Forside:Hardanger

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. apr. 2010 kl. 23:05 av Dena Utne (samtale | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Møre og Romsdal • Rogaland • Vestland
TIDLIGERE FYLKE: Hordaland (Distrikt: Sunnhordland • Midthordland • Nordhordland • Hardanger) • Sogn og Fjordane
KOMMUNE: Eidfjord • Kvam • Ullensvang • Ulvik
TIDLIGERE KOMMUNE: Granvin

Om Hardanger
Vøringsfossen i Eidfjord kommune, fotografert i 1999.
Foto: Stig Rune Pedersen

Hardanger er eit distrikt langs og ved Hardangerfjorden i Hordaland. Det strekk seg frå Kvinnherad i vest til Eidfjord i aust, og i tillegg sørover langs Sørfjorden. Det er fire kommunar i distriktet: Kvam, Ulvik, Eidfjord og Ullensvang. I tillegg har tidlegare Granvin herad, som sidan 1. januar 2020 er ein del av Voss herad, vore ein del av Hardanger.

Landskapet er prega av fjell, breer, fosser og fjordar, noko som trekk mange turistar til området. Hardanger er òg kjend for fruktdyrking, som ein meiner har tradisjonar attende til engelske munker som byrja å dyrke frukt der på 1300-talet. Omkring 40% av frukt som produserast i Norge er frå Hardanger.

Folk frå Hardanger kalles hardinger, og målet deres kalles hardingemål (utt. haring).   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Familien Christiansen budde også i Folgefonngata nr 9 då huset var nesten heilt nytt.
Foto: Arkiv NVIM.
Folgefonngata 9 i Odda er eit lite trehus i ein og ein halv etasje, bygd i 1907/08. Dette er ein av dei første arbeidarbustadane som blei bygd i Odda sentrum, og saman med Folgefonngata 11 og 13 tilhøyrer det Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum (NVIM) i dag. Folgefonngata 9 er ein «formannsbolig» med to rom og kjøkken. Det er to leilegheiter i huset. Mange av dei andre husa i gata hadde leilegheiter med eitt rom og kjøkken og var for fagarbeidarar. I åra 1907 til 1914, før Murboligen kom, låg det slike bustadar på begge sider av Folgefonngata.   Les mer …

Studentene fra 1902
Foto: 1927

Guttorm Narum (født 17. juni 1881 i Gol, død 5. desember 1929) var ordfører i to kommuner, Vadsø og Odda, og seinere rådmann i Bodø og Bærum.

Han var sønn av gårdbrukerparet Ole Narum (1838–) og Margit f. Christensen (1847–1917). Etter Tønders middelskolekursus og middelskole-eksamen ved St. Hanshaugens skole i 1900 ble det høyere skolegang samme sted, til han tok eksamen artium ved Otto Anderssens skole i 1902. Han var huslærer på Helgøya før han begynte på universitetet, hvor han var ferdig cand.jur. i 1908. Han gjorde seg lite bemerket i livet rundt studiene, fortalte han selv.   Les mer …

Vegen gjennom Måbødalen er bratt og krevjande, og bremsesvikt på bussen vart fatalt i 1988. Biletet er frå ei tidligare tid, teken kring 1948-51.
Foto: Ukjend/Nasjonalbiblioteket
Måbødalsulykka var ei bussulykke som fann stad ved utløpet av Måbøtunnelen i Eidfjord den 15. august 1988. Det var ein svensk buss med skuleborn og foreldre frå bydelen Kista i Stockholm som var på veg til Bergen for å ta båt til Shetland som køyrde i fjellveggen etter å ha mista bremsane. Seksten menneske omkom, og av dei var tolv born i elleve–tolvårsalderen. Atten vart skadd. Riksveg 7 gjennom Måbødalen i Eidfjord kommune er ei krevjande strekning med åtte prosent stigning og mange sløyfar. På veg ned bakken merka sjåføren at han ikkje lenger hadde verknad i bremsane i tunnelen. Han gira ned, men giret kopla ikkje inn og drivverket gjekk i fri. Dermed verke heller ikke hjelpebremsen, retarden, som ein har på tyngre køyretøy. Bussen hadde vore gjennom ein teknisk kontroll i mai 1988. Det viste seg etter ulykka at det var skjulte feil i bremsane, som ikkje vart fanga opp i kontrollen.   Les mer …

Borghild Astrid Nilsen (fødd 12. desember 1914, død 6. april 2016) var reinhaldar, busett i Eidfjord i Hardanger.

Ho vaks opp i Hyen i Nordfjord, i en syskenflokk på ni. Nilsen arbeidde i 25 år som reinhaldar ved tollavdelinga på jernbanen i Bergen. Når ho ikkje var på arbeid, sat ho ofte og broderte. Til saman vart det om lag 100 bergensbunader og dukar.

Som 101-åring budde ho på Bygdaheimen i Erfjord. I høve fødselsdagen i 2015 vart ho omtala av Aftenposten, som mellom anna skreiv at «Jubilanten (sic!) er glad i å lese og følger godt med i tiden. En av hennes største gleder er sport.»   Les mer …

Bygdebokforfattar, lyrikar og omsetjar Johan Tufteland.
Johan Tufteland (fødd i Austevoll 28. mai 1913, død i Kvam i Hardanger 25. februar 1998) var fiskar, lærar, lyrikar, omsetjar og bygdebokforfattar. Utdanninga hans var frå Stord lærarskule 1938-1942, Noregs Lærarhøgskule i Trondheim (NTNU) 1949-1950, Sløyd- og teiknelærarskulen på Notodden 1951-1952 og Universitetet i Oslo 1958. Han arbeidde som lærar i Austevoll, i Bergen, i Kvam og på Kvitsøy. Tufteland skreiv både fag- og skjønnlitteratur. Han gav ut kultursoge og tre gards- og ættesoger for Austevoll kommune, tre diktsamlingar og ein roman. Dessutan skreiv han artiklar i aviser og tidsskrift. I tillegg gjendikta han til nynorsk dikt av den amerikanske lyrikaren Emely Dickinson. Fleire av Tufteland sine gjendikta salmar av mellom anna Nikolai Grundtvig er med i Norsk salmebok.   Les mer …

Ulrik Albert Sæther er gravlagt på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2013)

Ulrik Albert Sæther (født 4. april 1845 i Christiania, død 25. september 1935) var lærer og prest. Han ble gift i 1876 med Ragna, født Iversen (1858-1922).

Familien flyttet til Drammen i 1855, hvor faren ble skattefogd. Han gikk på Drammen høyere skole, og tok examen artium der i 1863. Han tok anneneksamen i 1864, og ble cand. theol. i 1871. Mens han studerte, bodde Sæther-familien i Christiania. Ved folketellingen i 1865 er Ulrik Sæther og fem søsken registrert på adressen Munkedamsveien 3, sammen med moren Sophie, 53 år gammel og enke.

Sæther ble lærer ved Hammerfest borgerskole i 1873, og i 1877 sogneprest til Karlsøy. I 1882 ble han sogneprest i Rollag i Numedal, og i 1888 residerende kapellan til Nes på Romerike.   Les mer …
 


 
Kategoriar for Hardanger
 
Andre artiklar