Flyfoto 1963. Heilt til venstre Kremmarholmen bnr 2 og bnr 1. Prestestova står enno. I midten bnr 6 (Holmen), så bnr 60 og bnr 62. Bak frå venstre vegfyllinga til Moldøyna, så Børhaugen og Brotet. Foto: Widerøes Flyveselskap Kremmarholmen på Fedje er første gongen skriven med dette namnet i 1665. Det var i matrikkelen frå dette året, og her heiter det «Kremmerholmb nu først taxerit», med landskyld 18 merker fisk og kan fø eit naut, utsåd ikkje nemnt. Dette må tyda at Kremmarholmen alt hadde vore eit eige bruk ei tid, men at det først no vart utskilt frå Holmen. Ein av brukarane under Holmen nr 4 kan ha budd her, utan at ein kan seia kven av dei. Namnet kjem naturleg nok av kremmar, landhandlar. Det har igjen sin bakgrunn i at det var her handelsmannen på Fedje etter kvart vart buande. Tidlegare hadde han halde til på nabobruket Ertsholmen (1).
Bakgrunnen for opprettinga av handels- og gjestgivarstader, er den rolla som skipsleia har spelt i å binda menneska frå ulike delar av distrikt og land saman. Etter kvart som det vart aukande trafikk og samhandel mellom dei ulike distrikta, oppstod det ein trong for høvelege stoppestader langs kysten, der ein kunne få overnatting og elles proviantera. Det var stader med gode hamner som låg lagleg til som peikte seg ut og etterkvart danna sentrale knutepunkt i båttrafikken. Med sine gode hamnetilhøve og gunstige plassering i skipsleia langs kysten og ved innløpet til Bergen, vart Kremmarholmen på Fedje den naturlege handels- og gjestgivarstaden i dette området. Saman med dei andre tilsvarande stadene i skipsleia, var såleis Fedje del av eit større kommunikasjonssystem. I Bergen byprivilegium av 1702 fekk kjøpmennene i byen løyve til å oppretta kremmarleier på landet. Eigaren måtte ha borgarskap i Bergen, og handelsstaden skulle styrast av ein «gesell». Som nemnt under nr 1 på Holmen, hadde det alt lenge vore eit kremmarleie på Fedje. Les mer …
Johan Christian Walhammer Juuhl (født på Brattholmen i Fjell kommune 27. mai 1866, død i Bergen 15. juli 1947). Som vaksen budde han i Bergen, og arbeidde som journalist og forfattar. I dag er han i stor grad gløymt, men for dei som er interesserte i historia til den ytste delen av strilelandet og folket der, er bøkene hans vel verdt å henta fram att. Slekta til Johan C. W. Juuhl var knytt til Knarrvika og Brattholmen på austsida av Litlesotra i Fjell kommune. Oldefaren Anders Magnussen (1775-1846) kjøpte Knarrvika i 1838 og starta opp kornmølla der. Tre generasjonar av familien Magnussen dreiv denne industriverksemda fram til tidleg på 1900-talet. Les mer …
Faksimile fra Aftenposten 19. mars 1975: omtale av Torstein Dales bortgang.
Torstein Dale (født 8. mai 1907 i Dale i Bruvik, død 18. mars 1975) var lege og sanitetsoffiser. Han hadde en lang militær karriere, som ble avsluttet som generalmajor og sjef for Forsvarets sanitet. Han var fra 1966 til sin død president for Norges Røde Kors. Ved folketellingen for 1910 er Torstein Dale oppført sammen med foreldrene i Nydalen i Odda, som da lå i Ullensvang herred (utskilt som egen kommune i 1913). Faren er oppført som arbeider ved karbidfabrikken i Odda. Les mer …
Holmengrå fyr i 2022 Foto: Karsten Madsen Holmengrå fyrstasjon er eit fyr i Fedje kommune i Hordaland. Det vart oppretta i 1892. I 1986 vart det automatisert og avbemanna.
1. Fyrkommisjonen av 1828 hadde gjort framlegg om Holmengrå for eit nordre innseglingsfyr til Bergen. Men fyrkommisjonen av 1851 kom til eit anna resultat, då dei etter ei synfaring rådde til eit kyst- og innseglingsfyr på Hellisøy. Dette kom då i første omgang, sjå gnr 173. I 1890 kom det framlegg om å flytta fyret på Rongeværet i Austrheim (oppretta i 1870, sjå Austrheimb. III s 649) til Holmengrå. Rongeværet vart deretter nedlagt og erstatta av ei fyrlykt, og Holmengrå fyr vart bygd i 1892, på den nordlegaste holmen på Fedje. Det gav rettleiing for m.a. innseglinga til Sognesjøen. Fyrvesenet fekk skøyte for 1400 kr på holmen i 1893, frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2 same året. Det vart bygd ein fyrvaktarbustad med tårnlykt på taket, eit uthus og naust. I 1908 vart det bygd assistentbustad. I 1916 rapporterte fyrvaktaren at fyrbygningen var skadd pga uvær, sjøen slo ikkje sjeldan mot den. Same året vart fyrbygningen flytta eit stykke mot søraust til eit høgare punkt. I 1948 vart det vedteke at det ikkje lenger skulle vera familiebustader her. Fyrvaktarbustaden vart ominnreidd med hyblar og fellesrom, og assistentbustaden vart seld og riven. I 1955 vart det bygd eit nytt fyrtårn med maskinhus på vestsida av holmen. Fyret vart automatisert og avfolka i 1986. Forsvarsbygg fekk skøyte på fyrstasjonen i 2013. Les mer …
MB «Wichmann» H 128 AM, frå 1946 MB «Timann» M 46 VA eller «Holmegrisen» M 46 VA var i flg. Register over merkepliktige norske fiskefarkostar 1948 s. 455/745 bygd i 1921 og er før 1948 overført til Volda. Eigar i Austrheim var Andreas Olsen, Fonnes. Den er i Austrheim oppgitt med desse måla: L/B/D: 28,0/9,0/4,5. Motoren er ein 5 HK Wichmann. Same opplysingar i same register s. 390 i 1936.
Ved leiting bakover i fiskeriregisteret blir den førebels borte. Kanskje nokon som kjenner att historia kan skrive vidare på dei føregåande åra tilbake til 1921. Det var mange endringar som aldri vart innført i fiskeriregisteret, så her kan det bli eit fullstendig båtstykke med tida. Les mer …
MB «Nybør», går ei runde utfor slippen på Vik
MB «Nybør» M-24-S, levert desember 1954, eigarar var Hjalmar, Kjartan og Oddvar Longva. Alle frå Haugsbygda i Sande kommune, Møre og Romsdal.
Båten var bygd etter verkstaden, Vik Båtbyggeri, sin vanlege modell. Kravellt kryssar med rana stamn, og lyft på understemne. Doblingspanta var av 6 toms fure. Berekna lengde på båten var 60 fot. Lugarkappe, lukekarm og kjeising i stål, overbygg elles i tre. Bak i kjeisinga var bysse. Der var dorken heva, for å gi høgde i kahytta, som hadde fire køyer. Gang midt i kjeising med dør til begge sider, nedgang til kahytt, og leider opp til bestikklugar. Nedgang til maskinrom også frå gangen. På babord side var galgedekk med davitar for livbåt, og egnarhus. Mastrer, bommar og alle beslag, tankar og liknande vart laga på verkstaden. Forut var lugar med 6 køyer. Båten hadde to ankerklyss. Styremaskina var av merke «Tennfjord». Elles var det montert radar, Simrad sendar, ekkolodd. Kjenningssignal: LJQJ. Les mer …
|