Nils Grotnes ca. 1950.
Foto: Ukjent
Nils Jørgen Kornelius Grotnes (fødd i
Nord-Rana 25. februar 1890, død 5. april 1961) var lærar og skulestyrar. Mest er han kjend som styrar for
framhaldsskulen i
Sel i
Gudbrandsdalen i fleire tiår, og for å ha grunnlagt og styrt realskulen i bygda. Han var elles aktiv i offentleg styre og stell og i organisasjonslivet, ikkje minst kva gjeld ideelt ungdomsarbeid. I ei studentjubileumsbok karakteriserer han si eiga livsorientering i
Christopher Bruuns ånd: «Kristeleg nasjonal (norskdom og kristendom)». Han var blant pådrivarane for å få inn
nynorsk som skulemål i Gudbrandsdalen i 1930-åra. Politisk orienterte han seg mot
Arbeidarpartiet. Han var aktiv i den sivile motstanden mot okkupasjonsregimet 1940-1945.
Les mer …