Forside:Giske kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: VanylvenSandeHerøyUlsteinHareidVoldaØrstaStrandaFjordSykkylvenSulaGiskeÅlesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Giske kommune
1532 Giske komm.png
Giske kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal og grensar mot Ålesund, Sula, Hareid og Ulstein. Kommunen vart skipa i 1908, då han vart skilt ut frå Borgund; Giske fekk sine noverande grenser i 1964 då Vigra vart innlemma.

Administrasjonssenteret ligg på Valderøy. Kommunen er ein øyommune og består av dei to flate øyane Giske og Vigra (den største øya) og dei ikkje fullt så flate Godøy og Valderøy. Hovednæringar i kommunen er fiske og jordbruk, fiskeoppdrett og noko mekanisk industri.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Vigra Synesvågen 1908

Vinterfiskja, eller vårtorskefiskja, på sunnmørskysten gjekk før 1900 mykje føre seg frå opne ro- og seglbåtar frå ytterøyane mot havet.

Synesvågen 62.5418127° N 6.0174135° Ø er ein sørvend våg på sørenden av øya Vigra i Giske kommune på Sunnmøre. Vågen er sikker hamn for båtar som ikkje stikk for djupt og er, langt bakover i tid, nytta av fjordafolket som opphaldstad i vinterfiskje.

Vigra kart 1869

Synesvågen ligg med kortast mogeleg veg til fiskefelta, men er grunn og gikk gradvis ut av bruk når båtane endra form og størrelse. Med motor i båtane minka og behovet for nærleik til fiskefelta.

Ta opp Norgeskart på skjermen > Trykk Meny (tre liggande strek oppe, venstre) > Trykk BAKGRUNNSKART, velg Sjøkart > Trykk X oppe, høgre i meny > Søk Synesvågen i søkefelt oppe, venstre > Scroll kartstørrelse. Så fyl du sunnmøringen på tur ut mellom båar/bodar og skjær…. «ut og vest i Kari-havet». Vil du sjå steinvorar og gamle tufter i vågen tek du i bruk flyfoto i same kart.

Tider og reiskapar i endring

Ein del setningar i bøker og lokale notat som forklarar endringane i kjend tid.

Hans Geitvik:

På Synesvågen leigde båtmannskapa rom i husa på gardane, på loft med køyer i fleire høgder, så brukte dei «bestestova» til opphaldsrom. Ofte var to mannskap i lag på eit stoveloft, 14 mann om det var to åttringar. Der vart tidvis tung luft i huset når kle skulle turkast og det andre tider var landlege grunna styggever.

Ola Årsetøy:

I 1907 fekk eg for fyrste gong vere med han far i vinterfiskje. Dei hadde Synesvågen på Vigra som basis, og for å halde meg til det eg veit visst so vert det der eg tek seinare samanlikningar. Det var den vinteren 3 motorbåtar og 30 siglarar og tilhøva var truleg dei same andre stadar også. Det var få motorbåtar å sjå på havet mot alle siglarane. I 1915 var der 45 motorbåtar og ingen siglarar på Synes-vågen.
  Les mer …

Giske gamle skule
Foto: Aud Farstad/kilde
Fastskular i Giske. Giske kommune ligg like nord for Ålesund og har 4 øyar med busetnad: Giske, Godøya, Valderøya og Vigra. I perioden 1860 - 1920 var kommunestrukturen slik: a) Vigra var ein del av Haram kommune fram til 1890 då dei vart eigen kommune fram til 1964; b) Dei 3 andre øyane var del av gamle Borgund kommunefram til 1907, då vart dei eigen kommune med namnet Giske. I 1964 vart Giske og Vigra samanslegne til ein kommune.

Giske

Giske har gjeve namn til kommunen, men er likevel den minste øya. Dette er den eldste skulen på Giske som framleis står. Han er ein flott murbygning bygd i 1902 og var stor for si tid med lærarbustad i skulen. I dag har historielaget lokale øvst og elles vert gamleskulen brukt til SFO. Til høgr ser ein skulen då han var ny.

