Ved Gravranden på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.
Gravranden er ein avlang markant haug («rande» i lokaldialekten) orientert tilnærma vest-aust. Det syner ein tydeleg sti etter reinstrekket mellom haugen og ei lita tjønn, som avgrensa området og freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.
Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979). Han meinte det er usikkert om namnet på haugen har med fangstgropene her å gjere. Les mer …
Torspråklig sørsamisk/norsk skilt på biblioteket i Snåsa kommune. Foto: Olve Utne
Sørsamisk (sørsamisk åarjelsaemien gïele, åarjelsaemien) er eit samisk språk med tre nolevande hovuddialektar som blir snakka blant sørsamar. Det tradisjonelle utbreiingsområdet til sørsamisk er sørom Korgen i Noreg og Umeälven i Sverige. Hovuddialektane av sørsamisk er vefsnsamisk (i Sverige: vilhelminasamiska), jamtlandssamisk og rørossamisk (i Sverige: härjedalssamiska eller sydlig jämtlandssamiska). Umesamisk blir òg ofte rekna til sørsamisk, men ligg med sin kombinasjon av omlyd og stadieveksling nært opp til pitesamisk. I Noreg blir samiske stadnamn i det tradisjonelt umesamiske området offisielt normert til sørsamisk. Les mer …
Trolldomsprosessane i Europa frå 1420-åra til kring 1750, i nyare tid òg kjent som hekseprosessane eller heksejakta, var ei organisert jakt på personar ein meinte var trolldomskunnige. Trolldomsprosessane fann hovudsakleg stad i protestantiske område, men var òg vanleg i Frankrike og Polen. I katolske kjerneområde som Spania, Portugal og Italia vart ein liknande funksjon utført av Inkvisisjonen. Dei fleste av dei dømte i prosessane i Noreg var kvinner og har frå 1700-talet av — etter at trolldomsprosesstida var over — gjerne vorte kalla hekser. Totalt vart omkring 50 menn og 250 kvinner dømte til døden i Noreg; totalt er det dokumentert at 307 personar vart avretta. Eit unntak frå hovudregelen elles i Nord-Europa var Island, der berre menn vart dømte for trolldom. Blant samane var det òg fleire menn enn kvinner som vart skulda. Den første norske saka kom i 1570-åra, og den siste avrettinga fann stad i 1695. Dei fleste avrettingane i Noreg vart utførte ved brenning på bål. Brenninga vart sett som ei rensing av den dømte. Les mer …
|