Smakebitar fra artiklar
|
Bøyesen Maskinforretning. Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv 4: Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Bøyesen Maskinforretning ble grunnlagt i mai 1922 av daværende disponent Sigurd Bøyesen. Forretningen lå på Notodden.
Sigurd Bøyesen sin maskinforretning var et aksjeselskap med aksjekapital på 10.000 kr rundt 1950. Forretningen omsatte landbruksmaskiner, biler, bilrekvisita, motorsykler, båtmotorer og lignende. I tillegg fungerte den som bensinstasjon (Shell). Forretningen bestod av bensinstasjon, verksted og garasje. Les mer …
Theodor Damm Møinichen Foto: Agderposten 1957
Theodor Damm Møinichen var født i 1872 og døde i Arendal i 4. juli 1957. Møinichen var politimester på Rjukan og i Arendal.
Disse glimtene fra hans liv speiler dels hans egne holdninger, men også krevende situasjoner og en rolleutførelse i tråd med forventningene fra hans overordnete. Men ofte var han midt i lokalsamfunnets mange spenninger og konflikter. Les mer …
Sørensbjørka vart freda 1917. Ho skal ha ruva godt i terrenget, men kunne ikkje stå imot hardvinden ein julidag i 1942. Foto: Ukjent fotograf/Tinn kommune
Sørensbjørka var eit legendarisk høgt tre som sto i nærleiken av Dugningshaugen i Atrå, Tinn kommune, på prestegarden sin grunn. Treet vart freda ved Kongelig resolusjon 19. januar 1917, men sto støtt enno i 25 år, før det fall under hardvinden sommaren 1942. Bjørka skal på sitt største ha vore omkring 30 meter høg og vel 3 meter i omkrins. Sørensbjørka er også kjent i lokal munnleg tradisjon under namn som Prestebjørka og Rarebjørka. Så vel namnet Sørensbjørka som Prestebjørka peiker attende til treet sitt opphav. Les mer …
Knud Gislesen, Asker seminars fyrste og mest markante bestyrar, her avbilda som biskop i Tromsø.
Knud Gislesen (fødd i Hjartdal 29. desember 1801, død i Tromsø 20. mai 1860) var skulemann og teolog. Han var biskop i Tromsø frå 1855 til han døydde. Men hans mest betydelege innsats var innan skulevesenet, mellom anna som den fyrste styraren på Asker seminar, som det blir sagt at han dreiv fram til å bli «det mest anseede i landet og mønster for de andre stiftsseminarier». Gislesen var fødd og oppvaksen på garden Løksli i Hjartdal. Faren, Gisle Knudsen (1771-1852), var gardbrukar og kyrkjesongar frå Rue i same bygda. Mora var Marie Pedersdotter (1758-1848) frå Varlo i Øvre Eiker. Les mer …
Lureåe (Lure, Lura) er ei tverrelv i Austbygde i Tinn kommune i Telemark. Elva har vore drivkraft for ei mengd førindustrielle foredlingsverksemder som kverner, sagbruk og stampe. I dag er Lure kulturminneområde sentrert rundt Lureåe.
Namnet kan i følgje O. Rygh kome av gammalnorsk luđr som var brukt om ulike typar stokkar, særleg om ein bjelke som dannar underlag for kvernsteinar (møllebenk).
Åa renn ut frå fjellvatnet Lufsjå (1214 meter over havet) på grensa mellom Telemark (Tinn) og Buskerud (Nore og Uvdal), og får tilrenn også frå Akslarvatn i Skirvedalen i Tinn. Lureåe renn sørover forbi Lurestaul, gjennom Luredalen og ned dalsida til Austbygde, der ho renn ut i Austbygdåe like ved Tinn Montessoriskole (tidlegare Haukås-Lurås skule). Høgdeskilnaden mellom utspringet frå Lufsjå til utlaupet i Austbygdåe er om lag 300 meter.
Blant verksemdene som har funnest her gjennom tidene, har det vore mange kvernbruk. Les mer …
|
|
|
|
|
Kategoriar for Aust-Telemark
|
|
|
Andre artiklar
|
|
|