Årstalsliste for Austevoll
Årstalslista for Austevoll er under arbeid. Innhaldet gjev ei oversikt over sentrale hendingar, stader, personar, verksemder og anna i kommunen frå dei eldste tider og fram til i dag. Lista er ikkje fullstendig, og ho vil bli supplert og vidareført. Årstalslista vil dessutan få ei ny utforming med bilde, kart, statistikk, avisutdrag og anna som kan illustrera innhaldet. Meininga er at det med grunnlag i lista, skal skrivast artiklar som utdjupar det som er nemnt her. Bakgrunnsstoff til artiklane kan ein mellom anna finna i bibliografien til Austevoll. Til saman vil dei leksikale opplysningane og artiklane utgjera eit nettbasert oppslagsverk om kommunen si historie. Årstalslista er plassert på Austevoll kommune si forside.
Forslag til endringar, tillegg, utbygging m.m. er velkomne.
Førhistorisk tid
- Det er gjort 10 000 år gamle ulike lausfunn på fleire av øyane
- Gravhaugar frå steinalder, bronsealder, jernalder og vikingtid registrerte
- Tre svært fint utforma steinøkser frå midten av steinalderen, ca. 4000 f. Kr., funnen på Kalvenes på Selbjørn. Øksene er truleg lagde i myra som offergåve
- 30 plassar med steinalderfunn på Stolmen
- 10 000 år gamle buplassar på Stolmen
- Utgraving av fem buplassar i 1999 på Haugland på Huftarøy og ein på Storholmen der vegtraseen til Austevoll-bruene går. Tuftene er frå eldre steinalder til jernalder. Funnlista finn du her
- Gravrøys frå bronsealderen på Kongsarfjellet på Selbjørn
- Fleire gravrøyser frå yngre steinalder eller tidleg bronsealder og bygdeborg frå folkevandringstida på Møkster
- Steinsirkel på Blænes på Huftarøy datert til jernalder
- 18 meter lang langrøys frå bronsealder ved Solesvik på Huftarøy
- Rundrøys med ein diameter på 10 meter frå bronsealder ved Solesvik på Huftarøy
- To klebersteinsskåler frå høvesvis eldre og yngre jernalder funnen på Valhammar på Stolmen
- Klebersteinsbrot fleire stader på Lunnøy og Stolmen (Grotkloven)
- Kvinnegrav frå vikingtida (750-1030) på Toranger på Hundvåkøy opna i 1910. Funn av vevskei, sauesaks, sigd, nøkkel, oval bronsespenne, snellehjul, ljåsteinar, vevlodd og reiskapar av kvalbeinrestar
- Tre sigdar frå yngre jernalder funnen i ei myr på Storebø på Haftarøy. Truleg offergåve
- Vikingtidsgarvhaug opna på Hufthammar på Huftarøy i 1958 av arkeolog frå Bergens Museum
Middelalderen
- Mellom 1108 og 1111
- Øystein Magnusson, konge 1103-1123 og bror til Sigurd Jorsalfar, bygde varde ved innseglinga til Bjørgvinleia. Dette var truleg på Marsteinen
- 1100-/1200-talet
- 1220
- Stolmen og Selbjørn nemnde i Den yngre Edda
- 1240
- 1. påskedag: Kong Håkon Håkonsson til messe i Sandtorv kyrkje
- 1300-talet
- Storekalsøy nemnd i Hálfs saga, ei fornaldersoge nedskriven tidleg på 1300-talet der hovudpersonen var den berømte norske sjøkongen Hálf frå 700-talet.
- 1360
- Stavkyrkjene Møkster kyrkje og Sandtorv kyrkje er nemnde i jordeboka Bergens kalvskinn frå ca. 1360
1500-talet
- 1500-talet
- Altarskåp og Olavsfigur frå Sandtorvskyrkja utstilte på Bergen museum
- Stolmastova, ei årestove, bygd av rundtømmer som er vakse på Stolmen. Stova står på Sunnhordland Museum.
- 1510-1520
- Altarskåpet i Sandtorv stavkyrkje laga i Nederland
- 1519
- Tiendepengeskatten innført. Dei fleste navnegardane i Austevoll betalte denne skatten
- 1563
- Jens Stoelsundt dreiv handel og utrustning av skip i Stolmevågen
- 1590
- Slutten av 1500-talet: Hollandske skuter kjøpte hummar og laks i Stolmavågen. Hollendarane lærte fiskarane på dei ytre øyane å fiska hummar og krabbe med teiner.
1600-talet
- Bergenske borgarar dreiv fiske- og hummarhandel med hollandske, engelske og skotske skuter i Stolmavågen.
- Bergensborgaren Didrich Messing (fødd 1615, død ca. 1690) slo seg ned på Våge på Stolmen og dreiv jordbruk, gjestgiveri, kremmarhandel og ein omfattande fiske- og hummarhandel med hollendarar, skottar og engelskmenn i Stolmavågen.
- Røykstove bygd på Hufthamar, i 2014 restaurert bygning på Hufthamartunet
- 1626
- Kvalvåg var fiskevær med handel og gjestgjeveri
- 1626
- Kremmarhandel, gjestgiveri og kipparstove i Stolmevågen
- 1630-åra
- Lunnøy busett
- 1634
- Kremmarverksemd i Bekkjarvik
- 1635
- Kyrkja på Sandtorv flytt til Hundvåkøy
- 1645/1646
- 1650 (ca.)
