Forside:Stjørdalen

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Møre og Romsdal • Trøndelag
Fosen • Orkdalen • Strinda • Gauldalen • Stjørdalen • Innherred • Namdalen
Tydal • Selbu • Meråker • Stjørdal

Om Stjørdalen
Stjørdalen i Trøndelag fylke er eit dalføre og eit distrikt kring det søraustlige hjørnet av Trondheimsfjorden. Sjølve dalen går frå Storlien rett over grensa til Åre kommune i Sverige og gjennom Meråker kommune og Stjørdal kommune til han renn ut i Trondheimsfjorden ved Hell. Via Leksdalen og Tømmerdalen er det samband til Selbu kommune og Tydal kommune i Neadalen, og desse kommunane blir tradisjonelt òg rekna til Stjørdalsdistriktet. Distriktet svarer i hovudtrekk til Stiǫrdǿlafylki i Uttrøndelag i norrøn tid.   Les mer ...
 
Smakebiter fra artikler
Belle Gunness med dei tre borna hennar, to med Mads Sorenson og yngstemann med Peter Gunness. Biletet vert gjerne datert kring 1908, men yngstemann vart fødd i 1903, og var kanskje noko yngre enn fem år her.
Foto: Ukjend.
Belle Gunness, opphavleg Brynhild Paulsdotter Størset (fødd 11. november 1859 i Selbu, offisielt død 28. april 1908 i LaPorte i Indiana) var ei husmannsdotter frå Trøndelag som vart kjend som den første kvinnelege seriemordaren i USA. Det er skrive fleire bøker og laga dokumentarfilmar om ho.

Den 1. april 1902 gifta ho seg med norsk-amerikanaren Peter Gunnes, opphavleg Peder Simensson Gunnes frå Sandsvær. Då sonen deira vart fødd våren 1903 hadde han allereie vore død i nokre månader; forklaringa til Belle var at han i desember 1902 fekk ei kjøttkvern i hovudet og døydde av brot på skallen.

Etter at Peter Gunnes døydde levde ho eit nokså anonymt liv på farmen. Den 28. april 1908 brann så huset ned. På branntomta fann dei fire lik, etter ei kvinne og tre born. Dei trudde naturleg nok at det var Belle og borna hennar, sjølv om det var noko merkeleg at kvinneliket mangla hovudet.

Kort tid før brannen hadde Asle Helgelien kome til LaPorte, på leit etter broren Anders Helgelien. Anders hadde vore i kontakt med ei enke i LaPorte med tanke på ekteskap, og Asle fann fram til Belle Gunnes. Han vart avvist, men etter brannen byrja han leite på tomta. Der fann han raskt det nedgravde liket av broren. Politi og liksynsmann kom til staden, og byrja leite vidare. Ifølgje rapporten fann dei ti mannslik og to kvinnelik der, og truleg restar etter fleire. Under likskuet vart det kjend at Belle hadde hatt kontaktannonser i skandinaviske aviser i USA, der ho skreiv at ho var ei enke med ein formue på 8000 dollar, som ville ha ein mann som hadde like mykje. Naboane kunne fortelje at det hadde vore ei rekkje framande menn innom, og at ho hadde sagt at dei var slektningar som var innom.   Les mer …

Årgård i Namdalseid. Bygningen var reist av Hans Barlien i 1813, men har vore ombygd etter det. Fotografiet er udatert, men teke før 1954.
Foto: Ukjent
Hans Andersen Barlien (fødd i Overhalla 29. februar 1772, død i Sugar Creek, Iowa, USA 31. oktober 1842) var bonde, handverkar, industrigründar, opplysningsmann og politikar. Han er mest kjend som agitator for bondepolitikken i tidsrommet frå 1814 til han emigrerte til USA i 1837.   Les mer …

Georg Ulrich Wasmuth. Ukjent kunstnar
Georg Ulrich Wasmuth (fødd i Kristiansund 19. mars 1788, død på Ytterøya 16. oktober 1814) var offiser og eidsvollsmann. Foreldra var kjøpmann Christian Fredrik Wasmuth og Johanne Susanne Holck. Familien tilhøyrde eliten av borgarskapet i Kristiansund. Dei hadde i ein herskapeleg bustad på Innlandet, som kjøpmann Wasmuth hadde bygd kring år 1800. Vi finn dei der i folketeljinga 1801, foreldre med to søner og tre døtrer. Men firmaet gjekk konkurs i 1804. Den unge Georg Ulrich var da under utdanning ved Krigsskolen. Han byrja i teneste som korporal ved Nordafjelske skiløperbataljon, truleg i 1804, medan han framleis var kadett. Frå 1805 var han offiser og tilsett som fenrik ved 1. Trondhjemske infanteriregiment, 1. gevorbne grernaderkompani.   Les mer …

Hieronymus Heyerdahl, maleri i Værnes kirke.
Hieronymus Heyerdahl (født 31. august 1773 i Aremark, død 6. mars 1847Gran) var sokneprest og eidsvollsmann. Han var en samfunnsengasjert prest, som gjorde tjeneste i forskjellige menigheter gjennom mer enn femti år. Han var sønn av sorenskriver Halvor Heyerdahl og Maren Dorothea Bassøe. Som toåring mista han mora, og han vokste derfor opp hos morfaren, kansilliråd Hieronymus Bassøe i Rakkestad. Han ble satt i undervisning av morfaren. Fra han var elleve år gammel i 1784 bodde han hos sokneprest Torkild Halvorsen Aschehoug i Rakkestad og fikk undervisning av ham. Han ble så sendt til latinskolen i Christiania, hvor han gikk ut i 1790. Deretter fulgte universitetsstudier i København, med teologisk embetseksamen i 1794.   Les mer …

Wilhelm Andreas Wexelsen
Wilhelm Andreas Wexelsen (fødd 8. april 1828 i Ringsaker, død 1904 i Kristiania) var teolog, grundtvigianar og sokneprest i Eid og Oppdal. Han var farbror til den kjende statsråden og biskopen Vilhelm Andreas Wexelsen (1849-1909). Foreldra var Wexel Hansen Wexelsen (1784-1867), som var forvaltar ved Hadelands Glasværk, og Marie Lovise f. Wexels (1793-1873). Ho var syster til den kjende grundtvigianske presten Wilhelm Andreas Wexels (1797–1866), som Wilhelm Andreas Wexelsen var mykje hjå i studietida. Hans søster var Marie Wexelsen (1832–1911)   Les mer …

Skatval kirke i Stjørdal har hatt kirke siden middelalderen. Den kirken som står der i dag, er en trekirke fra 1901. Der er kirkegård ved kirken.Dagens kirke på Skatval er en langkirke av tre med tårn ved inngangen. Kirken stor ferdig i 1901 og erstattet en kirke fra 1767.I 1767 ble det bygget en laftet korskirke på Skatval. Denne kirken ble revet da det ble bygget ny kirke i 1901. (Her kan det skrives mer om den forrige kirken på Skatval). Kirken som ble bygget i 1767 avløste en eldre kirke.Det er lite en vet om den kirken som sto på Skatval før 1767, men av opplysninger fra 1660-tallet fremgår det at i alle fall deler av kirken var laftebygd. Det kan tenkes at kirken også omfattet stavbygde deler fra en middelalderkirke.   Les mer …
 


 
Kategorier for Stjørdalen
 
Andre artikler