Byste av Ole Nielsen, reist i 1920 ved Storahuset på Ålgård. Kunstnar: Jo Visdal. Foto: Rune Sattler/Wikimedia Commons.
Ole Nielsen (fødd i Hjelmeland 12. januar 1827, død i Sandnes 23. april 1915) var utlærd handverkar (fargar), og er mest kjend som industrigründar og fabrikkeigar. Han grunnla mellom anna Aalgaards Uldvarefabrik. Nielsen var ein viktig pioner i det som har vore kalla «industrieventyret på Jæren», og representerer i eigen person ei illustrerande utviklingslinje frå handverksbasert protoindustriell verksemd til moderne storindustri innan tekstilbransjen. Han kan også sjåast som ein eksponent for den arbeidsetikken og entreprenørånda som prega det haugianske miljøet som han tilhøyrde, enda om det er litt omdiskutert kor vidt han personleg skal oppfattast som haugianar. Nielsen vart tildelt Oscar IIs fortenestemedalje i 1887, og utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1903. Da hadde han gått ein lang og suksessrik veg frå dei smålåtne kår han var fødd inn i. Les mer …
Staskniv av Gunnar Omdal, krokslirkniv av kvalrosstann. Foto: Vest-Telemark Museum. Gunnar Omdal (1901–1984). «Knivkunstnaren» frå Omdalsgrend som laga stasknivar det vil gå gjetord om til alle tider. Gunnar er blant kremen av knivmakarane frå øvre Telemark og har mykje ære for at stasknivane frå Vest-Telemark er vidgjetne og står til overmåls i eiga særklasse – det skal halde hardt om nokon slår desse. Det er alle seriøse knivsamlarar sin våte draum å ha ein Omdalkniv i samlinga si. Desse stasknivane er i dag særs verdifulle og er vanskelege å få tak i.
Gunnar kom til verda den 22. september 1901 på garden Sudistog Omdal i Tokke kommune. Der voks han opp, men då han vart vaksen overtok og dreiv han, i lag med den eldre broren Nils, garden Uppigard Mjaugedal. Der blei han buande resten av sine dagar. Berre heilt på det siste var han på Helseheimen nede på Dalen, og der slokna han den 9. november 1984.
Ungane, som voks opp i fjellbygdene på fyrste halvdel av 1900 - talet, dreiv på med arbeid og leik. Skulegang blei det ikkje så mykje av og formell utdanning seinare var heller uvanleg. Men for å klare seg i livet, var det mykje som måtte lærast. Ungane måtte tidleg vere med i det daglege gardsarbeidet og ved at generasjonane arbeidde saman, blei læringa ein naturleg del av kvardagslivet. Særleg det å vere sjølvhjelpt var overmåte viktig.
Gunnar Omdal var ein bygdekustnar av det rette slaget. Han var særdeles nøyen i alt han gjorde. Kor lang tid arbeidet tok fekk så vere, men resultatet måtte vere fyrsteklasses. Det skulle vere solid, fint og skikkeleg gjort. Kvalitet var langt viktigare enn kvantitet for denne karen. Han var treskjerar, smed, knivmakar, sylvgravør, mekanikar, tømrar og gardbrukar. I slekta hans finnast fleire dugelege handverkarar og bygdekunstnarar, så han hadde det nok i blodet. Alt som liten gutunge, blei det lagt merke til hans gode evner og handlag innan handverk. Han fekk det liksom til – alt som fanst. Les mer …
Et par herresko i størrelse 7. På læret under er det prega inn «Dacapo Prima handsydd L. Røed Halden». Foto: Digitalt Museum/Sunnfjord Museum
Skobyen Halden var et begrep som uttrykte skoindustriens sterke stilling i østfoldbyen fram til 1950-tallet. I slutten av 50-åra jobba det rundt 750 personer i minst 14 skofabrikker i Halden. Disse bedriftene sto for 20 % av all skoproduksjon i Norge. Bransjen var den nest største industrigreina i byen, etter treforedlinga med giganten Saugbrugsforeningen. Les mer …
Bilde er frå kulturvandring 11. september 1994. Tema var mellom anna båt. Denne spantveggen som er oppsett er dimensjonert som ein båt på 60 fot. Plankane er skalma på. Nokre naglehol vart bora, og her ser ein naglen vert slått inn. Håkon Berg svingar mokkerten. Foto: Magnar Høydal Doblingspant er eit dobbelt spant. For folk langs kysten er dette truleg eit kjent begrep. For innlandsbefolkninga seier det kanskje ingen ting. Kort forklart, det er ein tradisjonell byggeteknikk for kravell bygde båtar. Det er bygt av to tømmer med same dimensjon. Tømmer i denne samanheng er den eine delen av det doble spantet. Det eine tømmeret har rot ned på kjølen, det skapar heil binding mellom begge sider. Her kjem gevinsten ved dobbelt spant inn, sefterane overlappa skøytane i spantet. (Sjå legge saman spant lenger ned i stykket.) Lengste enden på rota vender skiftevis til styrbord og babord. På båtar i størrelse 60 – 70 fot er det 6 -7 toms breidde på kvart tømmer. Lengste enden på rota er oftast frå 1,5 meter til opp mot 2 meter. Kortenden mellom 0,7 meter og oppmot 1 meter. Les mer …
|