- Austre Bakholmen gjestgjevarstad og kremmarhandel
- Krosshamn var gjestgjevarstad
- 1668
- Kremmarsete og skjenkjestove på Bakkasund (Nautøya)
- Kremmarhandel i Klepsvik
- Kremmarsete på Salthella
- 1693
- Ingebrigt Svendsen Sandtorv (fødd ca. 1629) utnemnd til lagrettemann
1700-talet
- 1701
- 356 mannspersonar registrert i Austevoll sokn i følgje Manntallet 1701
- 1703
- Austevollfiskarar innblanda i strid om et nytt fiskeagn
- 1720
- 29. april: Norsk losvesen oppretta. Losstasjonar på Stolmen, Møkster og Kalve
- 1723
- Vestre Bakholmen privilegert gjestgjevarstad
- 1740 (ca.)
- Øl-kippar Jan Nielsen Meyer rett til ølservering i Korshamn
- 1745 (ca.)
- Kompassrose med ein diameter på 56 cm hogd inn i fjell på Nautøy ved Storekalsøy. Nytta som hjelp i kystnavigasjonen, for losane, for gjestgjevaren på øya og inngjekk under Napoleonskrigane i den optiske telegrafen.
- 1760
- Krohald og gjestgjeveri i Bakkasund
- 1765
- Rasmus Johannesen Uglenes/Sandtorv omgangsskulelærar i Austevoll sokn
- 1769
- Folketalet 1265
- 1770-åra
- Stolmarane begynte med brugdefangst. Dreiv dette fisket til omkring 1900.
- Thor Larsen Backe (f. 1739) fann den gode fiskeplassen, som vart kalla Torsnubb, vest for Storekalsøy. For dette fekk han diplom og sølvkrus frå Kong Christian VII.
- 1778
- Sørvik på Stolmen vart skattelagt kastevåg med 5 riksdalar
- 1791
- Austevoll vart delt i tre skuledistrikt.
1800-1850
- 1801
- Folketalet 1592
- Ufredsåra 1807-1814
- Mange losar og fiskarar frå Austevoll tekne til fange av engelske krigsskip. Fleire sat i fengsel (i prisonen) i England i opp til fem år
- Optisk telegraf eller signalflaggstasjonar, som eit ledd i kystforsvaret, oppretta på Stolmen, Litlekalsøy, Møkster, Horgo og Storekalsøy.
- 1808
- Stor- og vårsilda kom igjen etter å ha vore borte i nærmare 40 år.
- 1815
- Folketalet 1574
- 1820-åra
- Store sildeinnsig og mange store landnotsteng i Austevoll
- 1825
- Folketalet 1770
- 1835
- Folketalet 2101
- 1836
- Inndelinga av skuledistrikta vart endra.
- 1837
- Sund og Austevoll oppretta som kommune. Kommunen hadde fire sokn: Sund (hovudsokn), Fjell, Austevoll og Møkster
- 1845
- Folketalet 2222
- 1846
- Første moderne kilenot (laksenot) med botn teken i bruk på Stolmen. Rasmus Brandesund frå Bømlo lærte stolmarane å bruka denne nottypen som avløyste varpenota/sitjenota.
- 1849
- Koleraåret. Kolerakyrkjegardar fleire stader i Austevoll og Møkster sokn
- Økshamaren fyrstasjon i drift.
- Pirholmen fyrstasjon i drift. Nedlagt og erstatta av fyrlykt i 1900
1850-1900
- 1858
- Dei første notlaga til Island på prøvefiske etter sild utrusta frå Bergen og Ålesund. A. A. Hille frå Austevoll leia notlaga.
- 1855
- Folketalet 2493
- 1860-åra
- Ishus på 325 kvm reist i Stolmavågen av Handelshuset Samuel R. Groom & Sønn frå Stavanger.
- 1865
- Første fastskule på Stolmen i bruk
- Folketalet 2698
- 1867
- 1. februar: Bakholmen postopneri etablert. Nedlagt 1. juli 1940
- 1868
- Første rutebåt mellom Bergen og Haugesund. Haugesund Dampskipsselskap sette inn frakt- og passasjerbåten D/S Karmsund i ytre lei.
- Første Trolandshamar skule i bruk
- 1870
- 4. juni : Stolmen postopneri etablert. Nedlagt 16. november 1998
- 15. oktober: Bekkjarvik postopneri etablert. Nedlagt ?
- 1874
- Austevollingar deltok første gong i Nordlands-fisket
- 1875
- Folketalet 2856
- 1876
- Første Vinnes skule i bruk
- 1877
- Marstein fyrstasjon i drift
- 1879
- Ny skule på Stolmen
- 1879-1885
- Den første perioden med drivgarnsfiske på Island. Fleire båtar frå Austevoll deltok
- 1880
- Smie i Bekkjarvik. Eigar Ivar Haldorsen
- 1881
- Første Storekalsøy skule i bruk
- 1882
- 1. oktober: Bakkasund postopneri etablert. Nedlagt ?
- 1883
- Landhandlar, dampskipsekspeditør og krigsfange Abelone Møkster fødd. Døydde i 1975.
