Adelsvåpen tildelt stiftanmtmann Hans Hagerup ved adelspatent 23. februar 1781. Blasonering: sjå biletfila. Hans Hagerup Gyldenpalm (fødd 21. mai 1774 i Kristiansand, død 31. desember 1827) var teolog og adelsmann. Han var res.kap. i Lom, sokneprest i Holt (nå i Tvedestrand kommune) og prost i Nedenes. Bestefaren Hans Hagerup de Gyldenpalm, stiftamtmann i Kristiansand, hadde vorte adla i 1781, og sonesonen Hans Hagerup Gyldenpalm var ein av dei som søkte og fekk anerkjent sitt adelskap i samband med adelslova 1821.
Foreldra var Eiler Hagerup Gyldenpalm (1740-1817) og Aasille Andrea Dedekam (1752-1793). Faren var president og borgarmeister i Kristiansand, seinare mellom anna lagmann i Skien og justisråd. Hans var den eldste av åtte sysken.
Hans Hagerup Gyldenpalm vart student 1792 og cand. theol. 19. januar 1802 ved Universitetet i København. Han gifta seg i København 15. august same året med danske Karen Marie Mariager (1779-1851). Ho var dotter til reipslagarmeister Christian Nielsen Mariager og Karen Ammonsdatter. Etter mannens død flytta ho attende til familie sin i København. Ekteparet hadde ikkje born. Les mer …
|