Det fremste av dei to reinsdyra på Sagelv helleristningsfelt sett frå motsett side av elva. Foto: Olve Utne
Sagelv helleristningsfelt er eit helleristningsfelt ved Sagelva i Hamarøy kommune i Nord-Salten. Feltet inneheld to konturframstilte reinsdyr innslipt i naturlig størrelse. Begge desse er rista inn nedom kanten på det bratte svaberget fleire meter over elva. Det finst fleire ulike syn på dateringa av feltet — frå så tidlig som ca 7000 fvt. til så seint som 3000–2500 fvt. Dateringa av Sagelv helleristningsfelt er omdiskutert. Den tidligaste dateringsmodellen tek utgangspunkt i at steinalderfolket ikkje hadde dei taua ein treng for å henge nedover berget og riste inn reinsdyra, og at ristningane derfor må stamme frå den tida at havet stod heilt opp hit og ein kunne riste inn direkte frå båt. Les mer …
Salmebok på det gamle samiske standardspråket som hovudsaklig er basert på umesamisk. Foto: Olve Utne
Umesamisk er eit samisk språk som tradisjonelt blir snakka av umesamane. I Noreg har det blitt snakka umesamisk kring Rana og Hemnes kommunar, og i Sverige er umesamisk det tradisjonelle språket blant skogssamane frå sørlige Arjeplog og det meste av Arvidsjaur og Malå kommunar såvel som i Lycksele lappmark sør- og vestover til Umeälven. I eldre tider ser det ut til å ha blitt snakka umesamisk i Åsele lappmark òg — heilt mot grensa mot Jämtland. Språklig sett danar umesamisk ein overgang mellom pitesamisk og sørsamisk. Oftast blir umesamisk rekna til sørsamisk i vidaste forstand, men språket har òg mykje til felles med pitesamisk. Det gamle samiske standardskriftspråket frå 1700-talet og tidlig 1800-tal har i hovudsak utgangspunkt i umesamisk. Det umesamiske språket er kritisk truga i dag, men det blir arbeidd aktivt med revitalisering frå barnehagenivå og oppover. Den moderne umesamiske rettskrivinga vart godkjent av Sametinget i Sverige den 26. februar 2014 og vart med det godkjent som skriftspråk. Les mer …
|