- 1886
- Austevoll eigen kommune, skild ut frå Sund
- Ole Strømme (1856-1940) første ordførar frå 1886-1901
- 1887
- Første Storebø skule i bruk
- Første Selbjørn skule i bruk
- 1888
- Jan Pettersen (1863-1914) kjøpte handelsstaden Kvalvåg
- Austevoll residerande kapellani
- 1890
- Folketalet 2862
- Loshytta på Kalve stod ferdig
- 1891
- Austevoll kyrkje på Storebø stod ferdig. Gamlekyrkja på Hundvåkøy seld på auksjon
- 1892
- Møkster kyrkje på Stolmen stod ferdig
- Storekalsøy kapell vigsla
- 1893
- Olai H. Storebø. Landhandel oppretta på Storebø av Jan Pettersen frå Stolmen. Seinare overteken av Wilhelm Notnæs
- 1894
- Seglkutter frå Møkster deltok truleg som første austevollsbåt på makrelldorgefisket i Nordsjøen
- 1. juli: Storebø postopneri etablert
- 1895
- Første Eido skule i bruk
- Første Kolbeinsvik skule i Beinskroken i bruk
- 1896
- Sund og Austevoll Sparebank oppretta
- 1. april: Krosshamn postopneri oppretta. Nedlagt 1. oktober 1985
- Første Møkster skule i bruk
- 1897
- Olaf Halstensen kjøpte handels- og gjestgjevarstaden Bekkjarvik
- 1898
- 1. oktober: Torangsvåg postopneri etablert. Nedlagt ?
- 1. Oktober: Vinnesvåg postopneri etablert. Nedlagt ?
- Bekkjarvik kapell stod ferdig
- Nils Leknessund. Landhandleri oppretta i Torangsvåg av Knut Toranger
- Vågholmen fyrlykt i drift
- 1899
- 1. januar: Rabben postopneri oppretta. Nedlagt 1. september 1967
- L. A. Rostøen. Landhamdel oppretta i Rostøysundet. Rutebåtekspedisjon
1900-1950
- 1900
- Folketalet 2970
- Stolmen Ungdomslag stifta som det første ungdomslaget i kommunen
- Frå (ca.) 1900: Dei første Austevoll-skutene deltok i torskefiske og drivgarnsfiske etter sild på Island.
- 1901
- Skulehus på Gauksheim
- Korsfjorden Felleslosing skipa
- Sju telegrafstasjonar oppretta i kommunen: På Hundvåkøy, Møkster, Selbjørn, Stolmen, Storebø, Storekalsøy og Søreide.
- 1902
- Rostøy brevhus og postopneri oppretta. Frå 1. april 1920 postopneri. Nedlagt ?
- Peder Olai Kleppe (1872-1932) ordførar 1902-1919
- 1903
- Utprøving av snurpenot i sildefisket på Island
- Hevrøy skule i bruk
- Det første ungdomshuset i kommunen stod ferdig på Stolmen
- 1907
- Kalvenes brevhus og postopneri oppretta. Frå 1. januar 1947 postopneri. Nedlagt 1. september 1967
- 1908
- Heiberg Christophersen. Landhandel oppretta på Rabben
- L. O. Waage. Landhandel oppretta på Stolmen. I 1932 overtatt av Elfryda Waage under namnet L. O. Waages Enke. Landhandel. Nedlagt i 1953
- Kolbeinshavn AS. Landhandel oppretta i Kolbeinshamn
- 1909
- Brørne Hans Halstensen og Andreas Halstensen overtok drifta i Bekkjarvik
- 1910
- Folketalet 3016
- Austevoll eige prestegjeld
- 1. Januar: Møkster postopneri oppretta. Nedlagt ?
- Litlekalsøy skule i bruk
- Mikal J. Rostøy. Smie og mekanisk verkstad oppretta på Rostøy
- A. Haukanes. Slipp og mekanisk verkstad oppretta i Husavik
- Møgster Landhandel oppretta på Møkster. Ekspedisjon for Haugesund Dampskibsselskab
- Stolmen Fiskeriforening stifta
- 1912
- Selbjørn Fiskeriforening stifta
- 1913
- Over tre kilometer veg bygd på pliktarbeid stod ferdig på Stolmen
- 1. september: Austevollshella brevhus og postopneri oppretta. 1. juli 1919 postopneri Nedlagt 1. september 1967
- 28. mai: Lærar, lokalhistorikar og lyrikar Johan Tufteland fødd på Stolmen. Døydde 25. februar 1998
- Første Drivenes skule i bruk
- Sandtorv skule i bruk
- 1914
- Stolmen helselag stifta
- 1915
- 15. januar 1915: Eido brevhus opna. Nedlagt 1. mai 1964
- 15. januar: Kolbeinshamn brevhus opna. Nedlagt 1. mai 1964
- Første landpostrute opna: Storebø-Austre Storebøvågen-Kolbeinshamn-Haukanes-Eido
- Austevoll eige legedistrikt
- T. O. Fagerbakke. Landhandel oppretta i Fagerbakkevågen. Skipsproviant, sildesalteri, omsetning av fisk, hummer og krabbe
- 1916
- M/S Falken den første dampdrivne snurparen i kommunen
- Arne Kalve. Landhandel kjøpte handelsstaden Bahus på Bakkasund av Jan Pettersen frå Stolmen. Dreiv landhandel, sildesalteri, selde kol og bunkers og utstyr til fiskeflåten.
- Toranger slipp og mekanisk verksted oppretta i Torangsvåg under namnet Austevoll Mekaniske Verksted
- 1. september 1916: Salthella brevhus og postopneri oppretta. Postopneri frå 1. oktober 1919. Nedlagt 1. mai 1969
- 1918-1919
- Austevoll hardt ramma av Spanskejuka
- 1919
- Peder Olai Kleppe (1872-1932) første stortingsrepresentant frå Austevoll. Sat i ein periode. Kleppe var ordførar i Austevoll 1902-1919
- Vinnesvåg Handelslag LL oppretta i Vestre Vinnesvåg
- 1920
- Folketalet 3351
- Seglbåten Atalanta frå Austevoll tok gull i segling i 12-meterklassen i olympiaden i Belgia
- Skulekrinsane Bratta, Haukanes, Litlekalsøy, Møkster, Stolmen og Søreide skifte frå bokmål til nynorsk som opplæringsspråk.
