| Om Setesdal
|
Valle frå Åmli. Foto: Siri Johannessen (2008) Setesdal er dalføret langs Otravassdraget, som strekk seg frå lengst nord i tidlegare Aust-Agder fylke. Historisk har ein rekna de to kommunene Bykle og Valle kommune til Setesdal, medan området sørover vart kalla Otrudal. Etter kvart flytta ein grensa sørover til Bygland. Dalen vart då delt inn i Øvre og Nedre Setesdal. I dag reknar ein ofte også med Iveland og Evje og Hornnes til dalen, noko som medfører at meir enn halvparten av Aust-Agder tilhøyrer Setesdal. Dette området svarar til Setesdal fogderi, som eksisterte frå 1660 til 1919.Nede i dalen er det områder som tidlegare var nærastt uframkommelege, og dalen var derfor lenge isolert frå kysten i sør. Stiar og kløvveger på heiane var då einaste moglegheit til å komme fram. Frem til 1800-talet var det mest ferdsel til/frå Setesdal i retning aust-vest. Det vil si at iallefall midtre og øvre del av dalen hadde mest kontakt mot Rogaland og mot Fyresdal i Telemark. I mellomalderen skatta setesdølane til Stavanger.
Fyrst i 1846 vart hovudvegen frå Kristiansand til Bykle anlagt, og setesdølane trakk då meir mot byen i sør. Særleg i Bykle hadde det vore vanskeleg kommunikasjon sørover, då den smale og bratte Byklestigen var einaste veg.I Setesdal har ein tatt vare på meir av mellomalderens byggeskikk, folkekunst og drakter enn dei fleste andre stader. Dalen har også ein rik tradisjon for segn og folkemusikk og for sine handverkstradisjonar. På Rysstad i Valle ligg både Setesdalsmuseet og Agder folkemusikkarkiv, og ellers er særleg sølvsmedane frå Setesdal kjend for sine arbeider. Les mer ...
|
|
|
| Smakebitar fra artiklar
|
Torkild Knudsen Tveit (født 5. juli 1865 i Lillesand, død 12. november 1893 på Vatnestrøm i Iveland) var fotograf og landhandler i Iveland. Han var også kjent som Terkel Tveit.
Han var sønn av Knud Torkildsen Tveit, Fjermedal Der ne'e og Inger Aslaksdatter Fjermedal fra Øvre Fjermedal i Iveland. Han ble født mens de bodde i Lillesand en kort periode. Da han var omkring tre år gammel kjøpte faren gården Tveit i Iveland, og familien flytta dit. Omkring 1886/1887 flytta han til Vatnestrøm for å bli landhandler. Han ble deleier i butikken i 1890. Han hadde også et lite fotoatelier. Det finnes bilder etter ham i bygda. I folketellinga 1891 er han oppgitt å være inderst og «fotografist».
Torkild Tveit ble gift med Ragnhild Knudsdatter Vatnestrøm (1857-1902) i 1887, og de fikk to sønner: Knut (født 1888) og Knut Olaus (født 1891). Han døde av komplikasjoner som følge av diabetes i 1893, bare 28 år gammel. Kona døde av strupetuberkulose i 1902. Etter en tid hos skyldfolk emigrerte begge sønnene til Amerika. Les mer …
Kultran sumaren 2004. Foto: Tor Hallvard Mosdøl
Kultran er eit gardsbruk som ligg rett nedanfor Bykle gamle kyrkje. På vestsida er Torsbu og Bykle nye kyrkje næraste grannane, på austsida kjem ein til Juvet, og mot nord ligg Innistog. På sørsida renn Otra.
Namnet Kultran kjem truleg av kult, m, som tyder rund hump eller haug. Kultro er dativforma av Kultran. Difor heiter det «Han bur på Kultro».
Bruket kom fyrst til ved ei deling av Austistog i 1844. Det var Tarjei Oddsson Byklum som då selde denne halvparten til Pål, den yngre bror sin. Tarjei hadde overteke Austistog etter faren, Odd Tarjeisson Røysland, då denne døydde i 1839, men sjølv heldt han på denne tid til i Attistog Gjerden, som han hadde teke på odel frå Åvold Jonsson i 1815. Den halvparten av Austistog som Tarjei sat att med etter 1844, overdrog han i 1847 til Olav T. Bjørnarå, som samstundes overtok Attistog hjå han. Tarjei fekk Bratteland i byte, og flutte dit.
