Systog 5.9.2005. Foto: Aanund Olsnes
Systog er eitt av bruka på Stavenes i Bykle kommune. Som me har vore inne på framanfor er Utistog truleg eldste bruket i Stavenes, medan Systog er utkløyvd frå Utistog i nyare tid. Det er vanskeleg å tidfeste nøyaktig når dette hende, men det meste tyder likevel på at denne garddelinga ikkje gjekk fyre seg fyrr noko etter år 1700. Fleire eigarar på garden hadde det vore både i 1670 og i 1700, men i den mon alle desse eigarane også var brukarar, var det tale om sambruksløysingar. Men skattematrikkelen frå 1712 syner at her då var 4 oppsitjarar på kvar sitt bruk, og det lyt då vera Utistog og Systog, Nordstog og Teigen. Medan Utistog hadde ei landskyld på 9 kalveskinn, sto Systog i 3, og var altså rekna å ha eit bruksverde tilsvarande 1/4 av den opphavlege eininga.
Oppsitjaren på Systog i 1712 heitte Torleiv Olavsson. Dette kan ikkje vera same mannen som under Utistog og Nordstog er omtala som Torleiv Olavsson (y.) på 1660-talet, for den mannen var etter 1664-manntalet fødd ca 1640, og han kom til å bu i Nordstog. Torleiv i Systog var langt yngre og fødd ca 1689. Dette er iallfall det me finn opplyst i eit militærmanntal over «ungt Mandskab» frå 1712. Dette året var han ugift, men bruka sin eigen odelsgard, står det. Det lyt vel då vera faren, Olav Torleivsson (y.), som har fått dela Systog ifrå for han. Men Torleiv Olavsson kverv frå Stavenes i skattelistene alt frå 1717, og utan at det står noko i kyrkjeboka om at han var død, så ein kan tenkje at han har måtta gjeva opp bruket sitt. Grunnen til dette, meiner me, var nok at det kom ein annan med betre odel. Mannen med betre odel heitte Eivind Olavsson, og vart ettermannen åt Torleiv på bruket her. Les mer …
Viki 1965. Foto: Fjellanger Widerøe
Viki var eit bureisingsbruk i Nordbygdi i Bykle kommune. I kapittelet om Systog har me fortalt at Bjørgulv Folkesson åtte heile Viki frå 1938. Men det vart ikkje tinglyst, alt det som skjedde av jordbyte og eigedomshandel på dette bruket heller, så på papiret var broren framleis eigar av halve bruket. I samband med utskiftinga av gamalt hopehav mellom Neslands-gardane i 1988 vart dette rydda opp i, slik at kvart bruk nå har sin eigedom fullt ut,
då bortsett frå heiesameiget med Tveiten. Viki sto oppført som bnr 10 til 2003. Då vart det bruksnummeret sletta, slik at Viki og Systog saman nå har bnr 4.
Bjørgulv F. Nesland i Viki var nest eldste son av Folke T. Stavenes på Nesland Der heime og kona, Ingebjørg Bjørgulvsdotter, f Nesland. I 1927 reiste han til farbroren Hallvard i Sør-Dakota.
| Men «der var heller ikkje gode tider», fortalde han sidan, «så det tok meg lang tid, berre å tene oppatt reisa. Eg tente berre hjå farmarar, for eg hadde ikkje lært noko handverk, og det var mykje hardt arbeid. Eg var der i 6 1/2 år, men eg hadde ikkje meir enn 2000 kr att.»
|
|
| . Les mer …
Bratteland på 1950-talet, Nordstog til venstre. Bilete frå Setesdalsmuseet.
Bratteland ligg austom Dysje, og er den austlegaste av dei gamle gardane i Botnen i Bykle. Som gardsnamnet tilseier, er terrenget her nokså bratt, men på nedsida av der husa sto var likevel tolleg slakt hallande jorde. Nå er desse neddemde.
Tydinga av namnet trengst ikkje seiast meir om. Når det gjeld alderen, kan me melde at namnegranskarane meiner at dei fleste gardsnamn som endar på -land skal skrive seg frå folkevandringstida, dvs. frå perioden mellom åra 400 og 600. Om dette slår til når det gjeld Bratteland, vil det stille denne garden på alder med busetnaden på Tveiti og Nesland, og jamvel om me ikkje har registrerte oldfunn å vise til, tykkjer me ei slik datering virkar rimeleg. Les mer …
Marta Steinsvik omkring 1935.
Marta Steinsvik (født 23. mars 1877 i Bakke i dagens Flekkefjord kommune, død 27. juli 1950 i Oslo) var antroposof og skribent. Hun ble kjent for sine markante standpunkt i kontroversielle saker, ikke minst gjennom sine anti-katolske og antisemittiske skrifter i mellomkrigstida. Hun var også sentral i den antroposofiske bevegelsen i dens tidligste år i Norge. Steinsvik var en foregangsperson på flere områder, blant annet for kvinners rolle i Den norske kirke. Hun stod også sentralt i arbeidet for målsaka. Les mer …
Høydølen på prøvetur i 1950.
MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.
Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.
Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg. Les mer …
Herstøl er en husmannsplass ved Vigeland i Lindesnes kommune, som har hørt til under Valle prestegård. De eldste spor i kildene er i prestegårdsarkivet, og der nevnes det i et bygselsbrev i 1725 at Christen Larsen Lien hadde ryddet plassen Herstøl. Her henvises det til et rydningsbrev av 29. oktober 1703, men dette brevet eksisterer trolig ikke i dag. I dette eldste bevarte brevet fra 1725 bygsler Ingier Aslagsdatter plassen Herstøl etter hennes svoger Christen Larsen.
Christen Larsen er dermed den første brukeren av Herstøl vi kjenner til, og det ser ut til at han i 1725 var flyttet til Lian. Les mer …
Jacob Aall, eier av jernverket 1799-1844. Nes Jernverk, tidligere Baaseland, er et nedlagt jernverk i Tvedestrand kommune. Verket var i drift fra 1665 til 1959. Anlegget ved Storelva er Norges best bevarte produksjonsanlegg for jern med masovn, hammerbygning, digelstålverk og maskinverksted. Stiftelsen Næs Jernverksmuseum vedlikeholder og driver anlegget som er omgjort til museum hvor man kan oppleve hvordan jern og stål ble fremstilt i tidligere tider. Anlegget er et av Riksantikvarens 15 prioriterte tekniske og industrielle kulturminner.I 1665 fikk Niels Pedersen, Lauritz Andersen og Strange Trøner privilegier til å starte et jernverk i Holt prestegjeld. Initiativtakeren var Niels Pedersen, som i 1664- 65 oppholdt seg i København og drev lobbyvirksomhet blant annet for opprettelsen av jernverket. Privilegiene omfattet blant annet at eierne skulle få kjøpe gårdene Barbu og Vestre kroken, som begge var krongods, og få kjøpe billige redskaper fra det nedlagte jernverket Barbo. Navnet Baaseland kjenner vi først fra 1670, da verksprivilegiene igjen ble stadfestet av kongen under navnet «Holdte eller Baase Jernverch». Les mer …
|