friherrar (baronar) som kong Christian V instituerte i Danmark og Noreg med to forordningar av 25. juni 1671. Eit hovudføremål med dette var å styrke det nye einevaldsregimet i høve til den gamle høgadelen. Med heimel i desse forordningane vart det oppretta i alt åtte grevskap og eit større tal baroni i dobbeltmonarkiet i tida som følgde. Grevskapa og baronia vart tillagde kongelege godssamlingar i arveleg forlening. To av grevskapa og eitt baroni vart oppretta i Noreg, dvs. grevskapa Larvik og Jarlsberg og baroniet Rosendal. Les mer …
Hus på Skjelsbekkjordet og Lunde ved Vestfossen. Helt i forgrunnen ser vi den gamle Kongeveien fra 1620-tallet, som gikk via Lunde ned Vestfossen. I bakgrunnen ser vi Kongsbergveien, en veitrase som også ble tatt i bruk på 1600-tallet.
Kongeveien mellom Drammen og Kongsberg var Norges første offentlige kjørevei, og den første veien i landet som fikk betegnelsen kongevei. Den ble anlagt på 1620-tallet i forbindelse med opprettelsen av Kongsberg sølvverk. Veien gikk på nordsiden av Drammenselva fra Bragernes til Hokksund, der det var offentlig sundsted for kryssing av elva. Deretter gikk veien vestover gjennom Fiskum og Kongsbergskogen til Kongsberg. Les mer …
|