Forside:Ørsta kommune

LANDSDEL: Østlandet • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Rogaland • Vestland • Møre og Romsdal • Trøndelag
DISTRIKT: Sunnmøre • Romsdal • Nordmøre
KOMMUNE: Vanylven • Sande • Herøy • Ulstein • Hareid • Volda • Ørsta • Stranda • Fjord • Sykkylven • Sula • Giske • Ålesund
TIDLIGERE KOMMUNE: Haram • Norddal • Skodje • Sandøy • Stordal • Ørskog

Om Ørsta kommune
1520 Orsta komm.png
Ørsta kommune er ein av kommunane på Sunnmøre i Møre og Romsdal. Kommunen grensar mot Hareid, Ulstein, Volda, Sula, Stranda og Sykkylven, alle i Møre og Romsdal.

Administrasjonssenteret ligg på Ørsta, som er den fjerde største tettstaden i Møre og Romsdal. Dei større bygdene er Barstadvik, Bondalen, Hovdebygda, Standal, Sæbø, Vartdal og Sætre .   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Den nye fabrikken som vart sett opp etter brannen i 1950, og stod ferdig hausten 1951. Den nye fabrikken vart bygd av dei seks sønene til Johan Digernes, Ludvik Digernes, Jorulf Digernes, Rolf Digernes, Johannes Digernes, Ragnar Digernes og Odd Digernes.
Foto: Ørsta Kleklypefabrikk
Ørsta kleklypefabrikk A/S (ØK) var ei familiebedrift på Digernes i Ørsta. Selskapet er mest kjent for sine treklyper av merke Guri og plastklyper av merke Solveig. Johan Digernes starta bedrifta i 1933 under namnet Ørsta Klæklypefabrikk. Den fyrste tida var det hard konkurranse. Det var ikkje mogleg å få i gang eksportsal til høvelege prisar. Ørsta Klæklypefabrikk måtte difor henge seg på den innanlandske marknaden, i konkurranse med tre andre fabrikkar. Under krigen var jarnvarer rasjonerte, og det var ikkje mogleg å skaffe fjørtrå til klyper. Fabrikken byrja då å produsere dreia trebollar, treskeider, sleiver, auser og kleshengarar. I tillegg vart det laga ymse slag kostar, med bust av bjørkeris, blåbærlyng og av tauverk. Det vart også produsert skaft av bjørk.   Les mer …

Lars Kinsarvik: Armstol med treskurd og rosemaling.
(2018)

Lars Kinsarvik (1846–1925) vaks opp på garden Hus i Kinsarvik i Hardanger, i eit miljø som ga impulsar til rosemaling og treskurd. Han blei fengsla av dette og utvikla seg til kanskje si tids fremste treskjerar. Først med sete i Hardanger, seinare på Sunnmøre. I 1905 flytte Kinsarvik med familien til Ørsta. Grunnane til dette var nok fleire. Ein var at han ei tid hadde ikkje hadde så store innkomer, og hadde ansvar for ein stor familie: kone og fem barn.

Det var Andreas Austlid som overtalte Kinsarvik til å velje Ørsta. Austlid var skulestyrar på den nyss oppretta folkehøgskulen i bygda. Han hadde tidlegare vore lærar ved folkehøgskulen i Ullensvang. Der hadde Austlid og Kinsarvik blitt godt kjende, fordi Kinsarvik var sterkt medverkande til både oppretting og drift av skulen. I Ørsta fekk Kinsarvik arbeid som lærar ved Møre folkehøgskule. Samtidig hadde han inntekter av å vere ein mykje brukt foredragshaldar i ungdomslag og andre organisasjonar.   Les mer …

Sivert Aarflot (1759–1817) reknast som stamfar til slekta Aarflot.
Foto: Arnfinn Kjelland
(2009)

Aarflot er ei slekt med opphav på garden Årflot i Ørsta kommune. Som stamfar reknast lensmann og boktrykkar Sivert Aarflot (1759–1817).

Kjende medlemmar av slekta


Lars Aarskog
Foto: Norske skolefolk (1952)
Lars Aarskog (fødd 11. oktober 1891 i Vartdal på Sunnmøre, død 19. november 1990) var lærar og underoffiser. Han engasjerte seg dessutan i fråhaldsarbeid, ungdomslag og songlag.   Les mer …

Ivar Andreas Nordang.
Foto: Hentet fra Studenterne fra 1877 (1902)
Ivar Andreas Nordang (født 26. september 1856 i Hjørundfjord i nåværende Ørsta kommune, død 13. februar 1933) var jurist. Han var sorenskriver i Vardø, senere i Nordfjord, før han avsluttet sin yrkeskarriere som sorenskriver i Tune ved Sarpsborg. På 1890-tallet var han dessuten ordfører i Vardø. Ivar Andreas Nordang var sønn av gårdbruker Peder J. Nordang (1798-1870) og Anne Ingeborg Stennæs (1811-1891). Han var først gift, i 1886, med Louise Charlotte Kåsbøll (1864-1890), deretter, i 1891, med Andrea Monsen (1868-1896), og til sist, i 1898, med Betty Klæboe (1868-1953).   Les mer …

Ivar Aasen.
Ivar Aasen (5. august 1813 – 23. september 1896) var språkforskar og diktar. Han er mest kjend for å vera opphavsmannen til nynorsk, men det var Ivar Aasen som la grunnlaget for den vitskaplege utforskinga av norsk språk.
Ivar Aasen vart fødd på Åsen i Ørsta. Frå Ålesund og Sunnmøre, utg. Kjenn Ditt Land, 1930.
Ivar Andreas Aasen vart fødd den 5. august 1813 i Åsen i Hovdebygda i Ørsten, dagens Ørsta kommune. Han var ein av åtte sysken og mista tidleg begge foreldra. Aasen måtte tidleg ta del i hardt gardsarbeid for å klara seg. Plassen han budde på, var isolert, og han hadde få vener. På fritida underheldt han seg derfor med å lesa i Bibelen.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Ørsta kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar