Hordaland
Hopp til navigering
Hopp til søk
Hordaland | |
---|---|
Fylkesnummer | 12 |
Basisdata | |
Adm.senter | Bergen |
Areal | 15436.68 km² |
Andel land | 14550.56 km² |
Andel vann | 886.12 km² |
Folketall | 522 539 (2018) |
Internettside | Internettside |
Historisk inndeling | |
Len | Bergenhus len |
Amt | Bergenhus stiftamt (1662–1763) Søndre Bergenhus amt (1763–1919) |
Hordaland var eit fylke på Vestlandet, med administrasjonssenter i Bergen. Det grensa mot Sogn og Fjordane i nord, Buskerud og Telemark i aust, og Rogaland i sør. Den 1. januar 2020 vart det som del av regionreforma 2014–2018 slått saman med Sogn og Fjordane til nye Vestland fylke.
Fylket hadde fem distrikt: Sunnhordland, Midthordland og Nordhordland ved kysten, og innlandsdistrikta Hardanger og Voss.
Kommunar
Lista over kommunar har med status per 31. desember 2019, altså Hordaland sin siste dag som eige fylke. Endringar den 1. januar 2020 er sett i parentes. Legg merke til at Hordaland skiljer seg ut med ein ting: Fleire av kommunene nytta nemninga herad i staden for kommune.
- Askøy kommune
- Austevoll kommune
- Austrheim kommune
- Bergen kommune
- Bømlo kommune
- Eidfjord kommune
- Etne kommune
- Fedje kommune
- Fjell kommune (del av Øygarden kommune frå 2020)
- Fitjar kommune
- Fusa kommune (del av nye Bjørnafjorden kommune frå 2020)
- Granvin herad (del av Voss herad frå 2020)
- Jondal kommune (del av Ullensvang kommune frå 2020)
- Kvam herad
- Kvinnherad kommune
- Lindås kommune (del av nye Alver kommune frå 2020)
- Masfjorden kommune
- Meland kommune (del av nye Alver kommune frå 2020)
- Modalen kommune
- Odda kommune (del av Ullensvang kommune frå 2020)
- Os kommune (del av nye Bjørnafjorden kommune frå 2020)
- Osterøy kommune
- Radøy kommune (del av nye Alver kommune frå 2020)
- Samnanger kommune
- Stord kommune
- Sund kommune (del av Øygarden kommune frå 2020)
- Sveio kommune
- Tysnes kommune
- Ullensvang herad (skifta namn til Ullensvang kommune i 2020)
- Ulvik herad
- Vaksdal kommune
- Voss kommune (skifta namn til Voss herad i 2020)
- Øygarden kommune
|