- Merkeregisteret for fiskeflåten vart innføert. Det har alle nødvendige opplysningar om fiskebåtane.
- 66 % av arbeidstakarane i kommunen var fiskarar
- 1921
- Nils N. Aarland kjøpte handelsstaden Kvalvåg
- 1923
- Drøna skule i bruk
- 1920
- Olai Naustheller ordførar 1920-1925
- 1922
- Første statstilskot til vegar i Austevoll
- Olai Østervold. Landhandel oppretta på Austevollshella
- 1924
- Austevoll Mållag skipa
- 1925
- Haukanes skule i bruk
- 14. august: Nils N. Aarland jr. etablerte C. Aarland A/S. Landhandelfilial på Årland på Stolmen
- Alfred Johnsen. Landhandel oppretta på Møkster. Ekspedisjon for Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap
- 1926
- Mikkel Nilsen Birkeland ordførar 1926-1935
- 1927
- Olaf Halsteinsen. Landhandel oppretta på Salthella. Ekspedisjon for Haugesund Dampskibsselskab. Omsetning av hummar, krabbe og fisk
- 1928
- Stolmastova flytt til Sunnhordland museum
- 1. november: Litlekalsøy brevhus og postopneri oppretta. Postopneri frå 1. november 1951. Nedlagt ?
- 1929
- Vinnes skulekrins vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
- 1930
- Folketalet 3559
- Skjergardsruta mellom Hjellestad og Austevoll kom i gong med gods- og passasjerbåten M/S Falken.
- 1931
- 23. november 1931: Hevrøy brevhus opna. Nedlagt 15. oktober 1974
- Bratta skule i bruk
- 1932
- Fugløy busett
- 1933
- Nynorsk i bruk som tenestemål i kommunen
- 1934
- 1. oktober: Kolbeinsvik brevhus og postopneri oppretta. Postopneri frå 1. juli 1938. Nedlagt ?
- Skjergardsruta mellom Hjellestad og Austevoll gjekk konkurs. Nils Olai Heimark overtok rutedrifta med M/S Falken.
- Brødrene Kalvenes & Co fiskebåtrederi A/S oppretta
- 1935
- Storebø skulekrins vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
- Magnus Larsen ordførar 1935-1937
- 1936
- Drivenes, Gauksheim og Trolandshamar skulekrinsar vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
- J. Taranger skipsrederi og agentur oppretta i Torangsvåg.
- 1937
- Drøna skulekrins vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
- Ny skulebygning på Stolmen
- Regjeringsforbod mot å bruka motor i berre ein av notbåtane/dorryane. Forbodet oppheva 1943 etter sterkt press frå notfiskarane.
- Klepsviks Barkeri A/S oppretta på Storekalsøy. Barking, nothenging, reparasjon og montering av nøter
- J. Taranger. Skipsrederi oppretta på Torangsvåg. Handel, bergingsverksemd, sildesalteri. Rutebåtekspedisjon
- Ingvald Tveit. Landhandel oppretta i Heimark
- 1938
- Kolbeinsvik skulekrins vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
- 15. mai: Kalve brevhus opna. Nedlagt 1. april 1967
- Det store sildekastet på Sørvik på Stolmen, 12 000 hektoliter stengd med landnot
- Salomon O. Fagerbakke ordførar 1938-1945
- 1939
- Hevrøy, Horgo, Selbjørn, Storekalsøy og Sandtorv skulekrinsar vedtok språkskifte frå bokmål til nynorsk
- Den nybygde gods- og passasjerbåten M/S Skjærgaard vart sett inn i ruta mellom Hjellestad og Austevoll. Båten var bygd i Forlandsvåg i Sund kommune, og i 1943 ferdig ombygd og forlengd i Sagvåg på Stord. Båt og mannskap blei overtatt av tyskarane og var i tysk teneste resten av krigen.
- Kvalvåg Landhandel A/S oppretta av Nils Aarland. Seinare overteken av Herlaug Aarland
- 1940-1945
- Olav Drønen (f. 1914) dreiv motstandskamp under heile krigen frå mai 1940.
- Johannes Kalve (1919-20??) med i Shetlandsgjengen frå 1942. Kalve hadde 41 turar med torpedobåten mellom Norge og Shetland. I tillegg fleire turar med fiskebåtar. Høgt dekorert.
- Anders Merkesdal (f. 1917) frå Kolbeinsvik. Merkesdal hadde 59 turar mellom Norge og Storbritannia frå 1942, dei fleste med motortorpedobåt. Var med i Shetlandsgjengen
- Abelone Møgster (1883-1974) arrestert 25. juni 1942 og sendt til Tyskland for motstandsarbeid på Møkster.
- Lars Rostøen (f. 1902) og kona Birgitte Rostøen dreiv motstandsarbeid 1941-1942. Lars arrestert 1942 og sat i Sachenhausen til 1945.
- Torkjell Rostøen (f. 1917) frå Rostøy, befalsutdanning frå England, med i kommandostyrke som dreiv sabotasje mot tyske anlegg i Norge, mellom anna Sagvågraidet
- Øyvind Skåtun frå Storebø oppretta illegal lyttestasjon på Loddo ( i Skåtunshola) saman med bergensaren Per Johannessen
- Trygve Thorsen (f, 1915) frå Storekalsøy med i dei innleiande kampane i aprildagane 1940
- M/K Sjølyst gjekk fleire turar med flyktningar mellom Shetland og Austevoll
- 17. mai 1940: Per Klepsvik frå Storekalsøy rodde ein 15 fots oselvar til Skotland saman med Johannes Baldersheim frå Bømlo. Turen tok fire døgn og sju timar
- 8. juni 1940: Dei første tyskarane kom til Stolmen for å setja i gong bygging av radarar
- 21. august 1941: M/B Kolbjørn til Orknøyane med ni austevollingar om bord
- Januar 1942: Nordlys frå Fitjar til Skotland med austevollingar som leiarar i marinens teneste
- 26. april 1942: M/B Sjø med fire flyktningar frå Austevoll til Storbritannia
- 21. september 1941: M/S Sjølivet frakta 17 personar til Shetland.
- 23. september 1941: M/S Sund I frakta 24 personar til Orknøyane.
- Frå 1942: Motstandsreir på Drøna.
- 1942: Ubåtjagarane/torpedobåtane Hitra, Vigra og Hessa kom frå USA. Jagarane gjorde 109 turar over Nordsjøen utan tap. Mange austevollingar mannskap på båtane. Utførte fleire oppdrag i Austevoll.
- Jula 1943: Kong Haakon 7. fekk juletre frå Hestavika i Austevoll. Frakta til England med torpedobåten Hitra
- 4. juni 1944: M/K Njaal til Shetland. Fleire turar over Nordsjøen
- 7. Mars 1945: M/S Havøy frå Stolmen til Shetland med sju personar om bord
- 11. april 1945: M/S Heimly frå Storekalsøy til Shetland. Sju ettersøkte bergensarar ombord
- 21. april 1941: Engelsk fly skote ned under luftkamp over Austevoll. Vraket og tre døde flygarar funne på Drøna
- Tyske lyttestasjonar på Stolmen. Store anlegg med opp til 600 tyskarar på øya
- Motstansgruppa Eksport- og importgruppe Milorg Bergen og omland heldt til i Tuftevika på Selbjørn. Organisert frå Bergen. Stod for transport av personar til Shetland, våpen og anna krigsmateriell tilbake.
- 1941
- Taranger bergingskompani oppretta av Johannes Taranger (1894-1973). Avvikla i 1957.
- Den første brua over Torangsvågen, ei trebru, stod ferdig.
- 1942
- 2. klasse kystskipperskule på Selbjørn
- 1943
- Sandvik Trevarefabrikk oppretta i Sandvikhamn
- 1944
- Boka På fiske i 70 år utgitt. Nils Djupevåg (1855-1947) fortel til Johan Tufteland. Utgjeven på nytt i 2010 av Selbjørn fiskerisogelag.
- Den første bilen, en Plymouth, kom til Stolmen
- 1946
- Folketalet 3948
- 25. mars: Austevoll kraftlag oppretta
- Salomon Kalvenes ordførar 1946-1959
- 1947
- Haugesund Dampskipsselskaps M/S Landanes i rutetrafikk Stavanger-Bergen gjennom ytre lei i Austevoll. I opplag frå 4. mai 1964
- 1948
- 1. april: Sandvikhamn brevhus opna. Nedlagt 1. oktober 1967
- HSDs rutebåt M/S Bremnes sett inn i gods- og passasjertrafikk Bergen-Rubbestadnes gjennom indre lei i Austevoll
- Dorthea Møgster og Oline Marie Nordbø valde inn i kommunestyret som dei første kvinnelege representantane.
- 1949
- Aslaug Berntsen opna landhandel på Litlekalsøy
1950-2000
- 1950-åra
- Kontor på Salthella for innmelding av vårsild
- Sildemottak i Bekkjarvik og Åsakummen på Rabben
- Dei første hesteslåmaskinane i bruk
- 1950
- Folketalet 3916
- Austevoll fekk distriktslege med bustad på Selbjørn. Emil Moe den første.
- 1951
- Austevoll Røde Kors stifta
- Kalvanes framhaldsskule den første framhaldsskulen i Austevoll.
- 1952
- Fugløy fråflytt
- 1952: Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) leigde rutebåten M/S Skjærgaard i den såkalla Stolmaruta.
- 1953
- HDS' M/S Stolmen i passasjer- og godstrafikk Bergen-Haugesund gjennom ytre lei. Siste tur i 1973
- 1955-1957
- 2. klasse kystskipperskule på Stolmen
- 1955
- 8. mars: bedehus på Selbjørn
- 1957-1964
- Industrifiske etter sild ved Island
- 1957
- 27. august: Storebø grendahus teke i bruk
- 1958
- Vikingtidsgrav opna på Hufthamar av Historisk Museum i Bergen
- Gravplass vigsla på Litlekalsøy
- Rabben mekaniske verkstad oppretta. Avvikla i 2003.
- Trolandshammar framhaldsskule oppretta.
