Utlånsprotokoll for Tysnes folkeboksamling, 1940-talet.
Tysnes folkebibliotek høyrer heime i Tysnes kommune, Hordaland. Det var eit av dei siste biblioteka i Hordaland som framleis heldt på den gamle strukturen med små bygdebibliotek spreidd som filialar rundt om i kommunen. Først i 2002 vart denne ordninga avvikla. Tysnes folkebibliotek er i dag eit av dei åtte Sunnhordlandsbiblioteka, der mykje av drifta i tillegg til den ordinære bibliotekverksemda har vore konsentrert rundt lokalhistorie, i samarbeid med Tysnes Sogelag. Biblioteket arbeider også med å ta vare på den kulturelle arven etter forfattaren og lokalhistorikaren Johannes Heggland. Biblioteksjef sidan 1998 har vore Knut Rage, som i desse åra har leia Tysnes folkebibliotek frå å vera ei av dei aller siste «gode gamle» folkeboksamlingane i Hordaland til det moderne biblioteket det er i dag. Les mer …
Tysnes Sparebank heldt til i dette bygget frå 1959, og flytta på 1980-talet i eit nybygg like ved.
Tysnes Sparebank vart etablert i 1863 som eit lokalt føretak, etter mønster av liknande bygdebankar som vart oppretta i byrjinga av 1860-åra. Desse bankane kunne koma i stand på ymse vis. Stundom var det eit privat tiltak som tok initiativ, i andre tilfelle var det kommunestyret som kom inn i biletet. For Tysnes Sparebank sitt vedkomande var det heradstyret i Tysnes som stod for opprettinga.
Tysnes Sparebank har fram til dei aller seinaste åra vore ei av dei få frittståande bankane i Noreg. Ved utgongen av januar 2013 passerte banken sin forvaltningskapital 1 milliard kroner. Banken er i dag tilslutta Eika Gruppen. Les mer …
Frå feltet med bautasteinar på Årbakka. Desse steinane er stilt omlag midt i feltet. Foto: Magne Ove Kleppe
Årbakkasanden i Tysnes kommune ligg ved Hardangerfjorden. Her finst eit gravfelt med bautasteinar datert til jarnalderen. Gravfeltet på Årbakka inneheld 23 gravhaugar, fem bautasteinar og to steinringar, og strekkjer seg over eit område på 45 x 110 m. Ein sjette bautastein ligg i dag i fjæra like ved, der den i lang tid har vore nytta som helle til eit båtnaust. Biskop Jacob Neumann granska staden då han i 1828 visiterte i Sunnhordland, og 19 år seinare fekk han ein kandidat Stuwitz til å teikna ein plan over gravfeltet. Denne trykte Neumann i 1846. Neumann sine «optegnelser» vitnar om stor antikvarisk og arkologisk interesse. Han har fått med om lag alle fornminna, og skildrar tilhøva for kvar einskilt, både steinane, steinringane, haugane og røysane. Dertil nemner han «skibshøier». Les mer …
Herman Olai Hermandsen (1827-1882). (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes) Herman Olai Hermandsen (1827-1882) var ein forretningsmann frå Bergen som slo seg ned på Tysnes i Sunnhordland og bygde opp eit handelssenter i Gjersvik utanfor Våge. Etter nokre år forsvann han sporlaust, etter ein mistanke om underslag i den lokale banken, og handelssenteret vart lagt ned. Herman Olai Hermandsen var far til Thomas Hermandsen, den første stiftsarkivaren i Bergen, som i 1887 gav ut boka Bygdeliv, ei samling nærgåande skisser frå miljøet kring faren sin handelsstad. På biletet ser me huset han bygde til seg sjølv og familien. Tysnes Sparebank heldt til i dette huset dei første sytten åra. (Lokalhistorisk arkiv i Tysnes) I desse åra då alt gjekk så godt var det mest ingen grenser for ambisjonane hans. Han engasjerte seg i utruleg mange verksemder, sat som ordførar 1854-61 og 1874-81 og sikta seg også inn mot Stortinget – slik sonen Thomas skulle koma til å gjera seinare. Men så gjekk det gale. Hausten 1882 forsvann Hermandsen, på dampskipet frå Bergen til Tysnes. Det har vore rekna med at han sprang over bord. Det viste seg såleis at det var uorden i rekneskapane til banken, der han sat som kasserar. Han hadde «lånteke» ein god del pengar – og sjølvmordet var mest ikkje til å unngå i den klemma han var hamna i, sjølv om ein pålitande tysnesing meinte at han seinare hadde sett han i Amerika. Trass i underslaget vart Hermandsen hugsa som ein respektabel mann blant folk på Tysnes. Også «madammen» hans hadde eit godt omdøme mellom folk. Ho betalte seinare tilbake alt ho kunne greia av underslaget. Dermed vart Hermandsen sitt storslåtte prosjekt i Gjersvik avvikla og enkja flytta til Bergen. Les mer …
Tysnes kystlag blei stifta 1992, er medlem av Forbundet KYSTEN og har om lag 70 medlemmer (2014). Båtrygging og bruk av robåt er laget sin kjerneverksemd.
Kystlaget har lokalar på handelstaden Årbakka i Tysnes kommune, der det har vore handelsstad med krambu og postopneri frå slutten av 1800-talet og fram til 1960 då verksemda vart nedlagt. Laget leigar det midtre huset der, i fyrste etasje har kystlaget eit slags museum, det er det motorar og ymse sakar frå heilt til bake til seglskutenes tid og i andre etasje har møtelokal. På kaia ved Flakkavåg ligg eit båtbyggjeri som kystlaget leiger til båtbyggjarkursa sine. Med Harald Dalland (1945 - 2014) i spissen har kystlaget arrangert kurs sidan 1995, og det har i alt vorte bygd om lag 50 båtar. Les mer …
Flyfoto over Våge på Tysnes, teke ein solskinsdag i august 1961. Foto: Ukjend
Våge er den største tettstaden i Tysnes kommune og det viktigaste trafikknutepunktet på øya, med ferjeruter til Halhjem sør for Bergen. Bygda er samstundes det merkantile tyngdepunktet i kommunen. Det er også her ein finn ungdomsskulen, fleirbrukshall og flest kulturelle aktivitetar. Innbyggjartalet er 524 personar pr 2006. Våge er eit usamansett naturnamn og har med ordet ”våg” å gjera, ei nemning som kan sporast tilbake til norrønt og sannsynlegvis endå eldre tid. Namn av denne typen viser gjerne til den aller eldste busetnaden i eit område. Det tyder såleis på at garden Våge må vera ein svært gammal gard. Les mer …
|