Elisabeth (Lily) Weiser-Aall (fødd 18. desember 1898 i Wien, daud 26. februar 1987 i Oslo) var ein austerrisk-norsk folklorist og etnolog. Ho vert ofte skildra som ein av dei framste etnologane i si tid, og var ei føregangskvinne for forsking på dei etnologiske og folkloristiske felta.Lily tok dei fyrste tre åra av folkeskulen heime og det 4. året ved privatskula Brabbé i Wien. I 1909 tok ho til studia ved gymnaset Foreldreforeiningas privatmiddelskule i Wien, men heldt fram ved Mädchenobergymnasium des Vereines für erweiterte Frauenbildung frå 3. klasse av. Den 7. juli 1917 avla ho eksamen arium med utmerkelse.
I oktober 1917 byrja Lily ved det filosofiske fakultetet ved universitetet i Wien, der ho studerte både tysk litteraturhistorie og filosofi. Etterkvart tok ho også til å studere både norrønt og kunnskap om den germanske oldtiden. Medan Lily gjekk i skulen lærte ho seg fransk språk, men på universitet lærte ho seg også engelsk, og etter eit opphold i Sverige sommaren 1920, også svensk. Til same tid byrja ho å studere folkloristikk/etnologi og mytologi. Då skreiv ho dissertasjonen sin om historia til juleskikkene. Les mer …
Isak Kobro (ukjent fotograf).
Isak Kobro (født 29. oktober 1867 i Bergen, død 9. desember 1953) var lege og sanitetsoffiser. I perioden 1927-32 var han sjef for Hærens sanitet. Kobro var også redaktør for verket Norges leger i nærmere 50 år. Isak Kobro tok examen artium i 1885 og ble cand.med. i 1893. Som nyutdanna ble han kommunelege i Samnanger, men rundt 1899 flytta han og familien til Kristiania, der han starta legepraksis. Les mer …
Elias Blix (fødd 24. februar 1836 i Gildeskål, død 17. januar 1902 i Kristiania) var forfattar, professor, lærar, målmann og politikar. Han vert særleg hugsa som salmediktar, og som omsetjar av Bibelen til landsmål. Blix oppdaga landsmålet då han gjekk på lærarskole i Tromsø i 1850-åra. Han tok kontakt med målrørsla då han kom til Kristiania og blei knytt til Aasmund Olavsson Vinje og vekebladet Dølen. Han besøkte Gildeskål sommaren 1866 og bad om løyve til å preike i Gildeskålkyrkja, men på grunn av Blix sitt arbeid som målmann ville ikkje soknepresten gje løyve. Blix hadde nettopp tatt teologisk embetseksamen. Hendinga i Gildeskål blir sagt å vere grunnen til at han ikkje blei prest og at han aldri kom tilbake til Gildeskål. I 1868 var han med på å stifte «Det norske Samlaget», som fekk til oppgåve å gje ut nynorske skrifter.Blix var med på arbeidet med å omsette Bibelen og Luthers litle katekisme til landsmål. Elias Blix blir rekna som ein stor salmediktar. Han har skrive meir enn 200 salmar. Det var først i 1892 at salmane hans vart godkjende for bruk i kyrkja. I Norsk Salmebok er det tatt med 71 salmar av Blix. Blant hans mest kjende salmar er «No Livnar det i Lundar» og fedrelandssalmen «Gud signe vårt dyre fedreland», den første tonsett av Ludvig Mathias Lindeman.
Han døydde i heimen sin i Briskebyveien 11.
Ettermæle
Aftenposten refererte i aftenutgåva si den 21. januar 1902 frå minnetala til stortingspresident Edvard Liljedahl over Blix i Stortinget same dag, som stortingsrepresentantane tradisjonen tru påhøyrde ståande (utdrag):
| Siden Storthinget sidst var samlet til møde har vort fædreland og vort Universitet atter lidt et stort tab. Fhv. statsraad, Dr. Professor Elias Blix er nemlig vandret bort. Jeg er sikker på, at budskabet herom modtages med sorg ikke alene i denne sal, men udover det hele land fra hytten til hallen. Professor Bliz var nemlig en landskjendt mand, og han var ligesaa anerkjendt og elsket som han var kjendt, og han fortjente at være det. … Ubetinget størst betydning har professor Blix havt som sanger og salmedigter; som saadan skal han nævnes jevnsides med vore bedste.
|
|
|
Elias Blix er gravlagd på Vår Frelsers gravlund i Oslo. Gravminnet er ein høg bautastein med Blix sitt portrettrelieff i bronse.
Fleire veger og gater i landet har namn etter Elias Blix, til dømes i Oslo, der Elias Blix' gate på Ila vart namngjeven i 1934. Også i Harstad finner vi ham igjen; i Professor Blix' gate.
Kjelder
Lenkjer
|