- 1958-1962
- Dei fleste småbruka lagt ned
- 1960
- Folketalet 4071
- Rikard Storebø V ordførar 1960-1969
- Stolmen idrettslag stifta
- J. Tøkje Landhandel oppretta
- 1961
- 1962
- Jordmor Oline Marie Nordbø tildelt Kongens fortenestmedalje
- Snurparen Staaløy fekk sølvsilda som beste storsildfiskar
- Rabben mekaniske verkstad etablert
- Stolmen bedehus stod ferdig
- 1963
- M/S Drivenes første snurpar i Austevoll utstyrt med kraftblokk og ringnot
- 19. desember: Austevoll tok i bruk nytt heradshus
- 1964
- 1. januar: Søre Selbjørn (Gnr. 66-70) og Søre Huftarøy (Gnr. 59-65) under Austevoll. Tilhøyrde tidlegare Fitjar
- HDSs M/S Tonjer i passasjer- og rutetrafikk mellom Haugesund og Bergen gjennom Austevoll ytre lei. Reservebåt frå 1968
- Ringnotfiske etter sild og makrell begynte i Nordsjøen
- 1965
- Notbøteri på Bakkasund
- Austevoll notverkstad i drift i Bekkjarvik
- 1966
- 1. juni: Bilførande rute Hjellestad-Rubbestadneset gjennom indre Austevoll
- Fiskebåtreiar Lars Olai Møgster tildelt St. Olavs orden for samfunnsnyttig virke innan fiskeri
- 1967
- Første HSD-bussrutene oppretta på Huftarøy
- Huftar idrettslag stifta. Skifte namn til Austevoll idrettsklubb 11. juni 1992
- Austevoll flest ringnotsnurparar i landet. 10 % av den norske ringnotflåten, 39 til saman
- 1968-1972
- Kombinasjonen småbruk-fiske med nokre få unntak borte
- 1968
- Ferjesambandet omgjort til ferjerute frå Halhjem
- Skjergardsruta med M/S Skjærgaard lagt ned.
- 31. mai: HSDs M/S Eidfjord i gods- og passasjertrafikk i Austevoll og Fitjar. Ut av drift i 1973
- 1969
- Hufthammar ferjekai opna
- Svein Arne Hevrøy oppretta Huftarøy Auto
- 1970
- Folketalet 3860
- Peder Kalve H ordførar 1970-1975
- 1971
- Første politiske liste ved kommunevalet: Senterpartiet med valliste
- Eidsbøen ungdomsskule i bruk
- 1972
- Ferjesambandet Bekkjarvik-Sandvikvåg oppretta
- 2. mai: Ready maskinstasjon A/S oppretta
- 15. juni: Electro Automation Austevoll etablert
- 1973
- Første snøggbåtrute, passasjer- og godsførande westamaran mellom Haugesund og Bergen i Ytre Austevoll, driven av HDS
- Om sommaren sette HSD inn snøggbåten Tedno i indre lei
- Austevoll Notverkstad bygd på Salthella
- 1974
- Skulen og kyrkja på Storekalsøy brann ned
- 1975
- Njål Møgsters fabrikksnurpar Møksterfjord den første av dette slaget i landet
- A/S Austevoll Fiskeindustri i drift
- A/S Austevoll ferjeselskap oppretta
- Ferjerutene Kvaløy-Barmen og Stolmen-Salthella oppretta
- Fastlandssmbandet sin nye ferjestopp på Krokeide
- Ringnotsnurparen Wimi frå Stolmen redda 108 passasjerar frå den havarerte snøggbåten Sleipner nord for Haugesund. Mannskapet på Wimi tildelt Carnegies heltemedalje
- 1976
- Austevoll havbruksstasjon etablert
- Restaureringsarbeidet på Hufthamartunet tok til
- Desember: Det nye Storekalsøy kapell vigsla
- Magnus Stangeland Sp ordførar 1976-1981
- Melaks ANS ble oppretta. Konsesjon for oppdrett av laks og aure
- 31. des.: Austevoll bruselskap AS stifta
- 1977
- Austevoll utbyggingsselskap stifta
- Storebø Notbøteri A/S etablert
- 1978
- Fiskarfagskulen i Austevoll stod ferdig
- Havforskningsinstituttet i Bergen etablerte Akvakulturstasjonen i Austevoll
- Første oppdrettsanlegg for laks i drift
- Austevoll forlag A/S oppretta
- Lokalavisa Marsteinen etablert
- Dalseide Shipping Service grunnlagt
- HSD sette inn nye Bremnes i godsrute i indre og ytre Austevoll mellom Bergen og Sunnhordland
- Første bind av Austevoll-soga kom ut: Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt I. Møkster sokn. Utgjevar: Austevoll herad.
- 1979
- Hundvåkøy samfunnshus stod ferdig
- Austevoll regnskapsservice oppretta
- Anlegg for foredling av muslingar etablert
- 15. nov. 1979: Huftarøy husflidslag stifta
- 1980-åra
- Industritråling etter kolmule begynte
- 1980
- Folketalet 3929
- 11. februar: Selbjørnbrua opna
- 1. mai: Westamaranen Haugesund omdøypt til Tjelden og samordna snøggbåtruta i Austevoll og Sunnhordland
- Nynorsk liturgi innført i kyrkja
- Sjøtroll AS oppretta
- 1981
- Austevoll utbyggingsselskap kontraherte dei to første supply-skipa saman med Austevoll Supply A/S (seinare DOF)
- 1982
- Knut K. Kalvenes H ordførar 1982-1985
- 1983
- Hordafor etablert
- 1984
- District Offshore (DOF) etablert
- North Sea Shipping AS oppretta
- Andre bind avAustevoll-soga kom ut: Tufteland, Johan (red.): Austevoll gard og ætt II. Austevoll sokn. Utgjevar: Austevoll herad.
- 10 000 år gamle steinalderfunn gjort på Stolmen
- Oljekatastrofe i Nordsjøen kledde strendene i Austevoll med råolje. Oppreinskingsaksjon.
