Forside:Pitesamisk historie og kultur

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Pitesamisk historie og kultur
Sæjjde (offerstad) og beitande tamrein ved StødiSaltfjellet.
Foto: Olve Utne, mars 2010.

Pitesamar er eit samisk folk som tradisjonelt hovudsaklig har halde til mellom området kring Saltfjellet og Saltfjorden i Noreg via området på nordsida av Arjeplog og Arvidsjaur i Sverige. I sør grensar den pitesamiske kulturen til umesamisk kultur, og i nord grensar han til lulesamisk kultur. Tradisjonelle næringar blant pitesamane inkluderer reindrift, jakt og fiske, jordbruk og båtbygging. Dei bufaste samane har med tida vorte assimilerte i lokal skandinavisk kultur gjennom lokal integrering med norsk- og svensktalande så vel som gjennom langvarig assimilasjonspolitikk frå myndigheitene på begge sidene av Kjølen, og pitesamisk språk er no sterkt utryddingstruga med berre 25–50 morsmålstalande i Sverige og ingen i Noreg i 2010.   Les mer ...

 
Smakebitar
Pitesamisk dimbargåhteSkeppsholmen i Arjeplog.
Foto: Olve Utne
Ei tømmerkåte (svensk timmerkåta), pitesamisk dimbargåhte, er ein hovudsaklig skogssamisk kåtetype der den steinsette ringen ved ytterveggen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sett er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Tømmerkassen er typisk sett 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogestongskonstruksjon inni tømmerkassen var vanlig, men slik vi kjenner desse kåtene i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem. I ei typisk, kvadratisk tømmerkåte danar taket ei firkanta pyramideform (valmtak) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det ofte lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til. Tømmerkåter er særlig vanlig i umesamisk og til dels pitesamisk kultur, men finst òg ein del plassar i Finland og Russland. Ei moderne utgåve av den samiske tømmerkåta blir produsert under namnet «grillkåte» eller «grillhytte».   Les mer …

Pitesamisk grammatikk kan, som andre språks grammatikkar, delast inn i fonologi (lydlære), morfologi (bøyingslære) og syntaks (setningslære). Innafor lydlæra liknar pitesamisk på andre samiske språk i det at forskjellen på fonetisk stemtheit mellom «stemte» og «ustemte» konsonantar i seg sjølv kan vera vanskelig å oppfatte for mange. Forskjellen kjem vel så mykje til uttrykk i pre- og post-aspirasjon og i bruk av eventuelle glidevokalar. Den dynamiske trykket ligg generelt på første stavinga i ordet. Vokal- og konsonantlengda har ein tendens til å vera omvendt proporsjonal i ulike grammatiske former av same ordet — såkalla stadieveksling. Tilsvarande vil vokalen (diftongen) i første stavinga ofte variere artikulasjonsstad etter vokalen i neste stavinga, eller såkalla omlyd. I formlæra ber pitesamisk preg av ein rikdom av former, i og med at det finst ni grammatiske kasus i substantiva og pronomena; og verba blir bøygd i tre personar, tre tal, fire tider og fem modi. I setningslæra kan vi legge merke til at setningsstrukturen SOV (subjekt–objekt–verb) framleis er relativt vanlig, og på same måten som elles i samiske språk og i bl.a. trønder og nordnorske dialektar får vi ikkje subjekt–verbal-reversering i samband med spørjeord: Mav biena bårrá? (‘Kva hunden et?’).   Les mer …

Tospråklig vegskilt ved Árjepluovve (pite- og lulesamisk) / Arjeplog (svensk) i Arjeplogs kommun i Norrbottens län i Sverige.
Foto: Bjørn Utne
(2008)
Pitesamisk (pites. bidumsámegiella; lulesamisk bihtánsámegiella, bihtámasámegiella; nordsamisk biđonsámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk med tre dokumenterte dialektar som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og, i mindre grad, Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord, og desse to blir ofte gruppert saman — enten som «vestsamisk» eller som dialektar av lulesamisk. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdøydd som morsmål i Noreg og er sterkt truga i Sverige.   Les mer …

Svensk Lappland med nyare tids utstrekning av Pite lappmark vist i lys oransje.
Pite lappmark er ei historisk såkalla lappmark kring Pite älv i Lappland i Norrbottens län i Sverige. I vår tid omfattar Pite lappmark dei noverande kommunane Arjeplog, Arvidsjaur og Malå. Hovuddelen av Arjeplog så vel som nordlege og vestlege delar av Arvidsjaur er pitesamisk område, medan resten av Arjeplog, Arvidsjaur og Malå språkleg og kulturelt hører til det umesamiske området. Først på 1600-talet omfatta Pite lappmark dei historiske samebyane Luokta (òg skrive Lockteå o.a.), Arvidsjaur, Semisjaur og Laisbyn. Den sistnemnte byen strekte seg ned langs fjellkjeda heile vegen til Frostviken i Jämtland, som viser at Pite lappmark altså tidlegare hadde ei betydeleg større utstrekning enn i seinare tid. Luokta tyder ‘vika’, men kva for ei vik som gav byen namnet sitt er ukjent. Arvidsjaur er oppkalla etter ein sjø med same namnet, medan Semisjaur kjem av sjøen Sebnejaure sørom Uddjaur. Laisbyn kan ha fått namnet sitt anten etter Laisälven, sjøen Stor-Laisan i Arjeplog eller kanskje den litle sjøen Laisan ved Tärna kyrkje i noverande Lycksele lappmark.   Les mer …

Planteikning utført av okkupasjonsstyret.
Krokelva fangeleir var ein tysk fangeleir omlag 300 meter nordom den seinare Semska stasjonSemska i Saltdal kommune under andre verdskrigen. Leiren vart etablert i 1942 og oppløyst ved den tyske kapitulasjonen i mai 1945. Krigsfangane var sett til tvangsarbeid på Blodvegen. Ved kapitulasjonen var det 790 fangar der. 364 fangar omkom i løpet av åra leiren var i drift. Dei attlevande fangane sette opp eit minnesmerke i 1945. Dette minnesmerket vart sprengt av dei norske myndigheitene i samband med Operasjon asfalt i 1950, og dei einaste spora etter leiren i dag er overgrodde levningar i landskapet.   Les mer …

Bolna stasjon en vinterdag i 1957
Foto: Jac Brun/Nasjonalbiblioteket
Bolna stasjon i juli 2012.
Foto:  Olve Utne
Bolna stasjon er ein jarnbanestasjon på strekninga mellom Dunderland stasjon og Røkland stasjonNordlandsbanen. Stasjonen ligg på Bolna (pitesamisk Båldno, lulesamisk Bållná) i Rana kommuneHelgeland. Denne stasjonen, så vel som Hjartåsen stasjon, Krokstrand stasjon, Stødi stasjon og Lønsdal stasjon, blei opna onsdag den 10. desember 1947 da Nordlandsbanen vart forlenga frå Dunderland til Lønsdal.   Les mer …
 
Kategoriar for Pitesamisk historie og kultur


 
Andre artiklar