Om Hjartdal kommune
|
Hjartdal kommune ligg i Vestfold og Telemark fylke (før 1. januar 2020 i Telemark), og grensar mot Tinn i nord, Notodden i aust og sør, og Seljord i sør og vest. Administrasjonssenteret er Sauland. Andre bygder er Hjartdal, som kommunen har namn etter, og Tuddal. Det er ingen tettstad i kommunen. Namnet kjem truleg av eit eldre namn Hjarta av dyrenavnet hjort.
Hjartdal er ein landsbrukskommune, og særleg i området Sauland søraust i kommunen. Turisme har óg vorte ein viktig næringsveg. Det er seks kraftverk i kommunen. Les mer ...
|
|
Smakebitar fra artiklar
|
Sauland bygdekvinnelag stilte opp til forklefotografering. Mange av forkleda som er omtala i artikkelen ser vi her. Modellane er frå venstre: Aslaug Mosebø, Bjørg Aamaas, Elsa Slaattun, Liv Tinnes Mork og Ragnhild Bekkhus. Foto: Leif Skoje / Hjartdal historielag Forkledas historie
Det ser ut til at forkledet har hørt med til kvinnekleda langt tilbake i tida. Få klesplagg er laga av så mange ulike materialer og fargar, og har så mange forskjellige utformingar, som forkledet. Sjølve hensikten med forkledet var at det skulle verne kleda, men er og var også bruka som pynt, f.eks. forkledet til bunadene våre.
Forkledet har vore bruka både i kvardag og fest. Hadde forkleda kunne fortalt om alt dei hadde vore med på, ville det blitt utallige historiar. Forkleda eg skriv om er del av ei samling på over 50 som eg har tatt vare på. Dei er velbruka av mor, født i 1901, av svigermor født i 1901, og av to tanter til mannen min, født i 1885 og 1889. Les mer …
Løvheim Hotel på 1940-talet. Foto: Sætherskar, Johs. (red.), Det Norske Næringsliv, Telemark Fylkesleksikon, Bergen, 1949.
Løvheim Hotel ligg ved riksvegen i Sauland i krysset til Tuddal i Hjartdal kommune. Johs. Sætherskar skriv at hotellet blei grunnlagt i 1883, medan Hjartdalsoga skriv at hotelldrifta tok til på slutten av 1870-talet. [1] Det var Ole Melby som starta verksemda i lag med kona Thea. Dei hadde tidlegare vore i teneste hjå Torgrim Mathiassen Kleppen. Les mer …
Foto av Carl Andreas Lexow Foto: Ukjent/Hentet fra Hardang 1994.
Carl Andreas Lexow (født 13. januar 1817 på Strømsø i Drammen, død 28. juli 1902 i Drøbak) var utdannet teolog, men arbeidet som lærer i Drammen i flere år før han ble sogneprest i Hjartdal i Telemark i 1859. Han virket i Hjartdal til 1873, da han ble utnevnt til sogneprest i Drøbak, som ble hans siste embete. Sønnen Peter Heiberg Lexow (f. 1847) ble også prest, og var sogneprest i Hjartdal 1884-1910 etter først å ha vært personellkapellan for faren i Drøbak. Les mer …
Knud Gislesen, Asker seminars fyrste og mest markante bestyrar, her avbilda som biskop i Tromsø.
Knud Gislesen (fødd i Hjartdal 29. desember 1801, død i Tromsø 20. mai 1860) var skulemann og teolog. Han var biskop i Tromsø frå 1855 til han døydde. Men hans mest betydelege innsats var innan skulevesenet, mellom anna som den fyrste styraren på Asker seminar, som det blir sagt at han dreiv fram til å bli «det mest anseede i landet og mønster for de andre stiftsseminarier». Gislesen var fødd og oppvaksen på garden Løksli i Hjartdal. Faren, Gisle Knudsen (1771-1852), var gardbrukar og kyrkjesongar frå Rue i same bygda. Mora var Marie Pedersdotter (1758-1848) frå Varlo i Øvre Eiker. Les mer …
thumb Foto: 250px (Kommunevåpnene til kommunene som inngår i Vest-Telemarkbiblioteka.)
Vest-Telemarkbiblioteka er folkebibliotekene i Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke og Vinje samt Hjartdal. Bibliotekene bruker Mikromarc3 biblioteksystemer, og har felles søkbar bokbase. Samarbeidsformen utnytter kompetanse og ressurser til brukerenes beste i en region med store avstander og spredt bosetning. Samarbeidet kom igang uten prosjektmidler fra ABM-utvikling. Vest-Telemarkbiblioteka har på mange måter gjennomført de beste ved intensjonene i Bibliotekreform 2014. Les mer …
|
|
|
Sjå òg
|
|
|
Kategoriar for Hjartdal kommune
|
|
|
Andre artiklar
|
|
|
|