- Kommunevåpenet i Austevoll godkjent: fire sølvsild på skrå oppover mot venstre mot ein blå bakgrunn.
- Blænes Bygg A/S oppretta. I 2014 Byggeriet.
- 1985
- Magnus Stangeland storingsrepresentant for Sp fram til 1997
- A/S Scallop oppretta for å driva skjelltråling
- 1986
- Tredje bind av Austevoll kultursoge kom ut: Tufteland, Johan, Jørgen Solbakken, Salomon Fagerbakke: Austevollsoga. Kultursoge I. Utgjevar: Austevoll herad.
- Hallvard Møgster Krf ordførar 1986-1989
- 1987
- Ferjesambandet til Sandvikvåg overført frå Bekkjarvik til Husavik
- Ferjerute mellom Austevoll og Sotra
- Selbjørn fiskerisogelag stifta
- Plan Consult AS oppretta
- 1988
- 16. desember: Austevoll fiskarlag stifta. Var ei samanslåing av fiskarlaga på Hundvåkøy, Huftarøy og Selbjørn. Seinare kom fiskarlaga på Stolmen (1990), Litlekalsøy (1994) og Storekalsøy (2000) med
- 1989
- 15. januar 1989: Møkster gravkapell vigsla av dåverande biskop i Bjørgvin Per Lønning
- 1990
- Folketalet 4167
- Inge Bjarne Storebø H ordførar 1990-2001
- 1991
- Austevoll Seafood ASA etablert
- Fjerde bind av Austevoll-soga kom ut: Tufteland, Johan (red.): Austevoll. Ættesoge III. Tidlegare Bekkjarvik kapellsokn. Utgjevar: Austevoll herad.
- 1991: Selbjørn fiskerisogelag stifta.
- 1992
- 1993
- Siste brislingbruk avvikla
- 1994
- Brødrene Birkelands Vima deltok som første austevollsbåt på kolmuletråling
- 1995
- Fiskerisogekalender frå Austevoll utgitt første gong
- Plan Consult A/S oppretta
- 1995: Skulesjef Olav K. Drivenes fekk Kongens fortenestmedalje i sølv
- 1996
- Opplæringskontoret i Austevoll etablert
- 1998
- 14. november: Stolmabrua opna
- Tippetue Arkitekter AS opna avdelingskontor i Austevoll
- 1999
- 16. oktober: Bakkasundbrua opna
- Utgraving av seks buplassar frå eldre steinalder til jernalder på Haugland. 14462 funn.
Etter 2000
- 2001
- Folketalet 4450
- Olav P. Årland Krf ordførar 2001-2003
- Stolmen skule nedlagt
- 2003
- Helge Andre Njåstad Frp ordførar 2003-2013
- 2006
- Sandtorv maskinservice oppretta
- Arkitekt Melanie Bergeron AS etablert
- 2007
- 17. november: Bruprosjektet Huftarøy-Hundvåkøy (Austevollsbrua) opna
- 2008
- Vestland Management AS oppretta
- 2009
- Haveland Båtservice oppretta. Frå 2012 Austevoll Båtsenter
- Vinnes skule nedlagt
- Melaks ANS og Austevoll Fiskefarm AS fusjonerer og dannar selskapet Austevoll Melaks AS
- 2010
- Dronning Sonja avdukar bautaen Sildajento i Bekkjarvik
- Austevoll Mållag gjenoppretta
- 2011
- Folketalet 4680
- Austevoll på fjerdeplass på næringslivstoppen i landet, rangert av NHO
- 2012
- Første nummer av Rakved. Lokalhistorisk årsskrift utgjeve av Austevoll Mållag.
- 2013
- Ordførar Helge Andre Njåstad stortingsrepresentant for Frp
- Renate Møgster Klepsvik Frp ordførar
- 2014
- Austevoll historielag stifta
- 2015
- 28. januar: Folketalet i kommunen: 5000.
Kjelder og litteratur
- Avisene Aftenposten, Bergens Arbeiderblad, Bergens Tidende, Dagbladet, Dagen, Gula Tidend, Marsteinen, Morgenavisen, Nationen, Sunnhordland
- Dyngvold, Finn: Krigen og Austevoll. Stord 1980
- Dyngvold,Finn: «Posten skal fram. Spreidde glimt frå vår postsoge.» I Marsteinen 25. september 1986
- Dyngvold, Finn og Trond Hagenes: Eit lite øysamfunn i Den store krigen 1939-45. Austevoll forlag AS. Storebø 2015
- Eide, Arne: Austevoll kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen 1891-1991. Storebø 1991. 54 s. ill
- Eide, Arne: Bekkjarvik kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen 1898-1998. Storebø 1998. 79 s. ill
- Eide, Arne: Møkster kyrkje gjennom tidene. Festskrift til hundreårsdagen 1892-1992. Storebø 1992. Storebø 1992. 83. s. ill
- Ellingsve, Eli J.: Finn et fyr, Tapir Akademisk forlag, 2009
- Ertresvaag, Egil: Strilesoga. Nord- og Midthordland gjennom tidene. Frå 1914 til i dag. Bind 5. Bergen 2001.
- Fiskerisogekalender for Austevoll. Utg. av Selbjørn fiskerisogelag. 1995-2014
- Folketeljingane frå 1769 til 2011
- Gloppen, Helge: «Austevollingen var først med not». I Marsteinen 23. desember 1999.
- Halstensen, Inge: «Norsk sildefiske på havet 1885-2005.» (Skriven som ei orientering til ei utstilling av fiskbåtmodellar på Fiskerimessa i Trondheim i 2006.) Trykt i Fiskerisogekalender for Austevoll – 2007.
