Skoltesamisk (skoltesam. sääˊmǩiõll, nuõrttsää’m, nuõrttsää'mǩiõll) er det nordvestligaste av dei austsamiske språka. Det historiske utbreiingsområdet inkluderer først og fremst Sør-Varanger kommune i Noreg, nordlige delar av Enare kommun i Finland, og Petsjengskaja rajon og Kolskij rajon i Russland. Skoltesamisk språk er prega av eit rikt vokalsystem, mykje apokope og suprasegmental palatalisering i ord med apokopert fremre endingsvokal. Språket har 9 kasus, og verba blir bøygd i 4 personar. Skoltesamisk er utdøydd som morsmål i Noreg i dag, og i Russland finst det berre kring 25–30 personar som snakkar språket; men i Enare har språket vorte revitalisert og det finst kring 400 personar som snakkar skoltesamisk der. Det no utdøydde nabospråket akkalasamisk vart stundom rekna som ein skoltesamisk dialekt. Les mer …
Foto: Olav Momrak-Haugan (2011).
Fire russarar var fangar på gamle Gimle skule i Fyresdal på slutten av krigen 1940-1945, døydde her og vart gravlagde på Moland nye kyrkjegard. Til Fyresdal kom tyskarane med over hundre russiske fangar våren 1944. Gimle skule og området rundt blei okkupert. I skulehuset blei fangane innlosjerte medan dei tyske vaktene heldt til i den nærliggande distriktslækjarbustaden Gardar. Eit nærliggande losje-hus vart teke til lagerbygning. Rundt skulehuset vart det satt opp høge dobbelte piggtrådgjerde.
Den fyrste tida fekk ein lov til å gå ned til gjerdet rundt Gimle og framom leiren. Dei russiske fangane var uvanleg flinke songarar og om sundagen då dei ikkje arbeidde i skogen samla dei seg ute og laga eit meisterleg songkor. Bygdefolket samla seg her og lydde til den fine songen. Men etter ei tid synest visst tyskarane at folk vart for nærgåande og det vart satt opp ein bom eit stykke unna, men ein kunne likevel høyre songen deira.
Fangane arbeidde i skogen med tømmerhogst og dersom ikkje vegen var for lang til arbeidsområdet marsjera dei til og frå. Då la ofte bygdefolk ut matpakker til dei i vegkanten, noko fangane såg etter med ørneaugo. Enkelte av dei tyske vaktene greip inn, men andre oversåg dette. Ein del av tyskarane gjekk rundt i heimane og tala med folk og dei tok då med seg matpakker til fangane i byte med ymse saker russarane hadde laga. Det kunne vere stråarbeid, trearbeid, graverte dåser, messingringar og anna. Bygdefolket synest det var gildt at det fantes medmenneske blant fienden. Les mer …
Christian L. Jensen på sine eldre dager. Foto: Ukjent Christian Ludvig Jensen (født 13. juni 1855 i Bossekop, død 1937) hadde russisk far og samisk mor. Han hadde russisk handelsbrev fra 1873 og kom til Sparbu i Nord-Trøndelag i slutten av 1880-åra. Her ble han gift med Serianna Gjermstad ( 1857- 1917). Sammen fikk de barna Emma Rebekka ( 1892- 1958), Ludvig ( 1894- 1957) og Anna, gift Brensholm ( 1903- 1986). Han bestyrte Sparbu Aktie Handelssamlag så lenge det eksisterte og ble snart en aktet samfunnsbygger – i sær blant de som så og ville at «den nye tid» kom. Jensen bestyrte flere forretninger i bygda, butikker som bar preg av tidens nye ideer. Likevel er han best kjent som innehaveren av Leira Landhandel. Hans engasjement for sosialismens utbredelse må også nevnes. Les mer …
Trygve Eriksen. Foto: Ukjent. Faksimile fra Prester i Den norske kirke og andre teologiske kandidater (2000)
Trygve Eriksen (født 20. juni 1941 i Odda, død 27. mars 2023 i Gjerdrum) utdanna teolog og virka som prest flere steder i Norge, først i Tromsø (hjelpeprest) og deretter sokneprest i Nore og Uvdal i Numedal (1970-1983) og Gjerdrum på Romerike (1983-1995). Han avslutta yrkeskarrieren som fengselsprest ved Ullersmo landsfengsel.
Eriksen var også kjent for sitt engasjement for russiske barnehjemsbarn og fanger. Dette hjelpearbeidet begynte han med i 1992, da konfirmantene hans i Gjerdrum samla inn 55 000 kroner til hjelpetrengende i Russland. Etter 17 års arbeid for vanskeligstilte russere begynte han Eriksen å hjelpe fattige barn i Kairo. For arbeidet sitt fikk Trygve Eriksen Betanienprisen og Jobzoneprisen. Les mer …
|