Forside:Ryfylke

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland (Distrikt: Jæren • Ryfylke • Haugalandet) • Vestland
KOMMUNE: Hjelmeland • Kvitsøy • Sauda •Strand • Suldal
TIDLIGERE KOMMUNE: Finnøy • Forsand • Rennesøy

Om Ryfylke
Ryfylke er et distrikt i Rogaland, nord-øst for Stavanger og sør-øst for Haugesund. Distriktet omfatter åtte kommuner: Finnøy, Forsand, Hjelmeland, Kvitsøy, Rennesøy, Sauda, Strand og Suldal. Navnet kommer fra Rygjafylke, som i middelalderen var navnet på det meste av Rogaland. Den nordlige delen, kommunene Sauda og Suldal, er kjent som Indre Ryfylke. Den østlige delen med fjellandskap kalles Ryfylkeheiene. Landskapet i distriktet er svært variert, med øyer og skjærgård, lavland og fjorder, vidder og fjelltopper.   Les mer ...
 
Smakebitar fra artiklar
Rebekka Marie Normann Sareussen.
Foto: Ukjent fotograf
Rebekka Marie Normann (Edvardsen) Sareussen ble født den 7. oktober 1881 på øya Rogla i det som da var Trondenes kommune i Tromsø amt. Her vokste hun opp sammen med de åtte søsknene som kom til etter hvert.   Les mer …

Ein av dei flotte vegkonstruksjonane på driftavegen i Viglesdalen.
Foto: Njål Vadla

Driftavegen gjennom Viglesdalen i Hjelmeland kommune i Rogaland er ein gamal ferdselsveg som følger dalføret innover mot turisthytta Stakken og vidare til Nilsebuvatnet og Nilsebu. Vegen er ein del av nettverket av dei gamle ferdselsårene austover fjellet frå Ryfylke til Setesdal. Frå 2020 har ruta status som Historisk vandrerute

Fyrste del av turen er ein imponerande drifteveg som vart bygd av svenske rallarar i åra 1907-1912. Planen var truleg å bygge den vidare austover. Driftevegen går i et fantastisk kulturlandskap langs sørsida av Storånå frem til Viglesdalsvatnet. Ved enden av Viglesdalsvatnet ligg fjellgarden i Viglesdalen, med arkeologiske spor heilt tilbake til jernalder. Den historiske vandreruta fortsett vidare mot Stakken og Nilsebu. Frå Nilsebu kan ein gå ned til Lysestølane.   Les mer …

Årdal gamle kyrkje i Ryfylke.
Foto: Knut Rage (2013)

Den gamle kyrkja i Årdal, Hjelmeland i Ryfylke, vert rekna som ei av dei mest særprega renessansekyrkjene på Vestlandet. Kyrkja ligg i Årdal sokn i Søre Ryfylke prosti. Kyrkja har langplan og 175 sitjeplassar, og har vernestatus som freda.

Bygginga tok til i 1619, då vart skipet bygd, så kom tårnet på plass i 1623 og koret stod ferdig i 1626. Ettersom folketalet i bygda auka utetter 1600-talet vart det bygd på endå eit korparti i åra mellom 1707 og 1709. Kyrkja vart altså utvida to gongar, og det er dette som har gjeve kyrkja den særeigne forma og kallenamnet "kyrkja under tre tak". Kyrkja er kanskje vel så kjend for sine frodige dekorasjonar.

Tårnet viste seg å vera lite motstandsdyktig mot ver og vind. I 1670 vart det tilrådd å riva tårnet og byggja eit nytt. Men det skulle koma til å gå nokre år før det skjedde. Først då kyrkja vart utvida i åra 1707-1709 kom det nye tårnet på plass. Det er det same tårnet som framleis står i dag.   Les mer …

Vidvei ved Suldalseidet.
Foto: Ekrheim (2008)

Vidvei er ein gard og ei grend i Suldal kommune i Rogaland. Garden ligg sør for Suldalseidet, og har gardsnummer 16. I dag blir namnet særleg nytta om bruket 16/13, men eit langt større område ved eidet tilhøyrde garden.

Oluf Rygh forklarar namnet som norrønt víðr, «vidstrakt» og eið, «eid». Dette har omsyn til eidet over frå Hylsfjorden til nedre del av Suldal. Den eldste kjende forma av namnet er Vidueidh i 1455, og Rygh meinar at dette kan vere ei gamal fleirtalsform Víðu-eið(ar). Det kan ut frå dette tidleg ha vore fleire bruk på garden. Andre kjende namneformaer er Weduiig (1567), Miduei (1606), Wediei (1610), Wedey (1661) og Wedweye (1723). Godkjend skrivemåte i dag er Vidvei.   Les mer …

Kvitsøy fyr i 2004.
Foto: Roar Johansen

Kvitsøy fyr ligg i Kvitsøy kommune. Det blei etablert i 1700 og er såleis eit av dei eldste fyra i landet.

I følgje lokal tradisjon skal det liggja ei dramatisk hending bak opprettinga av Kvitsøy fyr. Ei vinternatt i året 1700 kjempa eit skip seg innover mot Stavanger i ein forrykande storm. Fartøyet unngjekk såvidt dei farlege skjera ved Kvitsøy. Ombord var Henrik Petersen Ystad. Han hadde rundt 1690 etablert seg som skippar og skipsreiar i Stavanger. Henrik skal medan stormen rasa, ha lova Vårherre at dersom dei kom trygt fram til Stavanger, skulle han sørgja for å få reist fyr på Kvitsøy og ved Karmsundet. Ein meir dramatisk variant av denne historia går ut på at skipet forliste og Henrik hamna i sjøen. Der skal han så ha gjeve lovnaden om å bli fyrbyggjar, viss han vart berga.   Les mer …

Ole Kallem (bilde skannet fra boka om Inntrøndelagen fylke av Det norske totalistlag 25 aars minne (1891-1915).
Ole Kallem (født 1813 i Sand i Ryfylke – død i mars 1885 i Skien) var en husmannssønn som ble landskjent misjonær (emissær) og avholdsagitator for Det Norske Totalavholdsselskap. I 1879 stiftet Oscar Nissen Trondhjems og omegns totalafholdsforening der Kallem var tilstede og ble inspirert til å agitere for avholdssaken. Det fortelles at Kallem stifta over 100 avholdsforeninger over det ganske land, og når en betenker at dette skjedde i løpet av hans siste sju leveår, blir man imponert, ikke minst med tanke på tidens kommunikasjonsmidler. Det var for øvrig Kallem som i forbindelse med at Lånke lag av D.N.T. ble stifta, også førte Enok Berg inn på avholdssporet, da vekkelsen gikk opp Stjørdalen på 1880-tallet.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Ryfylke
 
Andre artiklar