Snowshoe Thompson fotografert i USA. Foto: Ukjent
Snowshoe Thompson (1827-1876) - fødd som Jon Torsteinson Rue i Tinn Austbygd – er tvillaust den av alle utvandra tinndølar som har blitt mest berømt i USA. Etter nokre år i USA endra han namnet sitt til John A. Thompson og vart etter skibragdene sine seinare mest kjend som Snowshoe Thompson. I statane California og Nevada er det reist ei rekke minnesmerke og teksttavler til ære for «the mailman and Hero of the Sierra» og området rundt olympiastaden Squaw Valley vart vedtatt å skulle kallast Snowshoe Thompson State Park. Han er truleg den einaste tinndøl som har fått minneord i New York Times ved sin død, og som har blitt heidra med helsing frå president Gerald Ford og guvernør Ronald Reagan på hundreårsdagen for sin bortgang. Les mer …
Gunnar Sønsteby 2008. Foto: Arnephoto, Wikimedia Commons. Gunnar Sønsteby, kjent som «Kjakan» og «Nr. 24» (født 11. januar 1918 på Rjukan, død 10. mai 2012 i Oslo), var en av de mest kjente motstandsmennene under andre verdenskrig. Han er den eneste nordmann som er dekorert med Krigskorset med tre sverd. Sønsteby var opprinnelig fra Rjukan. Foreldrene var Gustav Sønsteby (1885-1960) og Margit født Lien (1888-1964). De flyttet fra Notodden, der Gustav var anleggsarbeider, til Rjukan i 1912. Der ble Gustav ansatt ved Norsk Hydro som håndverker, arbeidsformann og skiftarbeider. Moren var fra Notodden og var utdannet syerske. Familien bodde i Gunnars oppvekst i en toroms leilighet i en av Hydros firemannsboliger. Gunnar hadde en søster.
I motsetning til hva som var vanlig andre steder i mellomkrigstida, var det på Rjukan bevisst lagt til rette for en brei sosial rekruttering til høyere utdanning. Også for arbeiderungdom med lyst og evner i den retning var det naturlig å velge middelskole og gymnas. Gunnar Sønsteby tok artium i 1937. Det dannet seg tidlig et sterkt antinazistisk miljø ikke minst blant skoleungdommen på Rjukan. Les mer …
Atrå kyrkje frå sud. Foto: Per Espeland (mai 2011)
Atrå kyrkje i Tinn stod ferdig i 1836, og vart innvigd av prost og sokneprest Søren Schive 4. september 1836 med fleire av prestane i prostiet til stades. I 1936 var det arrangert eit gildt 100-årsjubileum med biskopen James Maroni som det naturlege midtpunktet. Ein komité med Halvor Gjøystdal, Olav Høgehaug og Anders E. Hedem førebudde festmarkeringa. Dei utarbeidde òg eit hefte med ein gjennomgang av Atrå kyrkjes historie. Gjøystdal skreiv ein liten prolog til festen Les mer …
Luraasbutikken var ein landhandel som var i verksemd i Luråsgrende i Tinn frå 1926 til 1979.Det var Torstein H. Luraas som stod for oppstarten av landhandelen, og han hadde da tidlegare drive med handel på fleire stader og i mange år. Kanskje var han og litt arveleg belasta ettersom far hans hadde drive med skreppehandel bl.a i Sverige. Torstein hadde gått på Treiders handelskole i Oslo og hadde hatt jobb som handelsbetjent i ein forretning der. Han gifta seg med Gunhild Miland i 1902 og kjøpte garden Lurås søndre. Han var med på å starte opp Miland Handelslag, som nemnt involvera i butikkdrift på Dale og som styrar av Østbygdens Forbruksforening. Les mer …
Sørensbjørka vart freda 1917. Ho skal ha ruva godt i terrenget, men kunne ikkje stå imot hardvinden ein julidag i 1942. Foto: Ukjent fotograf/Tinn kommune
Sørensbjørka var eit legendarisk høgt tre som sto i nærleiken av Dugningshaugen i Atrå, Tinn kommune, på prestegarden sin grunn. Treet vart freda ved Kongelig resolusjon 19. januar 1917, men sto støtt enno i 25 år, før det fall under hardvinden sommaren 1942. Bjørka skal på sitt største ha vore omkring 30 meter høg og vel 3 meter i omkrins. Sørensbjørka er også kjent i lokal munnleg tradisjon under namn som Prestebjørka og Rarebjørka. Så vel namnet Sørensbjørka som Prestebjørka peiker attende til treet sitt opphav. Les mer …
Lureåe (Lure, Lura) er ei tverrelv i Austbygde i Tinn kommune i Telemark. Elva har vore drivkraft for ei mengd førindustrielle foredlingsverksemder som kverner, sagbruk og stampe. I dag er Lure kulturminneområde sentrert rundt Lureåe.
Namnet kan i følgje O. Rygh kome av gammalnorsk luđr som var brukt om ulike typar stokkar, særleg om ein bjelke som dannar underlag for kvernsteinar (møllebenk).
Åa renn ut frå fjellvatnet Lufsjå (1214 meter over havet) på grensa mellom Telemark (Tinn) og Buskerud (Nore og Uvdal), og får tilrenn også frå Akslarvatn i Skirvedalen i Tinn. Lureåe renn sørover forbi Lurestaul, gjennom Luredalen og ned dalsida til Austbygde, der ho renn ut i Austbygdåe like ved Tinn Montessoriskole (tidlegare Haukås-Lurås skule). Høgdeskilnaden mellom utspringet frå Lufsjå til utlaupet i Austbygdåe er om lag 300 meter.
Blant verksemdene som har funnest her gjennom tidene, har det vore mange kvernbruk. Les mer …
|