Logoen til Herøy kystlag.
Herøy kystlag (HK) vart etablert i 1991. Opprinneleg var tanken at dette skulle vere ein modellbåtklubb for dei som dreiv på med slikt i Herøy på Sunnmøre. Men det enda opp med at det vart eit større perspektiv på laget med fokus på kystkultur. Laget vart innmeldt i Forbundet KYSTEN i 1994. Laget har om lag 70 medlemmar. Les mer …
Hans B. Osnes med familie kring 1910. Foto: Gustav Osnes
Hans Berntsen Osnes (fødd i Ulstein 19. juni 1872, død same stad 14. oktober 1958) var lærar, gardbrukar, forretningsdrivande og pressemann. Han var aktiv i norskdoms- og fråhaldsrørsla og i lokalpolitikken. I ei jubileumsomtale da han runda 85 år, vart han karakterisert som «ein av sentrumsfigurane i bondereisinga i Møre og Romsdal». Han var engasjert i Landmannsforbundet frå 1906 og i Bondepartiet da det vart stifta, og var ei tid redaktør for bondebladet Sunnmøre Tidend. Han var også ein tiltaksmann som sette i gang ei rekkje moderniseringstiltak i heimbygda. I ei omtale frå 1919 blir han av ein sambygding karakterisert slik: «Hans B. Osnes er ein evnerik og energisk mann - full av idear og handlekraft, og det stend javnt eit friskt ver av han.» Les mer …
Runde fyrstasjon 2009. Vi ser fyret frå 1935 i bakgrunnen. Foto: Arnfinn Kjelland Runde fyrstasjon ligg på Kvalneset på øya Runde i Herøy. Fyret vart tent 1. september 1767 som det sjette i Noreg og det første nord for Stad. Dette var eit såkalla blussfyr – eit bål eller eld med lysande loge, i ei fyrgryte eller fyrpanne, og lyskjelde var kol eller torv. Det første fyret låg på Tua, eit platå knapt 200 meter over havnivået i lia ovanfor den noverande stasjonen.
Det var generalauditør og byfut i Kristiansund, Peter Frederik Koren, som fekk kongeleg løyve til å sette opp fyret og krevje inn fyrpengar av passerande fartøy. Koren kjøpte elles heile garden Goksøyra og la plikt til å spa torv, transport og vakt på fyret til oppsitjarane. Les mer …
Her har Dyrhaug fått fiskerinummeret måla på, og går ei runde utanfor båtbyggeriet MB «Dyrhaug» (M-470-HØ / M-77-HØ) var bygd som kryssar, og er det største nybygget ved L/L Vik Båtbyggeri. Det vart rekna med at båten var 70 fot, men i fiskeriregisteret står båten med 68,3 fot. Båten vart levert på vårparten 1957. I fiskeriregisteret har båten, M-470-HØ. På baugen var påmåla M-77-HØ. Eigaren hadde rekna med å få bruke oppatt fiskerinummeret frå gamlebåten, men det vart ikkje slik det var tenkt. Sjå også spesifikasjonar i båtlista for Vik. Då båten vart sjøsett som ferdig båt, fekk skuleborna i Høydalen fri. Dei var om bord under sjøsettinga. Båten vart brukt til linefiske, og sildegarn på vinteren. Så vart båten vekkleigd til Måløyveringar som dreiv pigghåfiske. Eigaren var med som mannskap. På vårparten 1959 gjekk dei i fjøra sør om Shetland. Der havarerte båten, men mannskapet berga seg i det dei gjekk og stod i. Den største og kraftigaste båten fekk altså eit kort liv på sjøen. Les mer …
|