Forside:Heimar og folk i Bykle

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Om Heimar og folk i Bykle
Heimar og folk i Bykle, band I.

Heimar og folk i Bykle er ei gards- og ættesoge i fem band for Bykle kommune i Setesdal, forfatta av Aanund Olsnes og utgjeve i 2006. Bykle hadde ei ættesoge frå 1966, Gards- og ættesoge for Bykle, med eit stutt utdrag av kultursoga av Knut Gjerden og Bjørgulv Holen. Kring 1990 byrja folk i kommunen å sjå på om det var mogleg å få ei oppdatert soge, som også tok for seg historia til sjølve garden, og ikkje berre ætta.

Det vart nedsett ein komite med Bjarne Tveiten som leiar, og Aanund Olsnes frå Vinje vart tilsett som forfattar hausten 1998. Kommunens kulturkonsulent Astri Rysstad og vikaren hennar, Helene Fredly, var koordinator, medan nemnda og forfattaren tok seg av det faglege. Medlemene i nemnda var frå starten Tora Mosdøl, Gerd Fosse Hovden, Per Breivegen, Bjarne Tveiten og Folke Nesland. Tveiten og Nesland gjekk etter ei tid ut av nemnda, og i staden kom Leonhard Jansen og Angerd Mosdøl inn. Jansen vart ny leiar. Per Breivegen gjekk bort sumaren 2005, året før boka kom ut.

Bygdebøker i fleire band blir gjerne utgjeve over fleire år, men i Bykle valde ein å gje ut alle fem band samstundes.   Les mer ...

 
Smakebitar frå artiklar

Hisdalgardane i Bykle kommune ligg innpå heia vestanfor Otra, i dalen mellom Hisdalsfjøddet i nord og Dipleåsen i sør. For å koma hit lyt ein taka ein veg som går søretter langs austsida av elva frå Moen i Trydal. Etter ein snau km kryssar ein Otra, kliv opp den bratte Hislii og held fram vestetter. Omlag ein km frå brua finn ein Lisle-Hisdal, og eit par km lenger inn ligg dei to bruka Store-Hisdal og Der uppe.

Av desse tre bruka var det berre Lisle-Hisdal som etter gamalt låg i Bykle. Denne eigedomen høyrde til Der inne i Trydal, og var plass under det bruket inntil han vart matrikulert til eige bruk i 1888. Store-Hisdal høyrde derimot til Løyland og Dale i Valle, og var sameige mellom desse gardane. I samband med fyrearbeidet til 1838-matrikkelen vart plassane i Store-Hisdal skilde ut frå dei to gardane som eigne einingar, og fekk sidan bnr 5 og 6 under Dale. I 1854 vart oppsitjarane sjølveigarar. I 1925 vart grensa mellom Valle og Bykle revidert. I denne samanhengen vart Lisle-Hisdal tildela gnr 20 bnr 1, medan dei to bruka i Store-Hisdal vart overførte frå Valle til Bykle, og gjevne bnr 2 og 3 under gnr 20.   Les mer …

Optestøyl 24.1.2006. Huset lengst til høgre er stoga etter Ånund K. Skarberg.
Foto: Aanund Olsnes

Optestøyl, også kalla Utigard, ligg lengst i sør i Trydal, sunnanfor Grasbrokke og Svingen, og langt ned imot Bjørnarå. Frå gamalt var det visseleg nytta som støyl for Systog, og dermed lyt me tru at her låg vel til rette for bureising.

Åsmund Olavsson Trydal frå Systog sette i gang med nybygg på denne staden i 1921, då han fekk skøyte av Tarjei, eldstebror sin. Nå veit me at han gifte seg i 1919, og kunne då fort tenkje at den røynlege overdraginga må ha funne stad eit par år fyre papirarbeidet og tinglysinga. Men då Åsmund gifte seg vart han notert i kyrkjeboka som «tømmermann» , same tittelen fekk han då eldste dottera vart døypt i 1920, men frå 1921 og frametter vert han kalla «sjølveigar og småbrukar», så då hadde det funne stad eit statusskifte.

Eit anna omskifte som skal noterast, er at bruket ved tinglysinga i 1921 vart kalla Utigard, men til dagleg vert det omtala som Optestøyl.   Les mer …

Buss frå Arendal fotografert ved Trydalstjonni ein gong i 1930-åra, fyre vegomleggjinga i 1938. Fotografen, som heite P.M. Danielssen, gav ut biletet som prospektkort. Me har kortet frå samlinga ved Setesdalsmuseet.

Trydal er ein matrikkelgard i Bykle kommune. Når ein køyrer riksvegen nordetter frå Valle, kjem ein fyrst til Bjørnarå. Den neste grenda er Trydal. Grenda ligg etter måten lågt, i ein djup kvelv innunder Storefjøddet, med gardsbruka i ein ring kring Trydalstjønni, 515 moh. Utmarka femner åt Otre mot vest, Åsdokkine mot sud, Åsbrokkine mot aust, og mot nord deildar Trydalsgardane mot Berdalen og Bjones på toppen av Storefjøddet. I alt dreiar det seg om eit samla gardsvald på vel 25 000 mål. Utover dette hadde Trydal også rettar i allmenningen i Bykleheiane. Støylane var avgjerande for husdyrbruket gjennom idene, og liksom andre i Bykle dreiv trydølane med jakt og fiske, i presten Reier Gjellebøl si «bygdebok» frå slutten av 1700-åra vert Trydalstjønni utpeika som eit særleg godt fiskevatn. Dessutan var skogsdrifta viktig for økonomien, og hadde visseleg meir å seia i Trydal enn i dei delane av bygda som ligg høgre i lendet.