Den første fastskulen på Giske stod ferdig i 1865 på Øydgarden på nordsida av øya, berre fem år etter at fastskulelova kom. Skulen vart innvia jula 1865 av soknepresten samstundes som han heldt julegudsteneste. Den andre skulen låg på austsida av øya på Gjerdet og det varde litt før folket ikkje samde om tomta, men i 1871 stod den òg ferdig. I 1889 vart dei to krinsane slått saman og skulehusa vart brukte annakvart år. Slik hadde øya alltid ledige forsamlingslokale. Men i 1902, då den nye skulen midt på øya vart bygd, vart det slutt på den ordninga og foreiningane måtte halde seg der.   Les mer …

Her vert «Nilfisk» sjøsett.
(1974)

MB «Nilfisk» M-4-G, bygd i 1974 ved L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Møre og Romsdal, for Kjell E., Atle O. og Karsten K. Molnes, 6040 Vigra. Kjenningssignal: JXAA. I fiskeriregistret for 1980 står båten med desse måla i meter, L/br/dj – 16,8/5,0/2,1. Tonn: 31 br.t. og 10 n.t. i tabellen til fiskeriregisteret er 16,8 m 53,5 fot . Motor Deutz , år 67 på 212 Hk. «Nilfisk» var den største båten bygd på laminerte spant. Lengda på denne båten var større enn lengda på risseplanet som var i andre etasje på verkstadbygget. Difor måtte linjetegninga gjerast i størrelse 75% og overføring til spanterisset opprekna til 100%. Grunnen til det er at spantemodellane sjølvsagt må vera i full størrelse, dei skulle og brukast til å stille inn spantepressa.

Huda var av fure, natene var utfresa og med innlimd list. Dekket var nata med Formflex, syntetisk gummi. Lugarkappe, lukekarm og overbygg i aluminium. Som vanleg vart også alt stålarbeid utført ved verkstaden. Det er, tankar, beslag, rekkverk, mastrer m.m. Arbeidsstokken var den same over mange år og mest alle budde i bygda, og dei fleste hadde vore ved båtbyggeriet sidan 1940-50 talet. Båtane dei har vore med på finn du på båtlista på Vik.   Les mer …

Flaggpryda «Arne Longva» vert her sjøsett. Etter sjøsetting skal båten ligge ved kaia å få om bord barlasten. Då vert også dei siste tinga ordna, og båten skal prøvekøyrast.
MB «Arne Longva» M-25-S. Kjennesignal: LDNX. L/L Vik Båtbyggeri i Høydalen bygde denne båten i 1955 for Leiv Longva, Gjerdsvika. Seinare fekk båten namnet «Straumingen». Båten er nærast kopi av «Nybør» som var bygd året før. Skilnaden ligg stort sett i litt slakkare akterende, altså ikkje fullt så rund som «Nybør». Med det skulle han sleppe sjøen lettare, og var også enklare å «hude». Trematerialene til «Arne Longva» kom frå Bjørkedalen i Volda kommune. På den tid var det ikkje veg til Høydalen, det var biltransport frå Bjørkedalen til Straumshamn. Der vart det lasta om bord på båt for frakt til Høydalen. «Arne Longva» vart ferdig og levert i slutten av desember i 1955.   Les mer …

Høydølen på prøvetur i 1950.

MB «Høydølen» M 47 HØ. Eigarar var Anfinn Skorpen og sønene Olav og Peter Skorpen. Dei budde i Flåver, Herøy kommune der dei hadde kai og sjøhus. Båten var bygd på L/L Vik Båtbyggeri i 1950, men var kvart år attende for slippsetjing og pussing. Denne båten var vide kjend for godt vedlikehald. Båten sine mål står i båtlista for Vik.

Båten var bygd som kryssar på doblingspant, og med halvbakk. Det var for å gje meir høgde i lugaren. Lugarkappe, lukekarm og kaising var i stål, eller jarn som det vart sagt i den tida. Alt jarnarbeid, som dekkshus, beslag, kjølhakar og fjørboltar, for å nemne noko, vart utført på båtbyggeriet. Påbygg på kaising var i tre, rorhusfronten var som vanleg av teak. På «Høydølen» var han skinande blank, takka vere godt vedlikehald. I sildefiska hadde dei spesialsydd presenning som dei festa på rorhusfronten til vern mot sildereista.

Det vert fortalt at Olav ein gong hadde pussa så godt rorhusglasa at Arnfinn trudde glaset var ope då han skulle spytta ut skråa, så det vart rett i ruta. Sikkert heilt krise for han, men til morskap for resten av mannskapet. Båten vart i 1974-75 forlengd til 55,5 fot (engelske). I 1983 fekk han nytt overbygg.   Les mer …

Flate Giske med snø.
Giske er den minste øya i Giske kommune og har rundt 600 innbyggjarar. Jordbruk, fiske og trevareindustri er dei viktigaste næringsvegane. Namnet Giske er truleg avleidd av norrønt gizki, ‘duk’ eller ‘klut’, som viser til den flate forma på øya. Ho var sete for fleire mektige slekter; slekta til Ragnvald Mørejarl, Arnungætta frå 900-talet av, og Giskeætta vidare oppover i mellomalderen.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Giske kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar