| Smakebitar fra artiklar
|
Sissel Sellæg (født 10. februar 1928 på Notodden, død 5. januar 2014 i Oslo) var opprinnelig utdannet kostymetegner, men gikk over til skuespilleryrket. Hun debuterte i 1950 og var i løpet av karrieren tilknyttet flere teaterscener, lengst var hun ved Oslo Nye Teater, mellom 1967 og 1998. Les mer …
Fabrikklokala til Tele Silkeveveri på Notodden. Fabrikken var oppført etter teikning av Frithjof Stoud Platou. Foto: Grieg, Sigurd (red.), Norsk tekstil. 2, Oslo : Johan Grundt Tanum, 1950. Lenke til digital utgåve på bokhylla.no.
Tele Silkeveveri blei starta som eit aksjeselskap under namnet AS Tele Silkeveveri i 1936. Fabrikken låg i Bjørn Farmanns gate 3 på Notodden i Telemark og dreiv produksjon av vevde stoff til klesproduksjon.Initiativet til opprettinga av eit silkeveveri på Notodden blei tatt av direktør Olav Nilssen i 1936. Dette var same året som Kunstsilkefabrikken KUFA starta opp, og dei to verksemdene samarbeidde godt. På Notodden hadde Norsk Hydro nyleg flytta mykje av produksjonen sin til Herøya, og dei to tekstilfabrikkane var difor kjærkomne for byens arbeidarar.
Selskapet blei konstituert 9. oktober 1936, og i det fyrste styret sat ingeniør Karl Martens, direktør ved Tinfos H. B. Holta og Olav Nilssen. Ved oppstarten hadde selskapet ein aksjekapital på kr. 330 000,-. I 1958 bestod styret av Sam. Amundsen (formann), ingeniør Johan Bugge (sekretær), O. J. Skahjem og kjøpmann E. Etholm. John Gohli fungerte som dagleg leiar frå 1955.
Bygginga av fabrikken blei starta i 1936 og ferdigstilt våren 1937. Det var arkitekt Frithjof Stoud Platou som sørga for teikningane. [1] I mai blei dei fyrste vevstolane satt i drift. Maskinparken bestod frå byrjinga av 18 vevstolar. Mellom 1939 og 1942 blei det kjøpt inn 14 nye stolar, og i 1945 bestilte ein ytterlegare 20 samstundes med at fabrikkbygningen blei utvida og modernisert. Maskineriet blei seinare ombygd slik at vevstolane kunne køyrast meir automatisk. Ein skaffa seg også fire vevstolar utstyrt med jacquardmaskiner. Les mer …
Nils Roth Heyerdahl. Foto: Ukjent, henta frå Studenterne fra 1881. Biografiske meddelelser samlet i anledning av deres 25-aars studenterjubilæum. (1906)
Nils Roth Heyerdahl (fødd i Vadsø 31. januar 1862, død i Oslo 19. mars 1956) var teolog og verka som kapellan og sokneprest fleire stader i landet: Voss, Sandar, Tinn og Holla. Han var sterkt engasjert i kristeleg ungdomsarbeid. Frå ung alder viste han sterk interesse for landsmål og dialekter, og han gav ut ei samling norske «songar og kvæde». Som teolog og ungdomsarbeidar var han etter alt å dømme påverka av grundtvigianismen. Les mer …
Alette Heyerdahl (Aagaard Hansen). Foto: Ukjent, faksimile frå Øverås m. fl. (1952): Trondheim katedralskoles historie 1152-1952.
Alette Maren Helga Henriette Heyerdahl (fødd i Berg på Senja 20. september 1862, død på Alnabru i Oslo 31. mars 1957) var ein pioner blant kvinner som tok høgare utdanning. Ho var blant dei aller fyrste kvinnene i landet som tok eksamen artium. Ho var den fyrste kvinnelege teologistudenten ved universitetet i Kristiania, men satsa ikkje vidare på akademisk karriere. Da ho gifta seg og vart prestefrue, vigde ho evner og krefter til familie, foreiningsverksemd og lokalsamfunn. Ho var samfunnsengasjert, ivrig mellom anna med ungdomsarbeid, og hadde fleire offentlege verv. Ho arbeidde på fleire vis for å fremje kvinneleg samfunnsengasjement.
Les mer …
|
|
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Aust-Telemark
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|