- Halstensen, Inge m. fl.: Bekkjarvik – et kremmerleie gjennom 350 år. K. Halstensen A/S 1897-1997. Bekkjarvik 1997. 190 s. ill
- Halstensen, Inge m. fl. (red.): Austevoll. Bergen 1977. Upaginet. Ill
- Haugland, Karl Johan: Hal’an kara. Brødrene Birkeland fiskebåtrederi. Storebø 2008. 209 s. ill.
- Haugland, Karl Johan: Hufthamartunet. Upaginert hefte
- Helland, Amund: Topografisk-historisk-statistisk beskrivelse over Søndre Bergenhus amt. Norges land og folk, bind 12. Kristiania 1896. (Om Austevoll s. 416-433)
- Hovland, Kari Shetelig: «Makrelldorgefisket 1884-1914». I Sjøfartshistorisk årbok 1985. Bergen 1986
- Hovland, Kari Shetelig: Norske islandsfiskere på havet. Bergen-Oslo-Stavanger-Tromsø 1985
- Hovland, Kari Shetelig: Norske seilskuter på islandsfiske. Bergen - Oslo - Trømsø 1980
- Høibo, Roy Annar: Jordbruk og fiske i Austevoll 1890-1920. Bergen 1977. Magisteravhandling i etnologi.
- Høibo, Roy: «Jordbruk og fiske i Austevoll 1890-1920.» I Dugnad. Tidsskrift for etnologi, nr. 2 1977, s. 17-31.
- Johansen, Karl-Egil: Men der leikade fisk nedi kavet. Fiskarsoga for Hordaland 1920-1990. Eide. Bergen 1989.
- Kalve, Hallvard: «Losvesenet.» I Austevollsoga. Kultursoge I 1986, s. 426-450
- Kalve, Peder: «Samferdselssektoren i gamal og nyare tid.» I Marsteinen 25. september 1986
- Lokalavisa Marsteinen
- Magnussen, Kristin m. fl. (red): Fiskarfagskulen i Austevoll 25 år. Utg. av Fiskarfagskulen i Austevoll 2003, 35 s. ill
- Magnussen, Kristin (red.): Austevoll. Utg. av Austevoll Næringsråd 2007. 40 s. ill.
- Manntalet 1701 for Søndre Bergenhus amt
- Norsk Fiskeritidende. (http://catalog.hathitrust.org/Record/010308092) Utgjeve av Selskabet for de norske Fiskeriers Fremme i tidsrommet 1882-1930
- Stangeland, Magnus: «Det norske sildefiske ved Island.» I Fiskerisogekalender for Austevoll – 1996.
- Stangeland, Oddvar: Litt om Sørvik og slekta Stangeland. Austevoll 2001. 215 s. ill
- Stangeland, Oddvar og Truls Grung: The Happy Ship. DOF gjennom 25 år. 1981 – 2006. Bergen 2006. 206 s.
- Stautland, Brynjar: Frå klondyke til katastrofe. Vestlandsk sildefiske på Island. Oslo 2002
- Sydnes, Kristoffer: «Sunnhordlandstunet» (Om Stolmastova s. 4-5). I Sunnhordland Folkemuseum og Sogelag. Ei utgreiding med vegvisar. Særprent av tidsskriftet Sunnhordland 1951.
- Sætherskar, Johs.: Det norske næringsliv. Hordaland fylke. Bergen 1952. S. 491-500.
- Tufteland, Johan (red.): Møkster sokn. Gard og ætt I. Austevoll 1978. 722 s.
- Tufteland, Johan (red.): Austevoll sokn. Gard og ætt II. Austevoll 1981. 752 s.
- Tufteland, Johan (red.): Austevoll. Gard og ætt III. Tidlegare Bekkjarvik kapellsokn. Austevoll 1991. 471 s.
- Tufteland, Johan, Jørgen Solbakken, Salomon Fagerbakke: Austevollsoga. Kultursoge I. Austevoll 1986. 484 s.
- Tufteland, Johan, Leif Lind Pettersen og Carmen Gehrke Pettersen: Kvalvaag: Man and ocean. Stolmen 1975. Eigen utg. 165 s. Ill. Kart. Norsk utgåve ved Johan Tufteland: Kvalvåg. Et eldgammelt kremmerleie. 132 s.
- Utne, Erling: «Stolmen skule – ei historie». Artikkel skriven for nettstaden Lokalhistorie i Austevoll
- Våge, Nils Steinar: «Frå sild til Supply. Næringsutvikling i Austevoll kommune frå omkring 1950 til 2012». I Lokalhistorisk magasin nr. 1, 2012. Sjå óg http://www.lokalhistorie.no/lm/LM112.pdf
- Våge, Nils Steinar: «Eit brotstykke av Stolmavegen si historie.» I Frå ferje til bru. Stolmen 1998
- Våge, Nils Steinar: "Stolmavågen - frå 1500-talet til omkring 1900" I Rakved frå Austevoll. Lokalhistorisk årsskrift 2021, s.28-33.
- Våge, Nils Steinar: «Stolmavågen si historie – frå omkring 1900 til 1960-åra». I Rakved frå Austevoll. Lokalhistorisk årsskrift 2022, s.18-29.
- Våge, Nils Steinar: «Til havs med robåt og snøre». I Fiskerisogekalender for Austevoll - 2013
- Wikander, Johan Anton: «Kompassrosen på Nautøy i Bakkasund». I Sjøfartshistorisk årbok 1997.