Pål Oddsson sat då eit tak her på bruket, men truleg berre nokre få år frå 1844 og frametter. For etter at Olav T. Bjørnarå overtok Attistog Gjerden og flutte dit, tykkjest Pål å ha bruka heile Austistog. Han må då ha leigd den halvparten han ikkje åtte. I desember 1863 kaupte Pål att parten av Olav, som då budde i Stavenes. Om Pål budde i Austistog eller på Kultro i åra frå 1847 til 1863, er ikkje dokumentert, men etter tradisjonen var han i Austistog det meste av tida, og me har difor plassert den nærare omtalen av han der. Les mer …
Bykilsmoen 1965. Foto: Fjellanger-Widerøe
Bykilsmoen ligg på furumoen på austsida av Fiskleimhylen i nordenden av Bykil i Bykle kommune. Vel 200 m mot nordvest frå tunet her kjem ein til Sollid, som er ein litt eldre plass. Det siste er vel grunnen til at ein stundom finn Bykilsmoen omtala som Sollidmoen. Andre gonger vert bruket berre kalla Moen, og det namnet vart familienamn for dei som ættar herifrå. Truleg kan her etter gamalt ha vore ein heimestøyl for Evre Mosdøl (bnr 3), men ein gong i åra mellom 1865 og 1875 vart staden teken i bruk som husmannsplass. Som me kjem attende til nedanfor, er det eit visst grunnlag for å gjeta på at dette må ha vore i 1869 eller 1870. Dei som slo seg ned her då var Vetle Knutsson Nesland og familien hans.
Vetle var fødd i Systog Nesland som son åt Knut Gunnarsson på det bruket og kona, Birgit Åvoldsdotter, fødd Trydal.
- Vetle Knutsson Nesland, f 1816, d 1875
- g 1846 m Åsne Torleivsdtr. Trydal, f 1820, d 1898. Born:
- Knut, f 1847, d 1847
- Knut, f 1850, g 1875 m Birgit Gunnarsdtr. Nesland, sjå nedanfor
- Torleiv, f 1854, n 1875 seinare lagnad ukj.
- Bjørgulv, f 1857, d 1875
Åsne Torleivsdotter var frå Nordstog Trydal, og dotter åt Torleiv Åsmundsson Stavenes på det bruket og kona, Tore Åvoldsdotter, fødd Trydal. Les mer …
Loptet frå Myri. Dette er same huset som me har teikning av i bolken om Holen. (2004)
Myri var det opphavlege hovudbølet på Holen i Bykle kommune. Store delar av innmarka på dette bruket var flat og meir eller mindre myrlendt. Rett sør for tunet var det dessutan ei djup myr, som rett og slett vart kalla Myri, så namnet gav seg sjølv.
Når me trur at dette bruket er den eldste verestaden på garden har fleire grunnar. For det fyrste hadde Myri eit lopt frå 1600-talet, medan Der uppe vanta slike klenodiar. For det andre reknar me med at Auver Auversson, som var odelsmannen då garden vart dela, om han aldri så mykje hadde pantsett bruket sitt, naturleg ville velje å verta sitjande på det gamle hovudbølet.
Auver Auversson døydde ein gong mellom 1708 og 1711 (sjå bolken om den udela garden). Dinest sat enka hans med bruket ei stund, og då dottera gifte seg, vart det ho og mannen hennes som overtok. Les mer …
«Ved Breivestølerne i Bykle» noterte fotografen August Abrahamson på dette biletet, som han tok i 1905 eller 1906. Grunnen til at biletet er greitt å datere, er at Ragna Abrahamson, kona hans, som sit mellom dei to andre kvinnene på biletet, har på seg same kleda her som på det sikkert tidfeste biletet som står i bolken om bnr 6. Dei andre avbilda personane er ikkje identifiserbare. Men det er då i alle høve eit godt bilete, og som me kjem til etter kvart meiner me at dei fyrste som budde fast på Breivassflotti heldt til på denne staden. Bilete frå Setesdalsmuseet. Breivassflotti er ein fjell- og heieigedom på kring 30.000 mål på austsida av Breivatnet. Opphavleg gjekk han ut frå Hovden, bnr 1, og er difor ført under gnr 2 i matrikkelen, men han har høyrt til Bjåen i meir enn 150 år.
Eigedomen var på handel fleire vender frå slutten av 1700-åra og frametter. Ein som åtte han eit bil, helst frå 1787 og heilt sikkert til 1806, var Olav Nilsson Husevoll, som me trur budde på Breivestøylane eit par-tre år, fyre han flutte åt Ørnefjødd i 1790. Ein kan lesa meir om han i bolken om det bruket. I 1797 drog han vidare til Innistog Løyland, og budde der då han selde Breivassflotti til Tjerand Tjerandsson på Hovden i 1806. Då Tjerand selde Hovden seinare same året, heldt han att Breivassflotti, så då den nye eigaren av Hovden selde vidare to år seinare, kunne han ikkje selje Breivassflotti avdi han ikkje åtte det. Omlag på denne tid, ein gong i åra 1807 til 1810, kom eigedomen i hendene på Øystein Hovdestad og Aslak Botne i Vinje, som i 1807 også hadde skaffa seg hand om Der sø og Nordgarden i Breive. Utan at me torer vera heilt sikre på det, tykkjest det sannsynleg at dei kaupte hjå Tjerand Tjerandsson. Les mer …
Gunnar Aakhus Foto: Norske skolefolk, 1952 Gunnar Aakhus (fødd 26. september 1885 i Bygland, død 9. januar 1970) var lærar og skulestyrar. Lengst verka han i Kragerø.
Han var son av bonde Aanund G. Neset og Gro Danielsdotter. Aakhus gjekk jordbruksskulen og tok eksamen ved Notodden lærerskole. Seinare tok han fleire lærarkurs og gjekk ein vinter ved danske høgskular. Les mer …
|
|
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Setesdal
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|