Transport av molybden med taugbane frå toppen av gruva ned til Bandak. Molybdenen vart frakta vidare med båt.
Dalen Gruber A/S var ei molybdengruve som låg på Dalen i Telemark. Gruva var i drift frå 1916 til 1919.
Undersøkelsane ved Dalen gruver vart gjort av Otto Bonden og A. Dettmer i 1915. Året etter vart drifta tatt over av A/S Dalen Molybdengruber som 20. desember satte i drift eit «Elmore»-vaskeri.
Molybden var eit viktig metall for krigsindustrien. Når ein fekk reinsa malmen for ymse stoff kunne ein blande molybdenen med stål. Slik fekk ein panserstål som vart nytta som materiale i bygging av tanks og stridsvogner.
Medan fyrste verdskrig rasa i Europa i 1916 tok ingeniør Otto Falkenberg initiativ til gruvedrift på garden Berge i Eidsborg. I liane ned mot Dalen var det store forekomster av malm. (Her skal ein ha funne ein klump på 10 kilo som visstnok har hamna på eit museum i Belgia.) I desse liane bygde Falkenberg opp Dalen Gruber A/S som allereie i 1917 hadde 90 arbeidsfolk. Les mer …
Kviteseiding, ordfører og stortingsmann
Tormod Knutsen Borgejordet (født 8. februar 1799, død 12. september 1868) ble født på gården Hosleberg i Brunkeberg, et anneks til Kviteseid kommune i Vest-Telemark. Faren døde tidlig og det var trange kår i barndomshjemmet. Tormod måtte klare seg selv fra tidlig alder som gjeter og arbeidskar. Presten i Kviteseid, Jens Zetlitz, så at gutten hadde evner, og sendte ham til prosten i Seljord med anbefaling om at han måtte bli lærer. Tormod var da 17 år gammel.
25 år gammel begynte han i tjeneste som skriver hos fogden Florentz i Kviteseid, hvor han ble værende i ti år. Deretter arbeidet han tre år ved Vest- Telemark skriverkontor. Da han sluttet her kjøpte han gården Borgejordet, og ble boende der resten av livet.
På den tiden han flyttet til Borgejordet, ble det kommunale selvstyret iverksatt. Tormod Borgejordet med sin bakgrunn i juss og administrative oppgaver, i tillegg til sundt bondevett og intellekt, ble snart innvalgt på Stortinget for Bratsberg Amt i 1845. Han ble sittende på Stortinget i tre påfølgende perioder. Les mer …
Brønnebalet i Hauggrend, Fyresdal kommune, stod ved Sagåa, men vart flytta til Øyskogen. Å brønne er å gje ein hest eller storfe noko å drikke, i dette tilfelle vatn. Bal er ei eldre form av balje, altså eit kar til vatn eller anna flytande. Då Bandakslivegen vart bygd ferdig gjennom Hauggrend like etter år 1900, var hestetransport einerådande. Hesten var eit verdfullt hjelpemiddel som måtte takast godt vare på skulle den yte sitt beste. Mat kunne dei ha med under transport, men vatn måtte dei finne undervegs. Difor vart det på laglege stader ved bekkar eller elvar laga til vasskuper av ein eller annan slag med tilførsel av rennande vatn som hesten kunne drikke av. Folka nytta seg og av dette. Les mer …
|