Ei tømmerkåte ( svensk timmerkåta), pitesamisk dimbargåhte, er ein hovudsaklig skogssamisk kåtetype der den steinsette ringen ved ytterveggen har vorte erstatta av eit rettsida fundament av lafta stokkar. Typisk sett er fundamentet kvadratisk, men seks- og åttekanta fundament førekjem òg. Tømmerkassen er typisk sett 2–3 omfar høg. I eldre tid blir det hevda at bogestongskonstruksjon inni tømmerkassen var vanlig, men slik vi kjenner desse kåtene i dag, så har dei eit meir konvensjonelt sperre- og åssystem. I ei typisk, kvadratisk tømmerkåte danar taket ei firkanta pyramideform ( valmtak) med ein meir eller mindre kvadratisk til rektangulær ljore øvst. Taket er tekt med fleire lag never, og oppå nevra att er det ofte lagt eit lag med kraftige halvkløyvingar som held nevra på plass. Desse halvkløyvingane er ofte lause, slik at ein kan ta dei av for å reinske opp nevra og late ho tørke av og til. Tømmerkåter er særlig vanlig i umesamisk og til dels pitesamisk kultur, men finst òg ein del plassar i Finland og Russland. Ei moderne utgåve av den samiske tømmerkåta blir produsert under namnet «grillkåte» eller «grillhytte». Les mer …
Pitesamisk (pites. bidumsámegiella; lulesamisk bihtánsámegiella, bihtámasámegiella; nordsamisk biđonsámegiella), òg tildels kjent under namnet arjeplogssamiska i Sverige, er eit samisk språk med tre dokumenterte dialektar som tradisjonelt har vorte snakka av pitesamar i Sør-Salten, Rana og tilgrensande strøk i Sverige austover til Arjeplog og, i mindre grad, Arvidsjaur. Typologisk er pitesamisk nært i slekt med naboen lulesamisk i nord, og desse to blir ofte gruppert saman — enten som «vestsamisk» eller som dialektar av lulesamisk. Den sørlige naboen umesamisk ligg derimot nærmare sørsamisk, og ume- og sørsamisk blir oftast grupperte saman som sørsamisk i vidare forstand. Pitesamisk blir rekna som utdøydd som morsmål i Noreg og er sterkt truga i Sverige. Les mer …
Svensk Lappland med nyare tids utstrekning av Pite lappmark vist i lys oransje. Pite lappmark er ei historisk såkalla lappmark kring Pite älv i Lappland i Norrbottens län i Sverige. I vår tid omfattar Pite lappmark dei noverande kommunane Arjeplog, Arvidsjaur og Malå. Hovuddelen av Arjeplog så vel som nordlege og vestlege delar av Arvidsjaur er pitesamisk område, medan resten av Arjeplog, Arvidsjaur og Malå språkleg og kulturelt hører til det umesamiske området. Først på 1600-talet omfatta Pite lappmark dei historiske samebyane Luokta (òg skrive Lockteå o.a.), Arvidsjaur, Semisjaur og Laisbyn. Den sistnemnte byen strekte seg ned langs fjellkjeda heile vegen til Frostviken i Jämtland, som viser at Pite lappmark altså tidlegare hadde ei betydeleg større utstrekning enn i seinare tid. Luokta tyder ‘vika’, men kva for ei vik som gav byen namnet sitt er ukjent. Arvidsjaur er oppkalla etter ein sjø med same namnet, medan Semisjaur kjem av sjøen Sebnejaure sørom Uddjaur. Laisbyn kan ha fått namnet sitt anten etter Laisälven, sjøen Stor-Laisan i Arjeplog eller kanskje den litle sjøen Laisan ved Tärna kyrkje i noverande Lycksele lappmark. Les mer …
|