Når det gjeld tolkinga av gardsnamnet skriv Amund B. Larsen i Norske Gaardnavne, VIII (1902), som fylgjer:

1ste Led Try- antages at tilhøre et Elvenavn, hvis gamle Form ikke kjendes, se Gjerstad GN 29. S[ophus] B[ugge] antager [i] N[orske] El[venavne] , S. 338, at Elvenavnets gamle form var *T r y j a, afledet af oldn. t r e, n, Træ.
  Les mer …

Myri 1965.
Foto: Fjellanger- Widerøe

Myri ligg i terrenget mellom Gjerdentunet og Kanada, beint sørom Lii-plassen, på motsett side av Jarevegen i høve til denne. Bruket vart ikkje matrikulert for seg sjølv fyrr i 1987, derav det høge bruksnummeret, men etter det me skjønar var det likevel sjølveigarbruk frå 1915, eller kanskje endå eitt år eller to lenger attende. Tidlegare var det plass under Attistog, og her budde folk frå 1858 eller 1859.

I den gamle gards- og ættesoga (130) les me at Olav Sveinsson Maurlii «truleg kom til Myri [...] og budde her», men me har ikkje sett noko i samtidskjeldene som kan stadfeste dette. Me veit at Olav Sveinsson budde i Maurlii i 1828 og sidan var busete einkvarstad i Byklum, der han heldt til iallfall i åra 1833, 1847, 1851 og 1853. Likevel er det kanskje mogeleg at han sat i Myri eit tak i andre helvta av 1850-åra, men me trur ikkje det.

Derimot er me heilt sikre på at son åt Olav Sveinsson budde her, og at han var her lenge, og me meiner også at det var han som rudde plassen, og sette opp dei fyrste husa her.   Les mer …

Stoge og løe i Neire Haugen 31.1.2006.
Foto: Aanund Olsnes

Neire Haugen i Bykle ligg mellom Evre Haugen og Hagen og i breidd med desse. Ved matrikuleringa, som var i 1919, vart det karakterisert som fylgjer: «Parcellen er bare et stykke indmark, og har i længere tid været beboet, og er opdyrket for længe siden.»

Den fyrste me kan vita budde her var Sveinung Knutsson Guggedal frå Suldal. I folketeljinga frå 1875 heiter det at han var fødd i 1847, og det same står i den gamle gards- og ættesoga for Bykle (146). Dette årstalet er likevel gale, ser det ut til, for då han gifte seg i i Bykle i 1874, gav han opp at han var fødd i 1838, og det fødselsåret står også i Suldalsboka, som tvillaust byggjer på kyrkjeboka frå den bygda. Far åt Sveinung var frå Kviteseid i Telemark og heitte Knut Tjøstovsson, medan mora heitte Ingrid Johannesdotter, og var frå Bråtveit i Suldal. Desse folka budde på plassen Smeavika under Guggedal, som tykkjest ha fått namnet sitt av at Knut Tjøstovsson var smed (jfr. H. M. Hoftun: Gamle Suldal, 565).   Les mer …

Lii 1965.
Foto: Fjellanger-Widerøe

Lii ligg heilt på kanten av Gunhildsdjuvet ned mot Otra i Bykle. På vestsida grensar det mot Storemyr, i nord mot Innistog og Kosi, og på austsida er Haugebakk næraste grannen.

I den gamle gards- og ættesoga (133) les me at «Arne [Knutsson Byklum] kjøpte bruket frå Utestog i 1876. Dette er fyrste opphavet til Lii.» Det er rett at Arne Knutsson Byklum kaupte bruket av Utistog, men det var ikkje i 1876, og han var heller ikkje den fyrste som budde her. Opphavet til bruket var at Ånund Eivindsson Stavenes og familien hans sette seg ned som husmannsfolk her, og dette var i 1875.

Ånund Eivindsson Stavenes og Birgit Oddsdotter Byklum

Ånund var son åt Eivind Ånundsson Stavenes i Stigamidjom, gnr 17, bnr 20, og kona, Åse Tarjeisdotter. I den gamle boka (145) er Ånund og familien å finne under «Kosi, gnr 14, bnr 15». Nå er Kosi bnr 28, ikkje bnr 15, men det er heilt rett at Ånund også var den fyrste ein kan vita budde på den plassen. Men ettersom han var i Lii fyre han flutte til Kosi, har me valt å omtale han her. Etter dei namnereglane me har freista å fylgje i det meste av denne boka skulle Ånund ha vorte kalla Ånund E. Stigamidjom, men ettersom han heile livet nytta etternamnet Stavenes, skal me gjera det same:

  • Ånund Eivindsson Stavenes, f 1830, d 1903
g 1857 m Birgit Oddsdtr. Byklum, f 1833, d 1891.   Les mer …
 
Se også
 
Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Heimar og folk i Bykle
ingen underkategorier
 
Mest lest