Forside:Rein og reindrift

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Forside:Reindrift»)
Hopp til navigering Hopp til søk

URFOLK OG NASJONALE MINORITETER • NYERE MINORITETER
samisk • skogfinsk • kvensk • rom • romani • jødisk
sørsamisk • umesamisk • pitesamisk • lulesamisk • nordsamisk • austsamisk
språk • byggeskikk • rein • mat • religion/livssyn

Om Rein og reindrift
Ung rein i Arjeplogs kommun.
Foto: Olve Utne

Rein eller reinsdyr (Rangifer tarandus) er eit hjortedyr som først og fremst hører til i dei arktiske og subarktiske klimasonane. I Skandinavia og nærområda finst det tre underartar av rein — fjellrein (Rangifer tarandus tarandus), svalbardrein (Rangifer tarandus platyrhynchus) og skogsrein (Rangifer tarandus fennicus).   Les mer ...

 
Smakebitar
Grop 2 i i fangstanlegget.
Foto: Arnfinn Kjelland (2018)

Ved Storhøhalsen på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.

Storhøhalsen er ei brei skrånande li ovanfor skoggrensa, nedanfor Storhøe (1868 m.o.h.). På ei litt flatare terasse ca. 300 m nedanfor høgste punktet går det ein tydeleg sti etter reinstrekket, og erfaringar frå eldre jaktperiodar er at reinen ofte trakk her, noko som må ha freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg.

Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979 og 1986). Han påviste fire fangstgroper her, to ved sidan av kvarandre of kopla saman med ledegjerde, og to enkeltgroper.

  Les mer …

Ein rein spring forbi dormande pingvinarSør-Georgia.
Foto: Liam Quinn
Reinen på Sør-Georgia vart introdusert av norske kvalfangarar i 1911. Dei norske kvalfangarane som hadde base på Sør-Georgia ønska å ha tilgang til ferskt kjøtt, og i 1911 kjøpte brørne Carl Anton og Lauritz E. Larsen ti tamreinar (3 oksar og 7 simler) i Hemsedal i 1911 og sette dei ut ved Ocean Harbour på Barffhalvøya på nordsida av Sør-Georgia. Fem reinar til vart utsett av Christian Salvesen i 1912, men alle etterkommarane etter dei dyra omkom i snøras i 1918. I 1925 vart sju reinar utsett ved Husvik Harbour i Stromness Bay. Dei sistnemnte var basen for busenflokken.   Les mer …

Lulesamisk skáhppo (reinostform av tre) utstilt i Salten museum i Bodø.
Foto: Olve Utne.
Skoltesamar mjølkar rein ved Mutkajavre ved Enare seint på 1800-talet.
Foto: Ellisif Wessel.
Reinost (nynorsk/bokmål; bokmål/svensk renost; sørsamisk bovtsenvuasta; pitesamisk buhtsuvuässta -st-; lulesamisk boahttsuvuosstá -st-) er ein ost som tradisjonelt er basert på reinmjølk sprengt med det mørke feittet kring tarmane på ferskvassfisken harr (Thymallus thymallus). Osten blir gjerne forma til flate, runde ostar i kring 10–25 cm vide og 3–5 cm djupe ostformer av fletta/sydde rottæger (lulesamisk dæjvvo -jv-) eller utskore tre (lulesamisk skáhppo -hp-) og tørka. Reinosten blir tradisjonelt blant anna skava tynt og bruka som ost i kaffen. Reinost og reinkjøtt har vore to av dei viktigaste byttemidla frå fjellsamisk side i verdde-systemet med utveksling av varer og tenester mellom dei og den fastbuande befolkninga.   Les mer …

Kjørereinar er normalt gjelda. Her ser vi kanefart med rein ved det tidligare Fjeldsæter Turisthotel i Bymarka i Trondheim ein gong kring 1905.
Reingjelding eller reinkastrering blir utført på hannreinar, gjerne i treårsalderen, som skal trenast opp til kjørerein, og dessutan ofte òg andre hannreinar som skal vera med på å skapa ro i større reinflokkar. Tradisjonelt har reingjelding vorte utført ved at ein bit over testiklane med for- og hjørnetenner til sædstrengene sprikk med eit hørbart knepp, og deretter mosar sund testiklane mellom fingrane. To fordeler med denne metoden er at skinnet ikkje blir punktert, noko som minskar infeksjonsfaren; og at testikkelvevet til ein viss grad er intakt, slik at ein minimal testosteronproduksjon framleis kan finne stad. Reinen viser gjerne teikn til å vera uvel i to–tre dagar etter inngrepet. Frå andre halvdelen av 1900-talet har denne metoden vorte ulovlig, og i dag går gjeldinga normalt for seg med burdizzo-tong, som knusar vevet i sædstrengen.   Les mer …

Skjenneberg i kjent positur.
Sven Karlsøn Skjenneberg (født 14. desember 1923 i Ogndal, død 4. januar 2009) var veterinær og reinforsker.   Les mer …

Det fremste av dei to reinsdyra på Sagelv helleristningsfelt sett frå motsett side av elva.
Foto: Olve Utne
Sagelv helleristningsfelt er eit helleristningsfelt ved Sagelva i Hamarøy kommune i Nord-Salten. Feltet inneheld to konturframstilte reinsdyr innslipt i naturlig størrelse. Begge desse er rista inn nedom kanten på det bratte svaberget fleire meter over elva. Det finst fleire ulike syn på dateringa av feltet — frå så tidlig som ca 7000 fvt. til så seint som 3000–2500 fvt. Dateringa av Sagelv helleristningsfelt er omdiskutert. Den tidligaste dateringsmodellen tek utgangspunkt i at steinalderfolket ikkje hadde dei taua ein treng for å henge nedover berget og riste inn reinsdyra, og at ristningane derfor må stamme frå den tida at havet stod heilt opp hit og ein kunne riste inn direkte frå båt.   Les mer …
 
Kategoriar for Rein og reindrift
ingen underkategorier


 
Andre artiklar